Polen går til andre valomgang – abortlova skaper framleis sterke reaksjonar.

Publisert 30.05.2025 18:17
– Dette valet handlar om retten til å bestemme over eigen kropp, seier polske Aleksandra Nowak (25), som forlét heimlandet og flytta til Norge for å studere.
Søndag 1. juni, når polakkane går til urnene for andre gong, handlar det ikkje berre om kven som skal overta etter president Andrzej Duda. Det handlar om kva retning landet skal ta – ei liberal og EU-vennleg retning, eller vidare i ein konservativ og nasjonalistisk kurs.

Kampen står no mellom to kandidatar:
- Rafal Trzaskowski, liberal borgarmeister i Warszawa og representant for regjeringspartiet Borgerplattformen (PO), fekk 30,8 prosent av stemmene i første runde.
- Karol Nawrocki, konservativ historikar og kandidat for partiet Lov og rettferd (PiS), fekk 29,1 prosent.
Ingen av dei fekk meir enn 50 prosent i første runde av valet i mai, noko som gjer at det blir ein avgjerande andre runde.
Ei uviss framtid
Midt i valkampen har abortlova og kvinners rettar blitt eit symbol på dei djupe skiljelinjene som pregar det polske samfunnet. Under PiS-regjeringa (Lov og rettferd) blei abortlova skjerpa til eitt av dei strengaste i Europa.
Valet står mellom å oppretthalde dette strenge regimet eller liberalisere lova, slik Warszawa-ordførar Trzaskowski og noverande statminster Donald Tusk ønsker.

– Eg kom til Norge for å studere, men planlegg å bli verande og oppleve eit friare liv som ung kvinne, seier Aleksandra.
Ho har utdanning frå Polen innan grafisk design, men ho visste at ho ikkje kunne bygge eit sjølvstendig liv der.
Ho og mange av hennar unge vener i Polen har dei siste åra valt å flytte frå landet, ettersom kvardagslivet for kvinner stadig blir vanskelegare i heimlandet.
– Eg følte meg ikkje trygg i Polen. Eg ville ikkje leve i eit samfunn der staten overvaka kroppen min, seier ho.
Aleksandra deltok i sin første abortprotest som 19-åring. Ho er stolt av den sterke kvinnebevegelsen i heimlande.
– Vi er sterke, vi seier ifrå, og sjølv om dei prøver å ignorere oss, skaper vi trøbbel for dei. Det gjer at regjeringa må reagere.

Kvinnekamp i skuggen av politikk
Polens president har makt til å legge ned veto mot lovforslag – noko noverande president Andrzej Duda fleire gongar har gjort for å stoppe liberale initiativ frå Tusk-regjeringa.

Rafal Trzaskowski kan bli nøkkelen for at regjeringa skal få gjennomslag i sentrale saker som abort, rettsreform og mediefridom.
I 2023, då parlamentsvalet kom, reiste Aleksandra heim for å stemme. Ho seier om eit gryande politisk engasjement blant unge kvinner.
– Det var første gong eg såg folk stå i timelange køar for å stemme. Vi fekk PiS til å tape regjeringsmakta i parlimantet. Det var eit håp.
Ho håpar at valet på søndag kan bli eit nytt vendepunkt – men har ein nøktern optimisme.
– Stemmer betyr noko
Då det polske parlamentsvalet blei halde i oktober 2023, reiste Aleksandra heim for å stemme.
Valet i 2023 var det tiande valet til nasjonalforsamlinga i Polen etter at kommunismen fall i 1989. Dei valde folk til to delar av nasjonalforsamlinga: Sejm (underhuset) og Senatet (overhuset).

– Vi fekk det konservative regjeringspartiet til å tape. Det var første gong eg såg så mange i kø for å stemme.
I parlamentsvalet i 2023 deltok 74,4 prosent av dei stemmeberettiga i Polen.
– Polen ser ut som andre europeiske land på overflata. Men mentaliteten ligg langt etter. Vi treng ei endring, seier Aleksandra.
Ho håpar no at ny politikk kan føre til endringar – men har også ei realistisk tilnærming.
– Eg har ikkje store forventningar. Men eg håpar på ei endring. På at kvinner blir høyrde. Eg håpar at retten til å bestemme over eigen kropp kjem tilbake.
Ho understrekar:
– Stem. Uansett kor liten du føler deg – di stemme betyr noko. Endring er mogleg.