Advarer veslebror mot å gå i velkjent felle: – Kan få det litt tøft

5 days ago 17



Det kan bli litt langt.

Slik samanfattar Filip Ingebrigtsen halvmaratonen som både han og veslebror Jakob Asserson Ingebrigtsen skal springe søndag.

For løpestjerna gir seg ut på ukjent farvatn når han skal forsere dei 21,0975 kilometrane i Københavns gater. Ingebrigtsen har aldri sprunge over 20 kilometer i livet, og aldri over ti kilometer i konkurransar.

Nå kjem storebroren med ei tydeleg åtvaring.

Viss han blir med dei ordentlege gutane der framme så trur eg han kan få det litt tøft på slutten, seier Filip Ingebrigtsen til NRK.

  • Sjå København halvmaraton med Jakob Asserson Ingebrigtsen på NRK1 frå klokka 09.30 søndag.

Han kjem også med ein spådom om at det er femti-femti om veslebroren spring over målstreken.

For det er sett opp til eit durabeleg tempo, nærare bestemt til verdsrekord på distansen. I løpet kjem han til å møte verdsrekordhaldar Jacob Kiplimo frå Uganda og verdsmeister Sabastian Sawe.

Den nåverande verdsrekorden er på 57,31 minutt. Det svarer til ein fart på 21,95 kilometer i timen, ein fart som vanlege tredemøller ein gong ikkje kjem opp i.

Det beste er negativ splitt der du opnar konservativt og har mykje å springe med på slutten. Men ofte blir det motsett fordi ein får litt overtenning, seier Filip Ingebrigtsen.

Athletics, Bislett Games, Press Event

ÅTVARING: Filip Ingebrigtsen er tydeleg på kva feller som må unngåast under den NRK-sende halvmaratonen søndag.

Foto: FREDRIK VARFJELL / BILDBYRÅN

Ikkje i nærleiken

Hovudpersonen sjølv, Jakob Asserson Ingebrigtsen, kjenner også på ei usikkerheit før han skal ut i Københavns gater.

– Eg spring ofte 10 eller 12 kilometer terskel i løpet av ei økt, to gonger om dagen, så det blir på ein måte ein halvmaraton i løpet av ein dag. Men det er jo ikkje i nærleiken av det det er snakk om i morgon, seier Jakob Asserson Ingebrigtsen til NRK.

– Er du nervøs?

– Absolutt, svarer han.

Jakob Asserson Ingebrigtsen på pressekonferanse før København halvmaraton

ETTERTRAKTA: Jakob Asserson Ingebrigtsen er eit av dei største namna i friidrettsverda – når han nå stiller på halvmaraton er det sjølvsagt mange som vil ha ein bit av han da òg.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Løpet skal skje berre to dagar etter at han sprang inn til siger i Diamond League-finalen på 1500 meter i Brussel.

Det er ikkje løpestjerna så bekymra for. Det han derimot er bekymra for er smertene som kjem undervegs i løpet.

– Det er framleis nokre timar til, og eg håpar eg får litt søvn, så eg kan ikkje bli nervøs for tidleg. Men eg blir nervøs av laktat-smerta (melkesyre). Når eg begynner å kjenne smerta og blir sliten, så er det ein slags nervøsitet undervegs, seier Jakob Asserson Ingebrigtsen, som legg til at han ikkje aner om han kan vinne løpet.

ROCKESTJERNER: Rett før OL lanserte Ingebrigtsen-brørne ein musikkvideo – som fekk ei blanda mottaking i OL-landsbyen av dei norske utøvarane.

– Kjem ikkje til å bremse han

Når smertene melder seg, kan det vere ei trøyst at han ikkje er aleine om det. Ved sida av seg skal Jakob Asserson Ingebrigtsen altså ha med seg storebroren.

Han stiller som hare og skal sørge for å halde veslebroren i taumane.

– Eg kjem ikkje til å bremse han, men eg skal prøve å moderere det litt, seier Filip Ingebrigtsen.

– Kva slags rekordar trur du han er kapabel til å ta?

– Eg tippar han tar familierekorden, svarer han.

– Fleire rekordar?

– Ja, det er jo mange rekordar, men eg trur personleg rekord må vere første pri. Komme seg til mål og kjenne korleis det er. Det kan bli litt langt, seier Filip Ingebrigtsen.

Athletics, Boysen Memorial

FARTSHOLDER: Smila kjem nok ikkje til å sitte så laust som på dette bildet undervegs i løpet i morgon. Her frå Boysen Memorial i 2022 kor duoen sprang 800 meter.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

Jakob Asserson Ingebrigtsen seier han må sjå an om han klarar å henge på den varsla rekordfarten.

– Dei første minutta vil nok elitefeltet følge verdsrekordfarten. Sånn er det alltid. For mange av oss vil vi nok da fort skjønne om det er for fort eller for sakte. Det blir definitivt ei utfordring, seier han.

Publisert 14.09.2024, kl. 21.16

Read Entire Article