- Taktisk røystgjeving har blitt et hett tema i årets stortingsvalg.
- Fenomenet innebærer at velgere låner røsten sin til et parti de kanskje bare liker moderat, men som er bedre posisjonert til å påvirke valgresultatet.
- Kritikere advarer mot taktikeri, men det ligger innenfor etisk og demokratisk praksis.
professor i politisk historie ved Universitetet i Bergen
Fenomenet er på ingen måte nytt, og det er ikkje sikkert at vi har meir av dette no enn ved dei føregåande vala, men det har iallfall blitt ein av dei store snakkisane ved dette stortingsvalet:
Det handlar om taktisk røystgjeving.
Slik omgrepet oftast vert brukt og forstått, inneber det at du som veljar sviktar partiet du eigentleg soknar til.
I staden lånar du røysta di til eit parti du kanskje likar sånn passeleg, men som like fullt er til å lite på i viktige spørsmål – og som er i ein tydelegare kampposisjon.
Tanken er at du skal få mest mogleg utteljing for valhandlinga di.
Og kanskje er det nettopp di røyst som løftar eit parti tilstrekkeleg høgt opp til å sikre ekstra mandat, og som samstundes sikrar at regjeringsalternativet du heiar på går sigrande ut?
I prinsippet er det iallfall mogleg.
Når taktisk røystgjeving vert diskutert, er det oftast nettopp med utgangspunkt i sperregrensa, som definerer kva parti som skal få forsyne seg av potten med 19 utjamningsmandat.
Premissen er gjerne at veljarane ut frå politisk overtyding høyrer heime i eit større parti, men medvite vel eit anna og mindre parti som høyrer heime i det same politiske nabolaget, for å løfte det over sperregrensa.
Dette inneber igjen at «sperregrensepartia» vert kunstig store.
I den verkelege verda er fenomenet taktisk røystgjeving meir komplekst.
Premissen om at veljarar har eitt «eigentleg» parti som dei sviktar fordi dei tenkjer meir på taktikk enn på politikk, er ofte problematisk.
Visst finst det veljarar som er gifte med partiet sitt, men i våre dagar er det langt vanlegare å vere på vandring.
Mange opererer ein med to, eller kanskje eit heilt knippe av parti som ein under gjevne føresetnader kunne tenkje seg å røyste på.
Dessutan er det i praksis ofte uråd å avgjere kvar den politiske overtydinga byrjar og sluttar, og kor tid taktiske omsyn får overtaket.
Noko som igjen har samanheng med at taktiske vurderingar heng uløyseleg saman med grunnleggjande politiske haldningar.
Difor kunne det nok vere meir tenleg å sjå forholdet mellom taktisk røysting og det vi kanskje kan kalle samvitsrøysting som ein glideskala enn som to tydeleg skilde kategoriar.
I diskusjonen kring taktisk røystgjeving, synest det òg som om mange overser at partia rundt sperregrensa ikkje berre vinn, men også tapar taktiske røyster.
Livet rundt 4 prosent-streken fører ikkje berre til mobilisering, men også til demobilisering – og motmobilisering:
Om du har eit særleg godt auge til eit sperregrenseparti, men trur kampen mot sperregrensa uansett er tapt, vil taktiske vurderingar gjerne få deg til å gje røysta di til nokon annan.
Og dei same sakene som får taktiske veljarar til å samle seg rundt eitt parti, kan få andre til å flykte frå det same partiet.
Det ser vi også i årets valkamp.
Politiske konkurrentar gjer iallfall sitt beste for å påverke veljarane til sperregrensepartia, og gje dei kalde føter: Har de verkeleg tenkt på kven de kan få som statsminister om de røystar ut frå politisk overtyding?
For å forstå kva rolle taktisk røystgjeving har, er det også viktig å vere merksam på at alle parti prøver å appellere til og lokke til seg taktiske veljarar, også dei aller største.
Det er nemleg ikkje berre kring sperregrensa at taktikken gjer seg gjeldande. I alle landets 19 valdistrikt er det kamp på kniven om å knipe dei siste distriktsmandata.
Viser meiningsmålingane at kampen står mellom ein blå og ein raud kandidat, slik det ofte gjer – ja, då kan du vere sikker på at kampkandidatane ikkje har nokon skruplar:
Dei brukar dette rått som eit argument for å lokke til seg taktiske veljarar frå andre parti i same blokk.
Frå mange hald høyrer vi i dag åtvaringar mot å røyste taktisk – iallfall frå aktørar som fryktar at dei sjølve kan tape meir enn dei tener på slik veljaråtferd.
Argumentet er gjerne at taktiske røyster er problematisk ut frå etiske eller prinsipielle grunnar. Idealet er at vi røyster ut frå samvitet uansett.
Taktiske røyster er eit uttrykk for ei utspekulert og kalkulerande åtferd, og i strid med demokratiets ånd, kan ein få inntrykk av.
Dette argumentet vil eg meine at dei fleste kan ta lett på. Det er du sjølv som veljar som veit best kva og kven som tener dine eigne politiske interesser.
Om du som veljar er mest oppteken av å maksimere den politisk innverknaden gjennom den eine røysta du har, er dette uttrykk for ei realpolitisk tenking som er heilt normal, og etisk sett på trygg grunn.
Men det finst ein heilt annan grunn til at du bør tenkje deg om før du legg avgjerande vekt på taktiske omsyn – nemleg at det til sjuande og sist kan vise seg å vere lite taktisk.
Ein føresetnad for at det er mogleg å gjere eit taktisk lurt val, og dermed få å maksimal effekt av røysta di, er at du har kunnskap om korleis alle dei andre veljarane oppfører seg.
Sjølv om meiningsmålingar i sum gjev oss eit hovudbilete av styrkeforholdet partia imellom, sprikar dei, og dei gjev iallfall ikkje grunnlag for å tru at du med kirurgisk presisjon kan plassere røysta di nett der ho gjev størst nytte.
Og politikarane skal du ikkje høyre på, når du vurderer kva som er taktisk lurt:
Mange av dei har ein tendens til å overdrive moglege gevinstar av eit taktisk val til deira eiga fordel.
Blant dei mange og ofte sprikande meiningsmålingane vil dei skamlaust plukke ut den eine som syner at dei er millimeter ifrå å knipe eit ekstra mandat – no treng dei berre di hjelp!
Så, bør du velje taktisk? Eg har ikkje noko eintydig råd.
Moralsk sett er det heilt innanfor, og om du uansett har fleire moglege parti på blokka, er det naturlegvis ikkje noko i vegen for at du gjev ein ekstra puff til eit parti som kjempar om eit sistemandat, eller som så vidt kan klare å løfte haka over sperregrensa.
Men du bør vere kritisk til alle som prøver å fortelje deg kva som er taktisk rett, og ha realistiske forventningar til kva bidraget ditt betyr.
Når valresultatet ligg føre, kan det tenkjast at du innser at det mest taktiske hadde vore om du røysta i tråd med di eiga overtyding.