Å springe er trendy, både på internett og i verkelegheita

2 weeks ago 25



Sveitten renn, smila er store og bildebeviset sikra.

Søstrene Vita og Wanda Mashadi spring seks av sju dagar i veka, og delar treningsøktene med følgjarane sine på Snapchat, Instagram og ikkje minst treningsappen Strava.

– For oss er det naturleg å dele det meste, men det er kjekt med heiarop også, seier Vita.

Begge har godt over 100.000 følgjarar på Instagram.

1. mai skal påverkarane delta i sitt første konkurranseløp. Dei skal springe Grue Halvmaraton i Solør.

– Eg har ikkje sove på fleire dagar, seier Wanda.

Dei er ikkje aleine om å vere hekta på springing. I 2023 var springing den mest opplasta treningsaktiviteten på Strava. Appen let deg loggføre treningsøktene dine og dele dei med andre.

– Eg er nesten like mykje på Strava som Instagram, og skrollar og skrollar, seier Wanda.

3.200 fleire stilte til start

Trenden viser igjen på deltakarlistene. Fleire løp kan i år skilte med rekordmange påmelde.

Innanfor ein månad går både Sentrumsløpet, Bergen City Maraton og Holmenkollstafetten av stabelen.

I år var nesten halvparten av dei som stod på startstreken til sentrumsløpet under 35 år. Det er ei auke på 2,5 prosent sidan fjoråret.

Årets utgåve vart det mest folkerike på 30 år.

– Dette er ei treningsform som er enkel å få inn i kvardagen, uansett om den er travel eller ikkje, seier arrangementsansvarleg Simen Wifstad.

Han trur også slike som Vita og Wanda bidreg til at fleire testar ut treningsforma.

– Fleire viser løping i sosiale medium, og ufarleggjer det litt. Det kan nok også spele inn.

Sentrumsløpet i 2018.

Det var endå fleire deltakarar i år, men også i 2018 var det folkerikt under Sentrumsløpet i Oslo.

Foto: NTB

Samtidig som 13.000 deltakarar stod på startstreken i Oslo, samla 14.800 menneske seg for å springe Bergen City Maraton. Det er 3.200 fleire enn i fjor.

– Vi ser ei ny «springebølge», seier arrangør Roger Gjelsvik.

Han trur fleire ting bidreg til at fleire og fleire hiver seg på.

– Det er ein enkel aktivitet som krev lite utstyr, og sosialt på arrangement. Gode og store arrangement aukar mest.

Også Holmenkollstafetten kan skilte med rekord i år. Meir enn 72.000 deltakarar er påmelde. Ifølgje arrangørane er dei verdast største løpsarrangement i 2024.

L8WxbhFVTZA

Therese Johaug under Holmenkollstafetten i 2021.

Foto: NTB

Deling gir motivasjon

Også dei treningsglade søstrene trekk fram kor enkelt det er.

– Ein treng berre joggesko, og noko på øyret. Ein får meistringskjensle, og angrar aldri etterpå.

Dei legg ikkje skjul på at god respons bidreg til ekstra motivasjon.

– På ein dårleg dag hjelp det veldig, seier Vita.

Klokke, Vita Mashadi

Pulsklokkene er hyppig dokumentert på søstrene sine kontoar.

Foto: Privat

Dei fortel om godt vaksne damer og menn som har kontakta dei etter å ha kome seg ut på sin første løpetur på 10–15 år.

– Fordi dei har sett at vi gjer det kvar dag, seier dei.

– Korleis kome seg over dørstokkmila?

– Ha noko godt på øyret, og ha ein avtale. Då er det vanskeleg å avlyse.

– Og å dele det på sosiale medium?

– Ikkje minst!, ler dei.

Vita Mashadi

Vita Mashadi delar alle treningsøkter med følgjarane sine. Denne veka deltek ho i sin første konkurranse.

Foto: Privat

1.mai deltek dei i sitt første løp. Målet er å springe ei mil på under 45 minutt. Begge kjenner på nervane.

– Eg gruar meg skikkeleg, seier Vita.

Wanda har ikkje sove på fleire dagar.

– Ein blir jo heilt «gærn», seier ho.

Publisert 30.04.2024, kl. 11.38

Read Entire Article