Arkiv
Vi reiser tilbake i tid til då ein reiste med hest og slede.
Arkiv
Arkiv
Og klipte opp brunsukker til julekaffien.
Dette er nokre av juleførebuingane Trygve Hoff viste fram frå «gamle dagar» i adventskalenderen «Lys i mørketida».
Mot lyset og adventstida blir Trygve Hoff og Nordnorsk julesalme heidra.
Ine-Sofie Bruhaug
Damene i kofte varmar opp.
Ine-Sofie Bruhaug
Tre kor og eit hornorkester skal heidre den gamle adventskalenderen og songane som kom med han.
Ein av songane som framleis blir spela, er Nordnorsk julesalme.
Songen er kjend og kjær for store og små.
– Eg hugsar kalenderen frå TV, tenk at det er 40 år sidan.
Arkiv
Kalenderen blei spelt inn på bygdetunet i Saltdal i Nordland.
Arkiv
Og var delt i fire episodar, sende kvar søndag i advent i 1985.
Framsyninga skal vere ei ny og oppdatert adventsforteljing. I tillegg skal ho løfte fram Trygve Hoff.
– Vi meiner at Trygve Hoff er ein nasjonal storleik. Han hadde eit rikt låtmateriale og dikting.














English (US)