– Politiet har ingen opplysningar eller spor på staden som tilseier at personar er i eller er tatt skredet, melder operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt klokka 12.
– Ressurstilfanget blir tatt ned, mens det no går føre seg hundesøk i skredet, held han fram.
Skredet skal ifølgje politiet ha gått i sjølve skianlegget i Myrkdalen i Vestland.
Skredet skal vere mellom 40 og 50 meter breitt, og kring 100 meter langt.
Like etter hendinga fortalde operasjonsleiar Dan Erik Johannessen ved Vest politidistrikt at det ikkje var gjort observasjonar av at nokon er tekne av skredet. Ingen var meldt sakna heller.
– Mannskap frå skianlegget sin skipatrulje på staden. Dei har søkarutstyr med seg. Det blir arbeidd med å avklare om nokon er tekne, sa Johannessen.
To skredsøkarar utløyste
Det har vore utslag på to skredsøkarar.
– To signal frå ulike søkarar er utløyst, seier Helge Lund vaktkommandør i 110-sentralen Vest klokka 11.45.
Luftambulansen var då på staden. Voss brann og redning var på veg, det same var USAR frå Bergen.
Men i 12-tida melder 110-sentralen at brannresurser returnerer frå staden.
– Øvrige ressursar har noko mannskap att. Ingen funn av sakna meldt, skriv 110-sentralen på X.
Voss Røde Kors Hjelpekorps var blant dei som var raskt på staden med ei snøskredgruppe. I tillegg var det frivillige med kompetanse på snøskred.
Raset kan ha gått tidlegare
Lund fortel at dei undersøker kor vidt raset har gått tidlegare på måndagen.
– Vi er i den fasen at det er mogleg raset kan ha gått tidlegare i dag. Det er litt uvisse rundt det. Vi må avvente kva dei konkluderer med der oppe, seier vaktkommandøren i 110-sentralen vest.
Det er gult farevarsel for snøskred i store delar av Vestland i dag. Ifølgje politiet skal det ikkje vere stor fare for nye skred.
Publisert 23.12.2024, kl. 11.13 Oppdatert 23.12.2024, kl. 12.22