300.000 laks døydde – Mattilsynet la vekk saka

6 hours ago 4



I fjor haust gjekk det gale i eit oppdrettsanlegg ved Stad i Nordfjord.

Kort tid etter avlusing begynte laksen å døy i hopetal.

Fisken hadde store problem med gjellene og fekk ikkje nok oksygen.

På nokre veker døydde nær 300.000 oppdrettslaks.

I enkelte av merdane døydde nesten halvparten av all fisken.

Mattilsynet reiste på tilsyn då anlegget vart slakta ut. Dei vart møtt av tydeleg svekka laks:

I vatnet var det oppblomstring av skadelege algar. Dette viste seg å vere hovudårsaka til sjukdommen.

Det tok likevel fem veker før all fisken var slakta ut.

– Den fisken har lidd ganske lenge, seier veterinær og professor emeritus Trygve Poppe.

Mowi Rundereimstranda

Mowi meiner dei slakta ut fisken så raskt som mogleg.

Foto: Mattilsynet / NRK

Etter at all fisken vart slakta, bestemte Mattilsynet å legge vekk saka.

«Vi vil ikkje gjennomføre ein dokumentkontroll i denne saka», skreiv Mattilsynet i ein e-post til Mowi.

Det vart siste ord.

No erkjenner Mattilsynet at fisken ikkje hadde det bra.

– Dette var ei svært alvorleg hending, seier leiar Barbo Klakegg i sjø-avdelinga i Mattilsynet til NRK.

Barbo Klakegg

Barbo Klakegg i Mattilsynet slår fast at hendinga var svært alvorleg.

Foto: Roar Halten

Sjølv om den konkrete saka ikkje fekk eit etterspel frå Mattilsynet, vart hendinga del av ein større revisjon av selskapet.

Same rettsvern som sau og ku

I utgangspunktet har oppdrettsfisk det same rettsvernet som husdyr på land – til dømes sauer eller kyr.

Lova krev at fisken skal bli avliva når det er naudsynt.

No har stiftelsen Dyrevernalliansen meld saka til politiet. Dei meiner Mowi braut lova når dei ikkje slakta fisken tidlegare.

– Når det blir så alvorleg som dette, så må nokon reagere, seier fagleiar og zoolog Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Mowi: Slakta så raskt som mogleg

NRK har lagt fram skuldingane for Mowi, som er verdas største oppdrettsselskap.

Selskapet tek politimeldinga til etterretning, og dei vil avvente politiet si behandling av saka, skriv kommunikasjonsdirektør Morten Bertelsen.

Hvit pappesker merket "MOWI" i en lagerbygning. Tre personer kjører palletrucker i bakgrunnen. Lageret har brune betonggulv og lyskilder i taket. Paletrackerne er røde og betjenes av personer iført blå klær og hjelm. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mowi er verdas største oppdrettsselskap. Her frå eit anna høve.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Slike manet- eller algeangrep skjer svært sjeldan, men når dei oppstår, går det diverre utover fiskens velferd fordi den får problem med gjellene. Vi beslutta å avlive og slakte ut fisken så raskt som mogleg, skriv Bertelsen.

Han legg til at slike hendingar er utanfor deira kontroll, men at det er viktig å handtere dei så godt som mogleg.

– Det er dramatisk og tøft for dei tilsette som jobbar tett på fisken i kvardagen. Dei tilsette på Rundereimstranda og våre samarbeidspartnarar handterte hendinga godt.

Mowi Rundereimstranda

Mowi seier at slike hendingar er svært krevjande for dei tilsette. Politimeldinga frå Dyrevernalliansen er retta mot Mowi som selskap, og ikkje dei tilsette på Rundereimstranda.

Foto: Mattilsynet / NRK

Laksedøden tok til i veke 33. I veke 35 vart to merdar slakta ut. Dei resterande fem merdane vart slakta ut i veke 37.

– Kan det vere lønnsamt

Avdelingsleiar Klakegg i Mattilsynet vil ikkje slå fast om Mowi gjorde rett eller gale.

– Men det kan godt hende at Dyrevernalliansen hjelper oss med å få belyst denne saka betre og meir inngåande.

Dyrevernalliansen meiner Mowi kan ha tatt eit aktivt val om å ikkje slakte fisken raskt – med mål om å tene pengar.

– I dag kan det vere lønnsamt å la sjuk og svak fisk leve vidare. Årsaka er den høge kiloprisen på laks. Derfor kan det lønne seg å la laksen vakse seg så stor som mogleg, slik at ein får fleire kilo laks å selje, seier Lybæk.

Mowi har ikkje svart på denne påstanden.

Skjer «relativt hyppig»

Totalt 54,9 millionar laks døydde i norske oppdrettsanlegg i fjor. Det var 14,9 prosent av all fisken.

Mowi meiner algeoppblomstring, som i Rundereimstranda, skjer «svært sjeldan».

Mattilsynet seier derimot at det er «relativt hyppig på Vestlandet og i Sør-Noreg», sjølv om konsekvensane her vart uvanleg store.

Mowi Rundereimstranda

Mattilsynet var på tilsyn same veke som anlegget vart tømt heilt.

Foto: Mattilsynet / NRK

Professor Poppe er heller ikkje overraska over det som skjedde.

– Det er jo meiningslaust når enkelte oppdrettarar seier at dei er blitt utsett for eit algeangrep. For angrep er det ikkje, dette er organismar som skal vere der. Av og til er det oppblomstringar. Det kjem til å oppstå igjen og igjen, det er det einaste som er heilt sikkert.

Melder nesten aldri milliardindustrien til politiet

Det er svært sjeldan at Mattilsynet melder oppdrettssaker til politiet. Langt hyppigare går dei til sak mot bønder.

Det er oftast lettare å bevise kva som har skjedd i eit fjøs enn i ei laksemerd, ifølge avdelingsleiar Klakegg.

– Det går mykje på ressursbildet og kompleksiteten i sakene, seier ho.

– Vi tenker oss kanskje om fleire gonger før vi går til politimelding innan akvakultur, enn vi gjer på andre dyrevernsaker på land.

Mowi Rundereimstranda

Foto: Mattilsynet / NRK

Politiet stadfester at dei har fått saka.

– Vi vil gå igjennom saka og vurdere om det skal bli etterforska, seier påtaleansvarleg Sigrid Sulland i Vest politidistrikt.

Ho legg til:

– Diverre er det for liten kapasitet på avsnittet som etterforskar miljøsaker for augeblinken. Det handlar om bemanning og om budsjett. Det er vanskeleg å seie når vi eventuelt vil kunne starte ein etterforsking, seier Sulland.

Publisert 13.04.2026, kl. 05.39

Read Entire Article