270 lokalpolitikarar har forlate partiet sitt sidan valet i 2023

2 weeks ago 8



– Eg har mange gongar spekulert på kva som gjorde at eg melde meg ut av Høgre. Eg har kome fram til at det må vere kulturskilnadane mellom partiet i Molde og det som eg opplevde i Nesset.

Arild Inge Svensli har vore lokalpolitikar for Høgre sidan 1980-talet. Mesteparten av tida i Nesset kommune.

I 2020 blei Nesset ein del av storkommunen Molde. Svensli heldt fram som lokalpolitikar for Høgre også i den nye kommunen.

Men hausten 2024 fekk han nok. Svensli melde seg ut av Høgre etter ein intern konflikt om eit styreleiarverv. No har han meldt seg inn i Senterpartiet.

– Eg har kome til at Senterpartiet er det partiet her lokalt som matchar best det synet eg har, og det gjeld særleg i bygdepolitikken.

Arild Svensli (uavh.) i Molde kommunestyre

Førebels sit Arild Inge Svensli som uavhengig politikar i kommunestyret i Molde, men han har byrja å møte på gruppemøta til Senterpartiet.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Politikarflukt frå partia

Arild Inge Svensli er ikkje noko eineståande tilfelle. NRK har saumfare alle kommunane og fylkeskommunane i landet. Resultatet er oppsiktsvekkande.

Heile 260 politikarar med fast plass i kommunestyret eller fylkestinget har meldt seg ut av partiet sitt sidan valet i 2023. I tillegg er 11 ekskluderte eller suspenderte.

Dette er ein kraftig auke frå september 2024 då kring 80 lokalpolitikarar hadde forlate partiet sitt.

Politikarflukten frå Industri- og næringspartiet (INP) bidrar til å dra opp talet på utmelde politikarar. Men også i Høgre er det mange som har meldt seg ut. Dei to partia står for kring halvparten av utmeldingane.

– Partia kan ha mista litt grepet

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda er overraska. Han meiner talet på utmelde lokalpolitikarar er høgt.

Folkestad peikar på ein stadig pressa kommuneøkonomi som éin grunn til at mange lokalpolitikarar melder seg ut. Økonomien tvingar fram upopulære vedtak som skaper mykje bråk og konfliktar.

Men Folkestad peikar og på ei anna mogleg forklaring. Det som bind parti og politikarar saman, kan ha blitt svekka.

– Det kan vere eit uttrykk for at partia har mista litt grepet både om veljarane og dei representantane som dei har.

Valgforsker Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner talet på utmelde politikarar er høgt.

Foto: Trond Vestre / NRK

I fleire tilfelle har utmelde politikarar ført til at det som blei eit fleirtal i kommunestyret etter valet, har gått tapt. Det kan føre til ein situasjon der veljarane har stemt på ein ting og fått noko anna.

Spørsmålet er om dette svekker tilliten til politikarane.

– Det kan det gjere. Men lokalpolitikken handlar både om personar og parti. For oss veljarar er det kanskje viktig at vi har politikarar som står for sine eigne meiningar, og gjer det fullt ut.

Frå Høgre til Venstre

69 av dei utmelde har funne seg eit anna parti. Ein av dei er John Magne Bjerga. I 2023 blei han valt inn for Høgre som fast medlem av kommunestyret i Froland i Agder.

Men i februar 2024 var det slutt. John Magne Bjerga meldte seg ut av Høgre og tok sete i kommunestyret som uavhengig politikar.

Det skjedde etter at han kom på kant med lokalpartiet sitt i ei sak som skulle opp i kommunestyret.

– Det blei foreslått ein utvalsmodell som eg meinte kommunen ikkje hadde råd til. Det er feil å bruke pengar ein ikkje har. Eg kan ikkje stemme for noko eg ikkje kan stå inne for sjølv.

John Magne Bjerga (V) i Froland kommunestyre

John Magne Bjerga i Froland kommunestyre melde seg ut av Høgre og inn i Venstre.

Foto: Privat

Bjerga meiner at i saker som ikkje er programfesta, må politikarar kunne følgje si eiga overtyding om kva som er best for kommunen.

Livet som uavhengig politikar varte ikkje lenge. Nokre månadar seinare melde han seg inn i Venstre.

Men Venstre stilte ikkje til val i Froland i 2023. No fekk partiet likevel plass i kommunestyret, etter at Bjerga melde seg inn.

– Det var sånn det blei. Det var det som blei rett for meg i den situasjonen eg hamna i. Og Venstre har alltid vore nummer-to partiet mitt. Det er ikkje så stor skilnad mellom Høgre og Venstre.

I Molde har ikkje fleirtalet gått tapt, men det har skrumpa inn etter at Arild Inge Svensli meldte seg ut av Høgre.

No startar eit liv som medlem av Senterpartiet. Men han er usikker på om han har blitt senterpartist i hjartet sitt.

– Det veit eg ikkje enno. Det må eg sjekke ut. Men eg går på gruppemøte og trivst veldig godt.

Publisert 11.11.2025, kl. 05.11

Read Entire Article