26.000 kr forskjell i kommunale avgifter: – Ikkje sett større skilnadar

2 hours ago 2



Ferske tal frå Huseiernes Bokostnadsindeks viser stor spreiing mellom dei kommunale avgiftene til kommunane.

Altså prisen innbyggjarane betaler for vatn, avløp, renovasjon og feiing.

I Årdal kommune i Sogn ligg dei kommunale avgiftene på kr 12.184, som er lågast i landet.

– Vi er heldige her i Årdal. Vi er fornøgde, seier småbarnsfar og huseigar i Øvre Årdal, Morten Sortland.

Til samanlikning ligg snittet i landet på kr 18.907. Store bykommunar som Bergen, Tromsø og Trondheim ligg litt under gjennomsnittet, mens Oslo ligg litt overe med 20.374 kroner.

Slik er dei kommunale avgiftene i dei store byane (pluss Årdal og Marker):

Marker kommune i Østfold ligg på 38.570 kr. Ein prisforskjell på 26.386 i høve til Årdal.

Vi har ikkje sett større skilnader tidlegare, fortel distriktsleiar Jan Eirik Mardal i Huseierne, avdeling Sogn og Fjordane.

Finn din kommune her:

I Marker bur det færre innbyggjarar spreidd, medan dei i Årdal bur meir konsentrert.

Forskjellane kjem særleg av utfordringar med vatn og avløp, der Marker har veldig høge avgifter og Årdal låge, seier Mardal.

Jan Erik Mardal i portrett

Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund

Foto: Thomas Bruun / NTB

Bur tett effektiv drift

Sjølv om avgiftene er låge i Årdal kommune, står ikkje det i vegen for kvaliteten.

– Årdal yt gode tenester, som både er effektivt og billig. Vi har vel eit av landets beste drikkevatn, fortel innbyggjar Sortland.

Morten Sortland ved heimen sin i Årdal

– Vi har vel eit av landets beste drikkevatn, seier Morten Sortland i Årdal.

Foto: Privat

Dei siste seks åra har avgiftene i Årdal dobla seg. Desse kan auke vidare i takt med nye investeringar, men Sortland er ikkje bekymra.

– Ei auke for å nå nye krav på vatn- og reinseanlegg har nok folk her forståing for.

Dei kommunale avgiftene fordelar seg slik; renovasjon (4351 kr), vatn (3782 kr), avløp (3391 kr) og feiing (659 kr).

Årdal kommune ligg inst i Sognefjorden i Vestland fylke.

Ordførar i Årdal, Christian Sønstlien, er godt nøgd med situasjonen i si eiga kommune og seier det er fleire faktorar til at dei ligg så lågt.

– Det er vi stolte av. Vi har investert smart og har gode grunnvasskjelder. Vi bur veldig tett så det blir effektivt å drifte slik type tenester.

Må investere i nye anlegg

I Marker kommune ligg avgiftene vesentleg høgare, på 38.570 kr

Fungerande kommunedirektør i Marker kommune, Vidar Østenby, fortel at dei helst ikkje skulle vore i toppen, men at dei ikkje har noko val i dagens situasjon.

– Vi må oppfylle eit reinsekrav, ha god vassforsyning og reserveforsyning. Og vi er ikkje så mange abonnentar å fordele kostnaden på.

Marker sine avgifter er fordelt slik: Avløp (20.378 kr), vatn (12.559 kr), renovasjon (5041 kr) og feiing (591 kr)

Langs med svenskegrensa ligg Marker kommune i Østfold fylke.

Dei siste seks åra har kommunen hatt ei auke på over 23.000 kr. Det kjem av nye oppgraderingar.

– Vi har investert over 200 millionar kroner i eit nytt reinseanlegg som snart står ferdig. Dei kommunale avgiftene vil dessverre stige litt til før dei flater ut.

Reinseanlegg

Nye Bommen reinseanlegg på Ørje i Marker kommune, som har kosta over 200 millionar å gjere ferdig.

Foto: Privat

Prisen kan skyte i vêret

Norske kommunar står overfor store investeringar for å møte EU-krav knytt til vatn, avløp og reinsing dei neste åra.

Ein rapport Miljødirektoratet har fått laga viser at det vil kunne koste 33 milliardar kroner i investeringskostnader å møte dei nye krava.

Ifølge rapporten må til saman 142 kommunar investera i oppgradering eller nybygging. Det handlar om rundt tusen reinseanlegg fordelt på om lag 500 tettstader.

En gruppe bygninger med et felt i bakgrunnen

Alvim reinseanlegg i Sarpsborg kommune fekk ein prislapp på 1,65 milliardar kroner. Det har ført til ei auke i dei kommunale avgiftene i kommunen sidan 2022.

Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRK

I tillegg vil meir ekstremvêr mange stader føre til at infrastruktur må oppgraderast for å ta unna vatnet.

– Det er eit enormt investeringsbehov og etterslep på vedlikehald i vatn- og avløpssektoren, fortel Mardal i Huseierne.

Trass låge kostnader i Årdal per no, er ordførar Sønstlien ærleg på at kostnadane kan bli større kommande åra.

– Det handlar om korleis ein skal reinse avløp, og der må Noreg og EU lande eit direktiv. For reinseanlegga kan bli dyre.

Publisert 08.11.2025, kl. 11.38

Read Entire Article