196 studentar fekk eksamen annullert

1 month ago 23



– Når studentar har eksamen som krev at vi veit at dei ikkje har samarbeidd, blir eksamenane deira dessverre annullerte, seier kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Agder Øivind Dagsvik Eskedal.

Han forklarer hendinga som førte til at 196 studentar ved universitetet får eksamen annullert.

Årsaka er at brannalarmen gjekk i nokre av bygga på Campus Kristiansand fredag.

Alarmen gjekk like etter klokka ti.

– Ein feil

Eskedal seier alarmen kom av ein feil.

– Det var rett og slett ein feil som er knytt til ombyggingsarbeid i gamle lokale. Ein skulle kople til ein brannalarm som hadde vore kopla ut i samband med bygging. Då gjekk brannalarmen med ein gong.

Universitetet beklagar det som har skjedd.

– Er det noko vi ønsker, er det at studentane skal ha gode føresetnader og føreseielege eksamenar, seier Eskedal.

Øivind Dagsvik Eskedal, kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Agder.

Kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Agder Øivind Dagsvik Eskedal, beklagar hendinga.

Foto: Universitetet i Agder

– Korleis blir vegen vidare for studentane som er råka?

– Studentane får i dag informasjon om kva dette betyr og kva rettar dei har. Så vil vi følgje dei opp så snart som mogleg med ei ny tid for eksamen.

Publisert 31.05.2024, kl. 12.56

Read Entire Article