14-åring sikta for drapsforsøk – knivstukken mann også sikta

1 week ago 12



Mannen i 50-åra har fortald politiet at fem ungdommar i finlandshetter gjekk til åtak på han i skogholtet. Men møtet var avtalt.

Publisert 17.06.2024 15:37 Sist oppdatert 5 minutter siden

I ei pressemelding skriv politiet at dei no har sikta ein 14 år gamal gut for drapsforsøk etter hendinga fredag kveld.

Ein mann i 50-åra ringde politiet og fortalde at han var blitt angripen av fem ungdommar i finlandshetter. Han hadde stikkskadar i handa og i halsen.

Knivstikkinga skjedde i eit skogholt i sognebygda Gaupne, i Luster kommune. Fem gutar i tenåra har vore sikta for grov kroppsskade eller medverknad til det.

No har altså politiet oppjustert siktinga mot ein av dei. Men også den fornærma mannen er no sikta.

Skal ha avtalt møte om sex

Mannen i 50-åra er sikta etter straffelovens paragraf 306, som råkar dei som avtaler eitt møte med ein person under 16 år «med hensikt å ha seksuell omgang».

– Gjennom etterforskinga har politiet fått kunnskap om eitt motiv for ugjerninga. Vi er kjent med at minst ein av gjerningspersonane og den fornærma hadde hatt kontakt på nettet i forkant og avtalt å møtast, skriv politiet i pressemeldinga.

– Gjerningspersonen har oppfatta fornærma som pedofil og dette står fram som motivet for angrepet, skriv politiet.

Angrepet er filma

Knivangrepet har også blitt filma. Politiet har sikra videoen, men veit også at den sirkulerer i sosiale medium.

Dei åtvarar om å dele den vidare og minner om at det kan vera straffbart.

Dei fire andre involverte i saka er alle 15 år. 

Dei er per no sikta for medverknad til grov kroppsskade, men politiet utelukkar ikkje ei utviding av siktingane mot dei. Dei nektar straffskuld.

Ivar Blikra er forsvarar for den sikta 14-åringen.

– Eg finn det merkeleg at media får kunnskap om utvida sikting utan at ein informerer forsvarar, sikta og hans verjer om dette. Ein sikta under kriminell lågalder erkjenner ikkje straffskuld, skriv han i ei tekstmelding til TV 2.

14-åringen har «knytt seg til hendinga», har forsvarar Blikra tidlegare sagt. 

– Eg vil ikkje utdjupa kva som ligg i det. Politiet er tidleg i etterforskinga og eg vil ikkje påverka arbeidet deira gjennom å gå nærare inn på kva min klient har sagt i avhøyr, skriv han i ei tekstmelding.

Read Entire Article