Noreg er omringa av eit milliardeventyr.
Nokon kommunar badar i rikdom.
Andre får ingenting.
La oss dra til ein av få kystkommunar utan oppdrett.
Heeeeilt på toppen av Noreg ligg Gamvik:
Der har ordførar Ragnhild Vassvik (Ap) møtt veggen.
Ho ser på alle oppslaga, det som skulle redde bygda hennar. Olje. Fisk. Øl.
Nedturane har stått i kø for Gamvik. Innbyggarane flyttar frå kommunen.
– Dei aller fleste kjem ikkje tilbake, seier ordføraren.
Fortset det slik, kan folketalet snart gå under 1000. Klart det gjer vondt, seier ho, at unge ikkje ser ei framtid i Gamvik.
– Det er det vi prøver å bøte på no.
Einaste vegen for Gamvik er opp.
Oppdrett altså.
Laksenæringa vil bli større. Fattige kommunar må bruke av naturen for å få tak i meir pengar.
Men fins det ei grense?
Tom for pengar, full av håp
– Vi står ved et vegskilje no.
Stein-Arild Olaussen voks opp i eit strøk med nybygg i Mehamn i Gamvik. Den gongen var det fleire barn i klasserommet, færre sykkelhjelmar i gatene og gode oppvekstvilkår, som han kallar det.
– Det var aktivitet og optimisme. Det blir ein annan kommune med så dårleg råd som vi har.
Det er heile tida snakk om kutt og kutt og kutt, seier han.
– Det må skje noko her.
I Gamvik er kommunekassa skrapa. Det er ein såkalla Robek-kommune. Dei har ikkje kontroll på økonomien og alle nye investeringar må godkjennast av staten.
Eit ferskt oppdrettsanlegg kan gi ny giv i bygda, og nytt liv i kommunekassa.
– Eg kan ikkje forstå at vi ikkje skal få dette til, seier Olaussen med ei hand på båtrattet medan den andre peiker mot fjorden.
Ute her kan det skje. Bak nokon skjær er det roleg nok til at verdas største oppdrettar kan kome.
Om det blir godkjent, kan Gamvik få 5 millionar frå staten via Havbruksfondet rett på kommunekontoen.
– Slike pengar betyr mykje for oss.
I dag har ikkje kommunen råd til å lage ein lovpålagt plan for bruk av havområda sine. Altså ein arealplan på kommunespråk.
Derfor kan det eigentleg ikkje kome noko oppdrettsanlegg til kommunen.
Men Mowi, verdas største produsent av atlantisk laks, har ei løysing.
Dei betalar for kostbare naturundersøkingar når planen skal lagast.
Mens vi ventar på svaret frå Gamvik, dreg vi sørover.
Til ein stad det er stappfullt, både i havet og på konto.
Først og fremst frøyværingar
Frå gamalnorsk betyr Frøya «den fremste øya».
Her er fotballhallen smykka med logoar av frisk fisk og milliardbutikk. Her er nye skular og symjebasseng.
Dei fleste jobbar i oppdrettsnæringa, og i eit forrykande tempo.
På torget peiker ei pil oppover. Folkevekstbarometeret.
På kommunehuset lener ordførar Kristin Furunes Strømskag (H) seg over eit fargelagt kommunekart.
– Det er jo dette vi lever av.
I store område på kartet er det fritt fram for oppdrett.
Slike kommunar vil landets nest-største oppdrettsselskap gjerne ha fleire av.
– Hadde ikkje Frøya lagt til rette areal, hadde ein ikkje hatt den laksenæringa. I så måte har andre kommunar noko å lære av Frøya, seier toppsjefen i Salmar, Frode Arntsen.
Kommunen har oppimot femti godkjende stadar å drive med oppdrett. I dag er det rundt 36 anlegg i kommunen.
Fleire er eigd av den lokale oppdrettsgiganten Salmar.
Anlegga har dei siste to åra gitt 200 millionar ekstra i kommunekassa.
Utbetalinger fra Havbruksfondet
til Frøya kommune, millioner kroner
Kilde: Fiskeridirektoratet
Det finst ingen planar om å endre på suksessoppskrifta. Den gir 2700 arbeidsplassar, i ei kommune med 5700 innbyggarar.
Slike tal blir også med inn i kommunestyresalen på Frøya.
NRK har kikka på om kystpolitikarar jobbar i oppdrettsnæringa.
På Frøya er det flest. Der jobbar nær halvparten av kommunestyret i oppdrettsbransjen.
Nesten heile kommunestyret har ei eller anna kopling til bransjen. Inkludert ordføraren sjølv. Ektefellen er sal- og industrisjef i eit oppdrettsselskap, og har styreverv i næringa.
– Det er umogleg å drive kommunestyre her utan oppdrettskoblingar, seier ordføraren.
Likevel vil ho ikkje seie at næringa har mykje makt i lokalsamfunnet.
– Eg seier heller vi har eit godt samarbeid og samspel. Vi er jo kåra til ein av dei mest suksessrike distriktskommunane i Noreg, og det har vi jo eit felles mål om at vi framleis skal vere.
Men lengre ut frå den ytste øya finst det nokon som helst vil sleppe heile festen.
Vi er med dei på båttur.
– Sjå! Storskarv!
Far og son, Harald og Petter Krogstad, brukar fritida si på klagebrev og sakspapir.
Frøya er tusenvis av holmar og skjær, fritidsbustaden deira ligg på eitt av dei, Kya.
No kan det kome eit oppdrettsanlegg like ved.
Dei viser oss ein hekkekoloni av storskarv. Fuglearten er på sterk retur langs kysten, og har status som nær truga.
At kolonien har slått seg til på holmen like ved, er ny informasjon, seier fylkeskommunen.
Salmar seier også at dei ikkje visste noko. Skarven var registrert i ein database dei ikkje hadde tilgang til då dei gjorde sine forundersøkingar.
No blir funnet meldt inn, kanskje er dette eit vendepunkt?
– Vi er nokon små Davidar på utsida, som prøvar å kjempe mot Goliat. Så mi meining omkring det her synest å bety veldig lite, seier Harald Krogstad.
Sonen Petter seier eit oppdrettsanlegg vil endre staden vesentleg.
– Når det først er kome, er det for seint.
Her lengst vest i kommunen, der det er blått hav så langt du ser, har det ikkje vore oppdrett, i alle fall til no.
Det vil Salmar gjere noko med.
– Når ei kommune legg til rette i eit område og peikar næringa dit, ja så kikar vi dit, seier konsernsjef i Salmar Frode Arntsen.
Endå eit anlegg betyr nye 5 millionar på frøyakontoen.
Politikarane på Frøya er usikre. Staden er kåra til kommunen sin tusenårsstad. Fleire vil eigentleg seie nei til anlegget.
Men i arealplanen har dei opna for oppdrett ganske nær Kya, og når planen fyrst er lagt, har lokalpolitikarane etter lovverket ikkje meir dei skulle sagt.
Inntil vidare finst anlegget berre på teikningar.
Mattilsynet har sett ein stoppar, i alle fall for ei tid.
Ikkje på grunn av storskarven, som verken Salmar eller styresmaktene visste om, men fordi helsa til oppdrettslaks i området «er så dårleg og pressa, at dei meiner det er uansvarleg å starte opp fleire anlegg.»
Mattilsynet opnar for ei ny vurdering om smitten i området går betydeleg ned.
Også andre stadar oppdagar vi ting når vi reiser langs kysten.
Steigen alive
– Det tettar seg til her.
Ordførar Aase Refsnes (SV), rullar ut kommunekartet over Steigen.
Oppdrettsnæringa ynskjer fleire område, no er dei i gang med prosessen.
Ingen vekst, mindre pengar.
I Steigen kjem kvar tiande kommunekrone frå Havbruksfondet. Det statlege fondet skal sikre at verdiane frå oppdrett går tilbake til kommunen.
Verdiskapinga per innbyggar er kjempehøg, men kommuneøkonomien er trong.
– Vi hadde ikkje hatt moglegheiter til å drive denne kommunen om vi ikkje hadde hatt inntekter frå havbruket, seier ho.
Steigen er ikkje aleine.
– Det er jo heilt klart at vi har rigga eit system i Noreg som gjer at fattige distriktskommunar er nøydd til å avsjå natur, for at det i det heile tatt skal greie å gå rundt, seier Refsnes.
Ei undersøking NRK har gjort, viser at ein fjerdedel av norske oppdrettskommunar ville gått frå pluss til minus utan oppdrettspengar.
73 kommunar går allereie i minus, og ville hatt enda raudare tal utan pengar frå oppdrettet. Laksen gjer at dei unngår endå større kostnadskutt.
Over 13.000.000.000 kroner er gitt til norske kommunar som har sett av kyst til oppdrett. Resten har gått til fylkeskommunane.
Utbetalinger fra Havbruksfondet
til alle kommuner, milliarder kroner
Kilde: Fiskeridirektoratet
I fjor fekk Steigen 50 millionar oppdrettskroner frå Havbruksfondet. I år fekk dei like over 16 millionar. Utan oppdrettspengar går kommunen med underskot.
Refsnes kunne tenkt seg at systemet vart endra.
At ein i staden for å vere avhengige av pengar frå vekst, heller kunne få pengar for oppdrett dei alt har.
Det ville vore meir føreseieleg, seier ho. At kommunen ikkje skal vere avhengig av å heile tida, år etter år, ha vekst i næringa.
– For vi kan jo ikkje vekse for evig.
For kva finst eigentleg under vatn?
Steigen er ein stor kystkommune. Refsnes seier kommunane manglar kompetanse og pengar til god kartlegging av naturen. Ikkje har dei fått ansvar for dette heller.
– Vi veit veldig lite av kva vi har under vatnet.
I Steigen er det blanke ark, det finst ikkje marine grunnkart. Slik er det stort sett langs heile norskekysten.
Dette er områda som er såkalla «heilskapleg» kartlagt langs kysten. Det inkluderer blant anna geologi, kjemisk miljøtilstand, naturtypar og verdifulle habitat.
Refsnes er ikkje åleine om å etterlyse kunnskap. Ho, og absolutt alle på Stortinget faktisk.
I 2023 bad dei regjeringa sette fart på arbeidet med kart over alle norske fjordar og kystområde. Arbeidet fortset, løyving etter løyving, litt etter litt.
Sjå, ein uventa naturskatt!
Her i Økssundet har Cermaq drive oppdrett i 30 år, så ville dei ha meir fisk i anlegga sine.
Men ein fiskar tipsa om korallar på sjøbotnen, fiskarlaget meldte frå. Cermaq som alt hadde gjort sine lovpålagte undersøkingar, undersøkte meir.
Kva fanst der nede i djupet?
Ein meter høge sjøtre, store rev av augekorall, sjøbusk og risengrynkorall. Fleire av desse artane har status som nær truga på raudlista.
Men kan korallane leve saman med anlegget?
Cermaq har trekt søknaden om meir fisk. Selskapet ynskjer no å få produsere like mykje som dei har gjort i fleire tiår.
Dei peikar på at trass i år med oppdrett, er det levedyktige korallar i området. Dei har starta naturovervaking, og er i gang med oppsamling av slam frå merdane.
Statsforvaltaren vil på si side ha ned mengda fisk, for å minke presset på korallane.
Selskapet taper 200 millionar kroner i året om det blir mindre oppdrett her, Steigen kommune vil få mindre pengar i kommunekassa.
Men kva er godt nok for korallane? Dei har jo klart seg til no?
Saka har rulla i seks år, advokatar skriv lange klagebrev.
Framleis kan ikkje staten seie når saka er avgjort. Siste løypemelding er at det ikkje blir i år.
Det siste håpet
Natur eller nytte.
Gamvik seier nytte, men staten diskuterer framleis med seg sjølv. Samfunnsnytten opp mot naturverdiane.
Klima- og Miljødirektoratet sa nei av omsyn til naturen.
Nærings- og fiskeridepartementet sa ja av omsyn til nytte og næringsutvikling.
Kommunalministeren skal avgjere det heile.
Om ikkje det var nok, så er det komen ein joker: Finland har blitt varsla av Miljødirektoratet.
Styresmaktene i nabolandet har kome med skarpe protestar, skreiv iFinnmark i sommar.
Tanaelva, landets største og viktigaste lakseelv, strekk seg langt inn i nabolandet vårt.
Villaksen kjem frå havet inn Tanafjorden, og der lengst ute på neset, ligg Gamvik kommune.
Fisket i vassdraget har vore stengt på norsk side i fire år. Villaksen er i ferd med å forsvinne.
Finland får uansett ingenting frå Havbruksfondet.
Det er no åtte år sidan Gamvik kommune starta å drøyme om å få oppdrett.
1. desember skal ordføraren møte kommunalminister Bjørnar Skjæran om saka.
– Om vi gjer knefall for Finland vil det ha stor betydning for vidare vekst og utvikling for oppdrettsnæringa i Finnmark, seier Vassvik.
Kommunen har kutta, og er på rett veg. Likevel er økonomien framleis ikkje i balanse.
– Vi har hatt eit år med kraftig omstilling, men vi er ikkje i mål i det heile tatt. Målet er å ha rydda i underskota rundt 2029.
Men ho har ei gladmelding: Eit nedlagd fiskebruk har fått nye eigarar. Det er håp om arbeidsplassar og nye innbyggarar.
I Brennpunkt-serien Lakselandet fortel ho om kampen for fiskeværet hennar. Tilbakemeldingane har vore mange.
Ho vedgår at ho blir betenkt når ho ser skadd fisk som blir smugla ut av landet, og fisk som har stått for lenge i merdar med mykje lus.
– Eg reknar med dette er hendingar som næringa skulle vore forutan, seier Vassvik.
NRK har følgt prosessane i Gamvik, Steigen og Frøya, både lokalt og hos nasjonale styresmakter. Andre medium som iFinnmark, Avisa Nordland, Hitra-Frøya og iLaks har òg skrive om desse sakene undervegs.













English (US)