Vraket Ulvang seier nei til omkamp: – Unødvendig strid

1 month ago 20



Svart nei. Vi må respektere arbeidet i valkomiteen. Eg tar for gitt at dei har gjort dei undersøkingane som er nødvendige med Ski-Noreg, og tar det til etterretning, seier Vegard Ulvang til NRK.

Han var av Akershus Skikrets foreslått som ny leiar i langrennskomiteen i Skiforbundet før valet på Skitinget i Bodø 9. juni.

Valkomiteen valde likevel å innstille Torbjørn Skogstad til attval i det politiske toppvervet i norsk langrenn.

– Eg er eigentleg ikkje overraska over det. Eg hadde på ein måte nesten forventa at det kom til å bli sånn, sa leiar Erik Solberg i Akershus Skikrets til NRK da innstillinga frå valkomiteen blei lagt fram onsdag førre veke.

Kunne Ulvang gjort ein god jobb i Skiforbundet?

Møttest måndag

Solberg varsla samtidig at kretsen ville snakke med Ulvang om han var interessert i å stille som benkekandidat.

Denne praten fann stad måndag kveld. Svaret frå Ulvang var altså negativt.

– Det er ingen grunn til å tru at ein ville vinne fram med eit benkeframlegg. Når valkomiteen har innstilt Skogstad, må ein rekne med at det er forankra i kretsane, seier han, og fortset:

– Det ville berre ført til unødvendig strid. Vi er ein liten familie som nå vere samla.

Ski Tour 2020

IKKJE OVERRASKA: Vegard Ulvang er ikkje overraska over innstillinga frå valkomiteen, det uttalte han til NRK onsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Kan det vere aktuelt for deg å stille som kandidat ved eit seinare høve?

– Det veit ein aldri. Nå har eg lese i media at Skogstad skal gå av om to år. Det skal renne mykje vatn i havet innan den tid, seier Ulvang.

Erik Solberg meiner Ulvang ville fylt leiarvervet bra. Både på bakgrunn av erfaringa hans i Det internasjonale Skiforbundet (FIS), og dessutan eiga erfaring som tidlegare toppidrettsutøvar.

– Han har fleire gonger vist at han har ryggrad til å stå for sine meiningar. Men han er også samarbeidsmann, som ikkje berre køyrer sololøp, men er lojal mot styre og vedtak og står for det, seier han til NRK og legg til:

– Eg synest det er sløsing med kompetansen at Skiforbundet ikkje vil bruke han i større grad.

Treng ro og kontinuitet

Erland Ensrud, leiar for valkomiteen, påpeikar at Cathrine Instebøe er fersk i jobben som dagleg leiar for norsk langrenn. Valkomiteen ønsker at den nye administrative sjefen skal ha erfarne folk å støtte seg på.

– I og med at Cathrine også er ny i rolla, så meiner vi at det er fornuftig at vi bygger vidare på den erfaringa og sikrar noko kontinuitet i det politiske, altså ro, seier Ensrud til NRK.

Noko han meiner Skogstad kan gi.

NM ski Nordiske grener Lillehammer

INNSTILT PÅ NYTT: Torbjørn Skogstad har vore leiar av langrennskomiteen i 12 år, nå får han fornya tillit.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Vi har meint at attvalt, sittande leiar, er rette i forhold til den kontinuiteten og den roa vi ønsker i den politiske delen av verksemda, i den perioden vi står framfor, utdjupar han.

Ensrud beskriv likevel Ulvang som ein ressurs i norsk langrennssport over lang tid, men seier det har vore ulike meiningar i kretsane om kven som passar i leiarvervet.

Vi har vore i kontakt med alle kretsar, og det kan vere at det er ulike meiningar om dette. Men det er stemning i kretsane våre for å ha Torbjørn (Skogstad) som leiar, seier han.

Akershus Skikrets er altså ikkje ein av dei.

– Kjent for å vere konservative

Erik Solberg er som nemnt ikkje overraska over innstillinga frå valkomiteen. Han grunngir også kvifor:

– Det hadde vore ei mykje meir radikal innstilling viss valkomiteen hadde gått for ein ny leiar, seier han.

– Skiforbundet har jo vore kjent for å vere konservativt, og i mange sånne samanhengar når sittande leiar ønsker å ta attval, så skal det ofte mykje til at valkomiteen innstiller på ein annan person enn han som har vore sittande leiar. Men fornying hadde vore bra, seier Solberg.

Publisert 28.05.2024, kl. 09.09 Oppdatert 28.05.2024, kl. 09.26

Read Entire Article