Vinteren kjem - i morgon dalar snøen

1 month ago 25



Det er ikkje berre julevarene som har meldt sin ankomst tidleg i år. No luskar snøen seg nærare og nærare.

Søndag kryp snøgrensa nedover fjellsidene, og på Vestlandet sør for Stad vil det bli snøbyger over 700 moh. I Møre og Romsdal kan ein derimot vente seg ei snøgrense på 500 moh. på søndag, og 300 moh. dagen etter.

Det kan komme 15-30 cm i løpet av et døgn og i høgfjellet enda litt meir.

–Dette kan kome som ei lita overrasking, seier Vakthavande meteorolog Susana Reuder ved Meteorologisk institutt.

Sjølv om det tidlegare i år har vore snøfall i fjellområdet, påpeiker Reuder at det har vore nokså mildt i forhold til no.

Reuder trur ikkje vinteren er komen for å bli, men at det vil merkast best i høgfjellet:

–For dei som bur på hytta vert det kanskje mogleg å lage ein liten snømann, legg ho til.

Brøytebilen står klar

Vegtrafikksentralen Vest er førebudde på snøen og er klar til å setje i verk tiltak dersom det er naudsynt.

–Ha i bakhovudet at det kan oppstå forseinkingar i trafikken, seier trafikkoperatør i vegtrafikksentralen vest, Albert Sherington.

Han oppmodar også trafikantar til å nytte riktige dekk til forholda, og ta kloke val:

–Sjåføren eller den som sit bak rattet må ta desse vurderingane. Dersom man trur det kan bli problem, er det like greit å utsetje turen.

Sherington er likevel ikkje bekymra og seier at dei har eigne folk i fjellet som tek seg av brøyting og liknande dersom det trengst.

Om det vert kvit jul, kan diverre ikkje Reuder i Meteorologisk institutt svare på enno:

–Det er kanskje for tidleg å seie, men ein ting er sikkert: Vi går mot vinter, heilt sikkert.

Publisert 26.10.2024, kl. 14.31 Oppdatert 26.10.2024, kl. 14.59

Read Entire Article