Dei aller fleste er samde om at fossile energikjelder har ei negativ påverknad på klima og miljø. Konsekvensane er tydelege både globalt og lokalt. No er verda i byrjinga av ei storstilt og naudsynt omstilling. Energiforbruket skal flyttast frå ikkje-fornybare kjelder til fornybare kjelder. Vindmøller på land er ikkje løysinga.
Noreg er ein storprodusent av fornybar vasskraft. Men det er korkje framsynte politikarar eller klartenkte ingeniørar som har velsigna landet vårt med høgdemeter og vassmengder. Det er det naturen sjølv som har gjort. Nokre av landets kommunar trakk på eit vis vinnarloddet i skaparmaktas store kraftlotteri, då den store istida forma landskapet og fordelte innsjøar og fossefall.
Det er likevel ingenting i livet som kjem gratis. Slik er det med kraftgevinstar òg. Vasskraftkommunane har teke store kostnader. Landskapet hev vorte transformert, daler demt ned og elvar lagt tørre. I det store kraftregnskapet er det både plussar og minusar. Og sjølv om vasskraftkommunane eig naturressursane og må leve med ulempene, har dei største inntektene hamna heilt andre stader.
Vindkraft er den nye vinen. Den ikkje-regulerbare kraftfarsotten bles over landet vårt. Kommunar bytar inn natur mot pengar, og finn grunngjeving og ei slags trøyst i den globale miljø-skyldnaden. Lykkelegvis står nokre kommunar imot. Slik Sirdal kommune gjorde sist veke.
Eg er frå Setesdal. Likeins med Sirdal leverer Setesdal enorme mengder rein vasskraft til Noreg og Europa. Og likeins som i Sirdal er mykje av naturen vår øydelagd og kan aldri reparerast. Vasskraftkommunane har teke store naturkostander for å dekke storsamfunnets energibehov og har ikkje meir natur å ofre. Difor ynskjer eg ikkje ei einaste vindmølle velkomen til Setesdal.
Ja, me står føre ei stor omstilling og me treng meir fornybar energi. Samstundes er naturen under eit enormt press. Kvar einaste dag vert litt natur ofra til fordel for utvikling og inntekter. Etterkvart vert «litt» til ganske mykje.
Vindmølleparkane bandlegg og øydelegg enorme areal. Energiuttaket forsvarer ikkje naturkostnaden. Framtidig utbygging av vindkraft og solkraft bør berre skje i allereie utbygde område. Me må i større grad nyttiggjere oss dei grå flatene.
I god Senterparti-tradisjon meiner mitt eige parti at det er kommunane som sjølv skal få avgjere vindkraftutbygging og naturinngrep. Kommunanes sjølvråderett er eit viktig prinsipp, men vern av natur er etter mitt skjøn like viktig. Når kommuneøkonomien er pressa, kan det vere vanskeleg å stå i mot løfte om vindkraftpengar på bok. I dette spørsmålet saknar eg difor ei meir prinsipiell haldning frå distriktas eige parti.