Vil setta genmodifisert laks ut i fjorden – sjølv om staten sa nei

1 month ago 21



– Me håpar å få produsert ein ny generasjon steril fisk i haust eller neste haust. Då vil me søka ein gong til om å få setta ut steril laks i sjøen.

Det seier forskingssjef Anna Wargelius ved Havforskingsinstituttet (HI).

I fjor søkte HI om å plassera 303 genmanipulerte, sterile laksar ut i merdar i fjorden ved forskingsstasjonen sin i Matre i Nordhordland.

Eit banebrytande forsøk.

Dette ville bli første gong i verda at genredigert laks blir sett ut i eit naturleg havmiljø.

Havforskingsinstituttet fekk avslag på forsøket, men vil søka på nytt.

Mål: å bevara genane til villaksen

Hovudmålet med forskingsprosjektet er å få til 100 % sterilitet i avkommet til oppdrettslaks.

Hensikta er å finna ei løysing for havbruksnæringa der rømt oppdrettslaks ikkje kan øydelegga genane til villaksstammene.

For innblanding av genar frå oppdrettslaks er ein av dei store truslane mot den naturlege villaksen.

Poenget er at viss oppdrettslaks rømmer frå anlegga – noko som skjer ofte – vil denne fisken ikkje kunna kryssa seg – altså para seg – med villaks.

Havforskningsinstituttet sitt oppdrettsanlegg ved Smørdalen ved Matre i Masfjorden

Her ved forskingsanlegget ved Matre i Masfjorden ønska Havforskingsinstituttet løyve til det som kunne blitt verdas første forsøk med genmanipulert laks i merdar ute i sjøen.

Foto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Meiner studien kan gi katastrofal effekt

Vitskapskomitéen for mat og miljø (VKM) etterlyste i fjor sikker dokumentasjon på at forsøkslaksen ikkje kan para seg med villaks og spreia sterilitet.

Ifølge komitéen kan det ikkje utelukkast at nokon av forsøksfiskane er berarar av eit sterilitetsallel slik at dei likevel kan få avkom.

– Konklusjonen vår er at forsøket er forbunde med potensielt høg miljørisiko.

Det sa vitskapskomitéen sin talsperson Kjetil Hindar då NRK i oktober fortalde om studien og komitéens vurdering.

Komitéen meinte at sjølv om det er lite sannsynleg at sterilitetsgenar frå forsøksfisken blir spreidde til villaks, vil det i så fall vera katastrofalt.

– Den økologiske effekten på villaksbestandar viss det skjer, er svært stor.

Sjølv om HI i vinter tok fleire rundar for å overtyda om at studien er trygg, heldt komitéen fast ved si vurdering.

Og i slutten av mai kom konklusjonen: Miljødirektoratet avslo søknaden frå Havforskingsinstituttet (sjå faktaboks).

Villaks hopper

Vitskapskomitéen og Miljødirektoratet fryktar steril forsøkslaks i verste fall kan øydelegga villaksstammar med sterilitet, stikk i strid med målet med studien.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

For seint å anka

Den lange klageprosessen har gjort at dei 303 fiskane uansett har blitt for store – 3,2 kilo. Wargelius kjem derfor ikkje til å anka avslaget.

Men ho gir ikkje opp forskingsprosjektet eller delstudien om steril laks i sjømerdar.

– Me held fram med forskinga som me har planlagt, og vil søka om utsetting på nytt. Nå veit me mykje meir om kva som krevst for å få løyve.

Genetisk steril laks i basseng

Havforskingsinstituttet får ikkje setta desse 303 genmanipulerte laksane ut i sjømerdar, men vil søka om løyve ein gong til.

Foto: ERLEND ASTAD LORENTZEN / HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

– Utdatert regelverket

Wargelius meiner dagens regelverk ikkje er oppdatert.

– Regelverket er frå slutten av 1990-åra. Det er laga med tanke på transgene organismar. Men nå har me ny teknologi for å laga enkeltmutasjonar. Regelverket er ikkje tilpassa dagens kunnskap og teknologi.

– Det å setta inn framand genmateriale er noko anna enn å berre målretta endra noko som allereie er der. Det siste kan også skje heilt naturleg, med naturlege mutasjonar.

Forskningssjef ved Havforskningsinstituttet, Anna Wargelius.

Forskingssjef Anna Wargelius ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Steril laks er ikkje genmodifisert

Wargelius meiner at forskingsfisken til Havforskingsinstituttet ikkje er genmodifisert i tradisjonell forstand.

– Her har me ikkje tilsett noko framand DNA. Me har gjort målretta mutasjonar.

Kort sagt: forskarane har «skrudd på sterilitet», ikkje tilført laksen genar frå andre organismar.

Ho viser til at EU jobbar med å endra regelverket for plantar, slik at målretta mutasjonar ikkje skal reknast som genmodifisering.

– Men Miljødirektoratet kallar uansett forsøket dykkar for genmodifisering?

– Absolutt, for slik er regelverket. Det må både dei og me forhalda oss til. Men eg trur me med denne prosessen har fått utforska og testa regelverket.

Oppdrettsanlegg Nordeimsøyna i Stavanger

Oppdrettslaks som rømmer i store mengder frå anlegg med skadd merd-netting, er eit gjentakande problem (illustrasjonsbiletet har ingen samanheng med rømming).

Foto: Grieg Seafood

«Ekstremt føre-var»

Ho håpar styremaktene vil utarbeida ein mal for kva krav dei set.

– Det er den ørvesle sjansen for at det er ein menneskeleg feil, som gjer at dei seier nei til studien vår, viss eg forstår det rett. Me har jo det gjort så solid me kan, men dei tillèt null risiko.

– Ein slags ekstremvariant av føre-var-prinsippet?

– Ja, dei krev 100 prosent sikkerheit. Då må ein testa med mange fleire dyr enn det me er vande med i forsking, og stadfesta resultata minst tre gonger. Me har fått læra at myndigheitskrav er noko anna enn forskingskrav, konstaterer Wargelius.

Treng du ein «oppdrett for dummies», kan du kosa deg med denne:

Publisert 22.07.2024, kl. 21.31

Read Entire Article