Vil gje vekk verksemda gratis

5 hours ago 4



I eit forsøk på å auke innbyggartalet på øya, tar ein mann no eit drastisk grep.

 Julian Paren / Wiki Commons
SKOTTLAND: Øya Colonsay ligg på vestkysten av Skottland. Foto: Julian Paren / Wiki Commons

Publisert 06.05.2025 21:03 Sist oppdatert 23 minutter siden

Øya Colonsay ligg på vestkysten av Skottland, og har om lag 120 innbyggjarar.

Men dei siste åra har snittalderen på øya gått opp, og elevtalet på skulen ned. No er det berre fire elevar igjen.

No tilbyr 65 år gamle Richard Irvine seg å gje vekk verksemda si, som driv med røyking av laks, gratis, ifølge The Independent.

Verksemda har vore i drift i to og eit halvt år, og Irvine har levert røykelaks til den lokale butikken og restauranten, i tillegg til verksemder andre stader.

– Treng yngre folk

– Med ein gong eg hadde tent inn pengane eg har brukt på dette, var planen å gje det vekk og prøve å få eit ungt par til å flytte til øya, seier Irvine til BBC Scotland.

– Befolkninga på øya minkar. Vi treng yngre folk til å bemanne ambulansetenesta, brannvesenet, og berre bli den neste generasjonen som styrar lokalsamfunnet, seier han.

Irvine og kona har sjølv vore på øya kvart år sidan 1980-talet, då han var der med kona si på bryllaupsreise.

Vil hjelpe

Irvine ser for seg at verksemda kan vere aktuell for ein ung familie, eller for eit par der den eine kan jobbe utanfor øya.

– Den ideelle kandidaten er nokon med entreprenørånd og interesse for mat, seier han.

Han vil bistå dei som tar over verksemda før han trekk seg heilt tilbake. Det kan også vere at han vil behalde ein aksjepost.

– Det vil handle om tillit, men eg vil ikkje gje dette vekk for at det berre skal seljast vidare igjen om seks månadar. Eg vil behalde dette for øya sin del, seier han.

Read Entire Article