Vil beklage etter dette: – La ansiktet mitt vere i fred

2 weeks ago 20



Det var den einaste plassen eg fann, og da var det tilfeldigvis rett i trynet på Marketa Davidova. Eg trur ho tok det med ein god dose humor, seier Christiansen sjølv om «stuntet».

Det var etter den første individuelle øvinga i Kontiolahti at den norske skiskyttaren tok seg fridommar utanfor smørjetraileren til det tsjekkiske laget.

Den er dekorert med eit stort bilde av den tsjekkiske stjerna Marketa Davidova, som tok sigeren på sprinten for kvinner i Kontiolahti.

I Instagram-videoen er Christiansen vend mot den tsjekkiske traileren og urinerer like ved. Videoen er lagt ut på profilen til den norske skiskyttaren og har vekt litt reaksjonar i kommentarfeltet.

Sjå videoen her:

– Eg får beklage

Christiansen påpeikar at det heile var meint som ein spøk.

Det var tilfeldig at det blei som det blei. I tradisjon tru tissa eg før start. Vi prøver å halde oss så hydrerte som mogleg, flirer Christiansen.

Har Davidova sagt noko til deg?

Ho har ikkje sagt noko, men eg får beklage ansikt til ansikt neste gong eg ser henne. Det var litt tilfeldig at det var ansiktet hennar i 3000 prosent zoom i bakgrunnen der. Det gjorde det litt ekstra morosamt.

Vetle Sjåstad Christiansen i Kontiolahti.

SKAPAR LATTER: I kommentarfeltet på videoen med Marketa Davidova er det fleire som reagerer med latter.

Foto: Christian Grotnes / NRK

NRK måtte sjølvsagt vise videoen til kvinna sjølv, som står med to VM-medaljar i karrieren. Ho tar det heile med eit smil.

Eg såg han. Eg håpar ikkje det var personleg, seier Davidova til NRK og flirer.

Christiansen understrekar at dei to er venner og at han reknar med at ho tar det fint. Og det bekreftar ho sjølv òg.

Det var nok ... eg synest det går greitt, forsikrar tsjekkaren.

I tillegg har ho lagt frå seg ein kommentar i kommentarfeltet til nordmannen på Instagram.

– La ansiktet mitt vere i fred, skriv ho med smilande emojiar.

Marketa Davidova

KOMMENTERER: Marketa Davidova seier si meining om Instagram-innlegget til Vetle Sjåstad Christiansen.

Foto: Christian Grotnes / NRK

– Vi er gode venner

NRK gav Christiansen beskjed om Davidovas svar. Det får han til å bryte ut i latter.

– Eg og Davidova har ein veldig god tone, så ein skal vere varsam med å trekke inn alt mogleg av slump. Det var jo berre tilfeldig at det var ho som var på traileren som var i bakgrunnen av oppvarmingsløypa, seier skiskyttaren.

La ansiktet mitt vere i fred, kommenterer Davidova. Kva er ditt svar til det?

Vi er gode venner, så ho har nok same type humor som oss. Humor kjenner få grenser, så den toler ho fint.

Dei har begge hatt ei god første veke i verdscupen. Davidova var som nemnt sterkast på sprinten da ho vann føre svenske Elvira Öberg og finske Suvi Minkkinen.

Christiansen tar med seg to sjetteplassar og ein ellevteplass. Det betyr at han er nummer sju i verdscupen samanlagt etter dei tre første individuelle konkurransane.

Både Davidova og Sjåstad Christiansen blir truleg å sjå i Hochfilzen, der verdscupen fortset frå fredag 13. desember.

Trente på seiersgrep i mørket: – Hadde med meg hodelykta 00:54

Publisert 09.12.2024, kl. 07.14

Read Entire Article