Vil auka Ukraina-støtte til 90 milliardar kroner i året

1 week ago 12



Regjeringa foreslår å auka Ukraina-støtta til 15 milliardar i året.

Dag Mossige i Stavanger Arbeiderparti meiner summen er for låg og burde aukast til 90 milliardar i året.

Har me moglegheita til å auka støtta, så må me òg ta det ansvaret. Derfor meiner eg me bør kraftig auka støtta og ikkje venta lenger no.

Dag Mossige

Dag Mossige (Ap) meiner Noreg burde ta ansvar og gi meir i støtte til Ukraina.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

90 milliardar i året

Ap-politikaren vil auka støtta frå 15 milliardar til 90 milliardar kroner i året. Han meiner det er ei investering i Noregs tryggleik.

Dette er ikkje velgjerd, men det er til vårt eiga forsvar me indirekte gir viss me aukar støtta til Ukraina, seier Mossige til NRK.

Han meiner me står overfor ein særleg krevjande situasjon med fronten i Ukraina og Donald Trumps valsiger i USA.

Fleire i hans kommande administrasjon har signalisert at dei vil kutta på støtta. Då kan me ikkje venta til støtta blir kutta.

– Det hastar

Aps utanrikspolitiske talsperson på Stortinget og nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen Åsmund Aukrust har understreka at 15 milliardar er det partia har blitt einige om.

– Regjeringa har lagt fram akkurat det me presenterte tidlegare, med 15 milliardar som golv, seier Aukrust under kveldens Debatten-sending.

Til VG seier han det truleg vil komma meir i løpet av året.

Åsmund Aukrust før debatten

Åsmund Aukrust (Ap) møter i Debatten tysdag kveld.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Men internt i partiet stiller fleire spørsmål om kvifor ikkje støtta kan aukast allereie no, ifølge Mossige.

Me har fleire vedtak på dette. Me har òg hatt møte med statsministeren. Då snakka me om at det kunne bli ein fare viss Trump blei valt. Det blei sagt at det var lenge til, men no står me faktisk i denne situasjonen. Og no hastar det med ei avklaring.

Høgre, SV, MDG og Venstre er opne for å gi meir

Høgre har foreslått å tredobla støtta frå 15 til 45 milliardar i 2025, i hovudsak gjennom auka militær støtte. Det opplyste partiet i ei pressemelding søndag kveld.

Høgre-leiar Erna Solberg seier at eit tap for Ukraina vil truga tryggleiken i heile Europa.

– Det er i Noregs sikkerheitspolitiske interesse at Putin ikkje får erfara at det «verkar» å overfalle eit naboland og endre grenser ved hjelp av militær makt, seier ho.

Dag Mossige er glad for at Høgre vil gi meir, men meiner summen kan aukast.

Eg tenker me kan gå endå høgare enn dei 45 milliardane, for det er ei direkte investering i vår eigen sikkerheit.

Også SV og Venstre har sagt dei er opne for å auka den økonomiske hjelpa til Ukraina.

Venstre vil gi ein rekordsum på 105 milliardar til Ukraina, seier partileiar Guri Melbye.

Pressetreff MDG

Partileiar i MDG Arild Hermstad seier MDG vil setta av 80 milliardar i Ukraina-støtte i 2025.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

MDG-leiar Arild Hermstad meiner regjeringas støtte har kome for seint og vore for beskjeden.

– Eg er difor svært glad for at Høgre vil tredobla summen som regjeringa har foreslått for 2025, seier han til NRK.

Han legg til at partiet vil setta av 80 milliardar i 2025.

– Det har Noreg og det vil gjera ein reell forskjell for Ukrainas fridomskamp.

Tener på krigen

I 2022 tente Noreg cirka 334 milliardar kroner på krigen i Ukraina, ifølge tal frå ei masteroppgåve publisert i fjor.

Tal frå Finansdepartementet viser at i åra etter Russlands invasjon av Ukraina, har Noreg tent til saman 1270 milliardar kroner ekstra på gass, skriv Nettavisen.

Mossige meiner likevel ikkje at Noreg er ein krigsprofitør.

Me har ikkje gjort noko aktivt for å tena på dette. Det er ikkje vår skuld at prisane har gått opp. Det er Putin som skrudde att gasskranane.

Publisert 12.11.2024, kl. 21.08 Oppdatert 12.11.2024, kl. 21.28

Read Entire Article