KRONIKK: Vi kan ikkje berre snakke om beredskap i forsvar. Vi må òg snakke om beredskap i brei forstand. Kontaktpunkt er viktig for å bygge motstandskraft og beredskap.
Marte C.W. Solheim
Professor og prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Det er haust i Odda. Ekstremveiret «Amy» sørger for kraftfulle vindkast. Innomhus, på Sentralbadet litteraturhus i Odda er det krafta i argumenta som rår.
Det er nemleg rigga for samtale mellom tre Oddingar denne haustkvelden; direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, politimeister i Oslo politidistrikt, Ida Melbo Øystese, moderert av tidlegare PST-nestleiar Hedvig Moe.
Motstandskraft med startskot i Odda
Bakgrunnen for samtalen er at Sentralbadet, syfta å sparka i gang debattserien «motstandskraft» for å undersøke kva rolle kulturen kan spela i samfunnet si motstandskraft, les eg i Hardanger.
Programrådgjevar i Sentralbadet, Tora Døskeland, uttalar i same saka at «då totalberedskapsmeldinga frå regjeringa kom i vår, blei det tydeleg at beredskapstanken skal gjennomsyra langt fleire delar av samfunnet enn forsvaret».
Og dei har truffe ei nerve desse Oddingane; det er nemleg stinn brakke denne oktoberkvelden.
Samtalen dreiar seg kring tillit i stadig meir ustabile og usikre tider. Viktigheita av ei fri presse vert løfta fram, og sameleis gjennom til dømes den nyleg lanserte ytringsfridomstrategien «Ytringsberedskap - Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte».
Her kan vi lese om dei tre prinsippa kva ytringsfridom gjeld: søke sanning, individets frie meiningsdanning og skape eit best mogeleg samfunn. For å sei det forenkla, handlar det om at meiningane våre vert kalibrert gjennom å snakke med andre, at vi lyttar og prøver å skjøne kva andre seier og at denne frie meiningsutvekslinga kring viktige avgjersle skjer i offentlegheita.
Lytte til det som vert sagt
I Odda vert dei mange lokalavisene vi har her i landet som viktig demokratiske byggeklossar poengtert. Samtalen dreier seg kring korleis ytringsfridomen er i ferd med å snevrast inn, og med oppfordringa at det burde generelt sett vere meir som i Odda: for der plar dei «å si det som det er».
Det vart spurt: klarar vi i kvardagen å ha dei gode debattane? Og er vi ikkje lengre så vande med å bryne meiningane våre? Korleis kan vi få til samsnakking og fellesskap på tvers av konfliktlinjer?
Det som somme kan tenke er dei små tinga, er ofte dei store. I denne samanheng: kvardagslege kontaktpunkt, ytringsfridom på jobben, og den viktige rolla biblioteka spelar i dagens samfunn, som sentrale møteplassar for meiningsutveksling, informasjonsinnhenting og «tåletrening» vert løfta fram.
For å sei det på bokmål: det er viktig å møtast «face-to-face». Vi må snakke meir saman i usemjefellesskapet. Gitt ein er samd i premisset av viktigheita i desse kontaktpunkta, kan ein stille seg kritisk til kutt i kultur og bibliotek. Det er ofte på desse plassane ein får inn eit mangfald av stemmer, og vert utfordra med ulike inntrykk, meiningar og opplevingar.
Til Hardanger understrekar Hedvig Moe også viktigheita av å få inn eit mangfald av stemmer, som kan kaste eit anna lys på det som vert diskutert. I tillegg, seier Moe at vi bør tenke breiare med tanke på kva slags møteplassar ein kan nyttegjere seg av for å nå fram til folk.
«Det lydhøyre hjartet»
I ytringsberedskapsstrategien vert også desse perspektiva løfta fram gjennom å til dømes sette søkelys på dei som vanlegvis ikkje deltek i den offentlege debatten, men vert gitt rom for å kunne medverke. Nokre relevante døme frå Stavanger kommune vert trukke fram, så som «ungt borgarpanel» og innbyggarpanel for dei mellom 60 og 80 år. Det er positivt. Det er jamvel også viktig at ein legg til rette for meiningsutveksling på tvers av ulike mangfaldskarakteristikkar.
Det å få fram eit vell av stemmer er viktig, og å vere interessert i å lytte til kva som vert sagt. Det er slik vi får fram ulike meiningar og på sikt bygger beredskap i breie lag.
Det dreg mine tankar til den tyske sosiologen Hartmut Rosa. Bakpå boka hans «Det lydhøre hjertet» kan ein lese at "demokratiet fungerer ikke i aggresjonsmodus. (...) Før pleide jeg å si at demokratiet fungerer når hver og en har en stemme som blir hørt. I det siste har jeg imidlertid blitt mer og mer overbevist om at ørene også må være med. Det holder ikke å si at jeg har en stemme som blir hørt, jeg trenger også ører som hører de andres stemmer. Og jeg vil gå enda lenger og si at i tillegg til ørene trenger jeg også dette lydhøre hjertet, som ønsker å høre de andre og svare på det de sier».
Publisert:
Publisert: 2. januar 2026 06:16

2 hours ago
1












English (US)