Italienske Lazio var favorittar mot Bodø/Glimt. I Italia er ikkje media nådige etter dei heilgule sin bragd, skriv VG.
I går slo Bodø/Glimt ut Lazio frå Europaligaen etter ein intens kamp med avsluttande straffesparkkonkurranse.
Lazio bomma på tre av sine fem straffespark, og no får Bodø/Glimt møte Tottenham i semifinalen 1. og 8. mai.
«Lazio! Det er slik du kastar det vekk. La Bodø/Glimt kome tilbake, slepp inn eit mål og bom på tre straffer» skriv den italienske storavisa Gazzetta dello sport etter at Glimt gjekk sigrande ut torsdag.
«Lazio, for eit mareritt!» skreiv Corriere dello Sport i si direktedekning då Europaliga-exiten var eit faktum.
Også Lazio-kaptein Mattia Zaccagni var slukøyra etter nederlaget.
– Vi er øydelagde, sa Zaccagni.