Vestnesdrapet: Tilsette ved institusjon meinte mannen ikkje burde få reise heim

2 days ago 16



Drapssaka i Vestnes i fjor haust vekte stor oppsikt. Ein psykisk sjuk mann fekk reise frå institusjonen der han budde og heim til familien på besøk, og etter kort tid drap han mor si. Lillebroren blei alvorleg skadd, men berga livet.

I etterkant av drapet kom det fram at mannen var ustabil og at barnevernet tidlegare hadde åtvara mot at han var heime på besøk.

Forsvararen til mannen kalla det ei varsla katastrofe.

No viser eit møtereferat mellom dei involverte hjelpeinstansane at det også var interne diskusjonar den samme dagen mannen drog frå institusjonen og heim.

Institusjonen der mannen budde meinte det ikkje var tilrådeleg:

«NN (namnet på insititusjonen) vurderte aktuell dag at pasienten ikke var i form til å besøke mor grunnet atferd. NN konfererte internt og mente besøk ikke var tilrådelig. De tok kontakt med Hjelset for råd om atferden hvis påtenkt besøk».

Politi og kriminalteknikere på åstedet i Vestnes hvor en kvinne ble funnet død og et barn hardt skadd.

Politiet rykte ut med kriminalteknikarar til Vestnes.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Pasienten hadde respekt for mor

Men mannen fekk likevel dra. Etter at dei tilsette ved institusjonen på Nordmøre fekk råd frå dei tilsette ved sjukehusavdelinga Hjelset, blei det gitt grønt lys:

« ... anbefalingar i situasjonen ble gitt. Pasienten ble etter avtale med mor kjørt til boligen i Vestnes der han ved avlevering fremsto i kjent habituell tilstand».

Det samme viser referatet etter møtet mellom Vestnes kommune, helseføretaket og institusjonen som vart halde etterkant av drapet:

«Det ble lagt vekt på at pårørende kjenner sitt barn best, pasienten hadde respekt for mor og fulgte hennes formaninger og korrigerte seg».

Møte for å lære av drapssaka

Regionleiaren for institusjonen vil ikkje uttale seg om saka, og seier at ingen av dei andre tilsette som var på møtet skal gjere det heller.

Kommunikasjonssjefen for selskapet som driv insitusjonen skriv dette i ein epost:

«Det er riktig som det fremgår av referatet at avdelingen vurderte atferden hans den dagen slik at han kanskje ikke burde besøke mor. Men NN (namnet på selskapet) har ikke lovhjemmel for å nekte mor og sønn samvær når de begge ønsker det, og kontaktet derfor Hjelset. Medisinsk ansvarlig der bekreftet at mor har håndtert han i slike situasjoner tidligere, og at besøket derfor kunne gjennomføres. Mor ble også kontaktet, og ønsket å gjennomføre besøket».

I januar møttest fire tilsette frå Helse Møre og Romsdal, seks frå institusjonen og to frå kommunen: «med et overordnet mål om å se på kvalitet- og forbedringspunkter som kan ha overføringsverdi til fremtidige pasientforløp».

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå Helse Møre og Romsdal om kva for konkrete vurderingar som blei gjort før mannen fekk reise heim.

Vestnes drap politi

Politifolk på staden etter at ein ung mann drap mor si.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Diskuterte rolla til mora

Referatet viser at rolla til mora, som etter kort tid blei drepen, har vore eitt av temaa på møtet. Ho skal ha ønskt å ha sonen på besøk, og hadde også kort tid før drapet vore på ei vekes utanlandsferie med han.

Diskusjonen handla mellom anna om i kor stor grad ei mor greier å ta inn over seg kor stor risiko hennar eigen son kan vere, og kor mykje ansvar dei pårørande kan ha for å bestemme om han skal komme på permisjon.

Mannen blei tidlegare i år dømd til tvunge psykisk helsevern etter drapet. Statsforvaltaren granskar no om helsevesenet kan klandrast i samband med drapet.

Publisert 29.04.2025, kl. 12.45 Oppdatert 29.04.2025, kl. 13.11

Read Entire Article