Venezuelansk musikar: – Eg er lei av å teie

1 month ago 27



– Om regjeringa ser kva eg har posta på nett, kan eg hamne i trøbbel. Eg kan bli sensurert og dei kan nekte meg inn i Venezuela. Men eg er ikkje redd. Dette er viktigare enn musikk.

Det seier artist Javier «Faker» Peraza til NRK.

Han er ein av dei over 7,7 millionar venezuelanarane som har flykta frå heimlandet etter at Maduro-regimet tok over makta i 2013.

I likskap med mange andre, reagerer han sterkt på førre vekes presidentval der Nicolás Maduro erklærte seks nye år.

– No er det veldig tøft. Det er truleg den tøffaste tida på fleire år. Samtidig finnast det meir håp enn nokosinne. Alle jobbar mot det same målet. Vi vil ha endring, fridom og rettferd, seier han.

Politiet nyttar tåregass mot demonstrantar i hovudstaden Caracas.

Politiet nyttar tåregass mot demonstrantar i hovudstaden Caracas.

Foto: YURI CORTEZ / AFP

Tøffe kår

Året er 2016. Det er tøffe kår i Venezuela.

Innbyggjarane må stå i lange køar for å få tak i naudsynte varer som brød og toalettpapir. Vassmangelen er kritisk og det er berre lov til å nytte seg av straum fire timar per dag.

Javier og familien slit med å få endane til å møtast.

Javier har bestemt seg. Han må forlate landet.

– Det var veldig tøft å leve i Venezuela på den tida. Vi hadde ingenting og det var stor uvisse. Eg, som mange andre venezuelanarar, måtte finne ein måte å overleve og forsørgje familien min, fortel Javier.

18-åringen flyttar til Panama for å jobbe. Målet er å få eit betre liv og sende pengar heim til det kriseramma landet.

– Eg måtte ofre mykje for å følgje draumane mine, fortel han.

Etter eit år i Panama, flyttar Javier vidare til Colombia og byen Medellín. Han bur også nokre år i Europa, medan søstera hamnar i USA.

Familien er spreidd verda over som eit resultat av det som skjer i heimlandet.

Nokre av dei nærmaste familiemedlemmane hans får ikkje sett kvarandre på sju år.

Å følgje draumen

Javier vel å følgje draumen i musikkbransjen. I 2019 byrjar han som artist og musikkprodusent under namnet «Faker».

Javier Peraza, betre kjend som «Faker», er ein venezuelansk artist og musikkprodusent som nyttar plattformen sin til å spreie kunnskap om situasjonen i heimlandet.

Hiphop-artist Javier «Faker» Peraza syng om kjærleik, sjølvransaking, aspirasjon og kritikk mot samfunnet.

Foto: Privat

Han syng om kjærleik, sjølvransaking, aspirasjon og kritikk mot samfunnet. I tillegg samarbeider han med artistar frå Venezuela og resten av Latin-Amerika.

I 2024, etter år med hardt arbeid og høge ambisjonar, har han opparbeida seg over 160.000 månadlege lyttarar på Spotify.

Hiphop-artisten har vald å nytte plattforma si til å spreie informasjon om situasjonen i heimlandet.

– Som ein artist som har ein følgarskare, må eg bruke stemma mi til å spreie kunnskap. Alle må vite kva som skjer i Venezuela. Det har vore slik i årevis. Vi krev forandring og fridom, seier den unge musikaren.

Det er ingen tvil om at det å dele politisk innhald i negativ forstand, kan vere problematisk.

– Det er tøft. Artistar er stille fordi dei er redde for å ikkje få spele meir. Styresmaktene kontrollerer arrangement. Men eg er lei av å teie, seier han.

Javier «Faker» Peraza spelar framfor eit stort publikum saman med andre artistar.

Javier «Faker» Peraza spelar framfor eit stort publikum saman med andre artistar.

Foto: Privat

Eit nytt Venezuela

Opposisjonen si viktigaste valkampsak har vore å skape eit nytt Venezuela slik at alle dei som har reist frå landet, kan kome heim att.

Tal frå FN syner at 2000 venezuelanarar forlèt landet dagleg som følgje av vald, inflasjon, gjengkriminalitet og mangel på mat og medisinar.

Dette er den største utvandringa i nyare historie i Latin-Amerika og situasjonen har utvikla seg til å bli ein av dei største internasjonale flyktningkrisene i verda, ifølgje FN sin høgkommissær for flyktningar.

Før presidentvalet i førre veke, var opposisjonen meir samla enn nokosinne. For første gong på mange år hadde dei håp om forandring.

Då sitjande president Nicolás Maduro erklærte valsiger, tok folket til gatene for å protestere mot regimet.

– Situasjonen har blitt veldig farleg no. Vi må berre be for dei som risikerer livet sitt for å protestere slik at Venezuela kan bli fritt, sukkar Peraza.

Demonstrantar og politi i hovudstaden Caracas.

Demonstrantar og politi i hovudstaden Caracas.

Foto: Fernando Vergara / AP

– Det er veldig klart for alle at valresultatet er ein bløff, og at den eigentlege vinnaren er Edmundo Gonzales, seier han og viser til den pensjonerte diplomaten som representerte opposisjonskoalisjonen Einingsplattformen.

Opposisjonen i landet meiner dei kan bevise at det var dei som vann.

Amerikanske styresmakter har også anerkjend opposisjonen som vinnarar av valet.

– Maduro må overlevere landet. Han må høyre på folket og respektere valresultatet. Eg bryr meg ikkje om hemn. Eg vil berre ha rettferd, seier Peraza.

Ifølgje ein rapport frå The Carter Center, som hadde valobservatørar i landet, var valet ikkje demokratisk.

– Venezuela sitt presidentval oppfylte ikkje internasjonale standardar for valintegritet og kan ikkje bli sett på som demokratisk, skriv organisasjonen.

Nicolás Maduro i presidentpalasset Miraflores i hovudstaden Caracas.

Nicolás Maduro i presidentpalasset Miraflores i Caracas.

Foto: FEDERICO PARRA / AFP

Javier fekk ikkje stemme under søndagens val fordi grensa mellom Colombia og Venezuela blei stengd.

– Det er klart at alle venezuelanarar i utlandet heiar på opposisjonen. Eg skulle gjerne ha stemd, men det var nærmast umogeleg utanfor landegrensene, fortvilar han.

Av nesten 3 millionar venezuelanarar i Colombia, fekk berre 7000 av dei stemme i nabolandet.

Ser framover

Javier har framleis familiemedlemmar og vennar i heimlandet.

– Dei tar til gatene. Dei rapporterer og sender informasjon. Vi vil berre at landet vårt skal vere fritt. Vi vil ikkje at fleire familiar skal bli skilde, seier han.

Javier «Faker» Peraza håpar på endring, fridom og rettferd for landet sitt.

Sjølv om Javier kunne tenke seg å returnere til heimlandet for å bygge opp Venezuela på ny, erkjenner han at landet ikkje er som det ein gong var.

Foto: Privat

– Vi har eit slagord, mano tengo fe, som betyr at vi har håp og tru. Du kan føle det utanfor landegrensene. Du kan føle det på internett. Alle står saman om dette, seier han optimistisk.

– Har du lyst til å flytte heim igjen?

– Akkurat no har eg det bra her eg er, i Medellín, men hjarta mitt er sjølvsagt i Venezuela. Vi gløymer aldri heimlandet vårt, sjølv om vi startar på ny utanfor landegrensene, seier han.

– Venezuela betyr kjærleik, glede, lykke og fellesskap. Vi gler oss til framtida. Denne gongen er det annleis. Vi ber og håpar på at endring er i sikte. Lenge leve Venezuela!

Publisert 04.08.2024, kl. 19.36

Read Entire Article