Vekkjer oppsikt med kontroversiell sponsor: – Kjem ikkje til å opptre naken

1 hour ago 1



– OnlyFans gjer det mogleg å leve av lidenskapen sin, seier Viktor Thorup.

I haust annonserte den danske skøyteløparen at han hadde inngått eit samarbeid med den kontroversielle plattforma.

OnlyFans er mest kjend for deling av erotisk innhald, men idrettsutøvarar som Thorup nyttar no tenesta til å dele treningsinnhald og bilete «bak kulissane» for å finansiere satsinga si.

– Eg får inga lønn frå den danske olympiske komiteen. Viss eg ikkje hadde funne mine eigne måtar å vere profesjonell på, hadde det ikkje vore mogleg å drive med dette, seier Thorup til NRK.

mann på sosiale medium

SPORTSINNHALD: Thorup fortel at han deler ulikt innhald frå kvardagen som toppidrettsutøvar.

Foto: Skjermdump på Instagram / @thorupviktor

«Kjem ikkje til å opptre naken»

Dansken er ein av fleire utøvarar som blir sponsa av tenesta. Ein annan utøvar som også hentar kapital herfrå, er den tyske bobkøyraren Lisa Buckwitz.

Begge to skal delta i OL i februar. Sjølv om meisterskapet i Milano og Cortina gjev stor merksemd, slit dei likevel med å finansiere satsinga si.

– Eg er ikkje i OL fordi Danmark fekk det til å skje. Eg er i OL trass i at eg er dansk. Eg betaler 80 prosent av alle utgifter sjølv, seier dansken.

Trass i eit OL-gull frå 2018, har heller ikkje bobkøyraren nok midlar til å satse. Før sitt tredje OL har ho derfor valt OnlyFans som sponsor, men er tydeleg på éin ting:

– Eg kjem definitivt ikkje til å opptre naken, understrekar Buckwitz.

kvinne

OL: Lisa Buckwitz har eit OL-gull frå 2018.

Foto: Skjermdump / Instagram @lisa_buckwitz

Problematisk

Sjølv om utøvarane berre deler treningsinnhald, meiner Chris Horbel ved Noregs idrettshøgskule at samarbeidet sender uheldige signal til unge fans.

– Idrettsutøvarar er førebilete. Når ein utøvar promoterer OnlyFans, blir barn og unge eksponerte for ei plattform som er sterkt assosiert med pornografi. Det er uønskt at barn blir leidde mot denne typen innhald via sine heltar, seier Horbel, som er førsteamanuensis i sportsmanagement.

Skøyteløparen er ikkje einig i at samarbeidet er problematisk for unge følgjarar.

– OnlyFans gjer ein god jobb med å tydeleggjere at dette er ei 18-årsplattform. Eg har tillit til jobben dei gjer, så det er ikkje noko eg bekymrar meg for. Jobben min er å dele det eg elskar, seier Thorup.

Han fortel at han hovudsakleg deler innhald om sporten og korleis han trenar.

Bildet viser en gruppe hastighetsåkere i aksjon under en konkurranse. Deltakerne har på seg fargerike drakter og hjelmer med nummer, og de er bøyd fremover i en typisk skøytestil. Omgivelsene er en innendørs skøytebane med en tydelig glattholt is. Det er flere deltakere fra forskjellige nasjoner, inkludert personer med ulikt fargede drakter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SKØYTER: Viktor Thorup deltok i førre Ol i 2022 i Beijing. No skal han delta i sitt tredje OL.

Foto: Sue Ogrocki / AP / NTB

– Oppmodar til å tenkje seg om

Det danske skøyteforbundet har også uttrykt at dei er kritiske til sponsoravtala til Thorup.

– Dansk Skøjte Union er ikkje samd med Viktor i om det var det rette valet å gå inn i eit samarbeid med OnlyFans. Det har vi også gitt han beskjed om, skriv forbundet til NRK.

Haldninga er den same hos Danmarks idrettsforbund (DIF), som også fungerer som den nasjonale olympiske komiteen. Dei understrekar at utøvarar alltid bør vurdere kva verdiar ein samarbeidspartnar representerer.

– Vi kan likevel ikkje bestemme over utøvarane, og har derfor ikkje konkrete retningslinjer på området. Men vi oppmodar til at ein tenkjer seg godt om – spesielt når ein er eit førebilete for andre, seier Hans Natorp, som er formann i forbundet.

Han understrekar at dette ikkje vil vere noko problem i OL, der ingen utøvarar får lov å bruke private sponsorar.

En mann står foran en vegg med logoer og reklamer fra forskjellige merker. Han er kledd i en lys dress og ser ut mot kameraet. Hånden hans er prydet med flere ringer. Arrangementet ser ut til å være en offentlig eller mediebegivenhet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

ONLYFANS-ATLET: Ifølgje Emil Heyerdahl, var han første utøvar som blei ein del av OnlyFans-laget i Nord-Europa.

Foto: Lise Åserud / NTB

Streng kontrakt

Norske Emil Heyerdahl var ifølgje han sjølv, den første i Nord-Europa som blei ein «OnlyFans-atlet». For racingsjåføren handlar samarbeidet først og fremst om å kunne drive med sporten på heiltid.

– Det er pengar involvert som gjer at vi får moglegheita til å leve av idretten og satse fullt ut, seier Heyerdahl.

Han er klar over at plattforma er kontroversiell, men understrekar at avtala hans har klare grenser.

– Eg har ein veldig streng kontrakt, forklarar han.

Han held fram:

– Det at ein tør å ta litt kontroversielle samarbeid og gjere noko anna enn alle andre, det støttar eg fullt ut.

NRKs fotograf har gått verden rundt

Publisert 04.02.2026, kl. 05.16

Read Entire Article