Vatnet har herja i Rogaland: No stig vassmassane att

12 hours ago 1



Flaumen er tilbake i Sokndal i Rogaland, etter at det kom mykje regn natt til torsdag.

Denne veka har fleire stader i Rogaland vore prega av flaum og store vassmengder.

Aller verst har det vore i Sokndal, der ordføraren erklærte unntakstilstand tidlegare denne veka.

Stømmen gikk i Sokndal

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fastbuande på Øyno har vore isolerte utan veg. I går opna den att og barnefamiliar flykta frå flaumen. I dag er vegen stengd att etter flaumen kom tilbake.

Skader for 1 million kroner

Flaumen har gjort store skader på hus, der bedrifter også har fått kjenne på naturkreftene.

Hos Volden Tollefsen i Sokndal har store summar gått tapt etter flaumen.

– Det er snakk om at minst 1 million har gått tapt, seier takstmannen Sindre Berge.

Takstmannen Sindre Berge er på besøk hos dagleg leiar Christer Volden og styreleiar Vidar Volden, hos Volden Tollefsen.

– Det er vanskeleg å drive bedrift her, seier Christer Volden.

Overvatn fleire stader

Det blir meldt om overvatn på mange vegar i Rogaland.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Tor Evensen, seier dei har fått fleire meldingar om flaum på vegane frå Haugesund til Lund kommune.

En gate med biler og bygninger om natten (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

I Sokndal gjekk straumen tidlegare i dag.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Blant dei som råkar flest er det kanskje E39 ved Eidelva i Lund kommune. Der er det flaum, og ved E39 på Figgjo er det ein undergang der det skal vere flaum.

Også på nokre fylkesvegar, blant anna fylkesveg 44, er det overvatn i morgontimane. Ingen av vegane er foreløpig stengde.

– Folk må følge godt med på nettsidene

Tidleg onsdag torsdag mista både Sokndal og Moi heilt sør i Rogaland straumen. Han kom likevel tilbake kort tid etterpå.

Nettselskapet Enida veit foreløpig ikkje kva som var årsaka til straumbrotet.

Ifølge NRKs reporter i Sokndal er det mindre vatn i dag, enn det var tidlegare denne veka.

Ifølge kommunen er det likevel stigande vatn ved Øyno i Sokndal i dag. Området var isolert frå resten av kommunen i to døgn, som følge av stigande vatn tidlegare denne veka.

I går blei det likevel opna for persontrafikk igjen, da vassmassane hadde sokke.

Nå er det stengt igjen.

Sokndal-ordfører Bjørn-Inge Mydland

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kommunen har hatt krisestab sidan måndag og skal igjen ha eit møte om situasjonen klokka 08:00 i dag.

– Folk må følge godt med på nettsidene til kommunen slik dei har vore til nå, seier ordførar Bjørn Inge Mydland til NRK.

Han seier kommunen er betre førebudd på situasjonen nå enn dei var på måndag.

– Da kjentest det nesten som eit angrep, seier Mydland.

Brannvesenet: – Ikkje som sist gong

Kjell Gunnar Stormo er utrykkingsleiar i brannvesenet i Sokndal. Han fortel at det førebels berre er på Øyno at det er mykje vatn.

– Det er ikkje som sist gong. No er det elva Sokna som er høg. Tilsiget er mykje mindre. Me fryktar ikkje flaum no, seier Stormo til NRK.

Han seier dei voner at det vil gå bra.

– Vi er vane med å ha mykje vatn og reknar med å handsame det, seier han.

Publisert 18.12.2025, kl. 08.32 Oppdatert 18.12.2025, kl. 09.57

Read Entire Article