Laurdag vart ein utanlandsk statsborgar varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, sikta for overgrep mot to steborn.
Begge borna var under 14 år då overgrepa skal ha skjedd. Det eldste barnet skal etter det NRK kjenner til vore utsett for overgrep over ein periode på tre år. Den yngste i nær eitt år.
Overgrepa skal ha skjedd i to ulike land medan barnemora og den sikta budde saman.
Mannen i 40-åra er sikta for valdtekt til samleie, som har ei strafferamme på 21 år.
Tingretten skildrar saka som ei «meget alvorlig sedelighetssak». Mannen avviser skuldingane.
– Ut ifrå hans oppfatning og det han meiner, så stiller han seg uforståande til det, seier mannen sin forsvarar, Ivar Eivind Hauge. Det er uvisst om fengslinga blir anka.
Varsla politiet
Mannen er busett i eit anna land, men vart pågripen torsdag før helga då han kom til ein flyplass i Vestland. Etter det NRK får opplyst varsla barnemora politiet om når og kvar han skulle komme. Det er uvisst i kva samanheng mannen kom til Noreg.
Ifølgje fengslinga frå tingretten opplyste mannen at han kom etter invitasjon frå barnemora.
Det er ukjend kva relasjon det er mellom den sikta og barnemora no. I tillegg til borna frå tidlegare forhold, bur kvinna i Noreg med eitt av dei to borna ho har saman med den sikta.
Mannen bur i eit anna land saman med det andre barnet dei har saman.
Meiner skuldingane er iscenesett
Ifølgje fengslinga meiner mannen at saka er iscenesett av barnemora for å få omsorg for deira felles barn som han bur med.
– Kva bortforklaringar sikta i saka har, skal eg ikkje vurdere. Det får nesten bli politiet sitt arbeid i høve til den vidare etterforskinga, seier advokat Robert Fonn.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Det skal noko til at to små born skal samordne forklaringane slik, seier Robert Fonn, som er borna sin advokat.
– Eg har høyrt jentene forklare to uavhengige historier som samsvarar med kvarandre, og som er på eit ganske detaljert nivå om kva som har skjedd og kvar. Det er på eit slik detaljnivå og med omgrep som ein ikkje kan venta at så små born skal bruke, seier Fonn.
Nøgd med politiarbeidet
Etter det NRK kjenner til gjekk barnemora til politiet i juni i fjor, kort tid etter at eitt av borna fortalde henne om overgrepa. Det vart gjennomført tilrettelagde avhøyr av borna i juli.
Sjølv om det har gått ti månader sidan saka vart meld, er Fonn nøgd med at politiet har teke saka på alvor.
– At det har gått noko tid har nok med at den sikta har vore i utlandet, og med litt ulike adresser og tidvis ukjend opphaldsstad. Eg kan ikkje svare på kva politiet har gjort elles, men dei greip tak i det då dei fekk handfast informasjon om at han kom til Noreg.
Etterforsking i fleire land
Politiet bad om varetektsfengsling både på grunn av fare for at mannen kan øydeleggje bevis, at han kan prøve å sleppe unna straff og at han kan påverke vitne. Det er uvisst om avgjerda blir anka.
Ifølgje fengslinga reknar politiet med å avhøyre personar i fleire andre land.
– Så langt vi har kome i høve til borns rettar, så legg eg utan vidare til grunn at Noreg er forplikta til å etterforske dette på ein ordentleg måte og iretteført, dersom føresetnadane for det er til stade, i Noreg. Sjølv om straffeforholdet skjedde i utlandet, seier Fonn.
– Meir tidkrevjande
Politiadvokat Sissel Kleiven har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar grunna påskeferie.
Straffesaksansvarleg i Sogn og Fjordane, Askel Rødland, seier etterforsking av straffesaker i utlandet tek lengre tid og blir meir tidkrevjande.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKStraffesaksansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, Askel Rødland, seier på generelt grunnlag at lovbrot som har skjedd i utlandet er meir tidkrevjande å etterforske.
– Det er ein meir krevjande prosess, både tidsmessig og gjennom vanleg etterforsking. Vi avheng av samarbeid med andre styresmakter, og gjerne gjennom sokalla rettsanmodningar som vi må formidle via vår påtalemyndigheit og statsadvokat, seier Rødland.
Publisert 14.04.2025, kl. 17.44