Var sjukepleiar i Gaza – måtte velje kven som skulle få hjelp og kven som måtte døy

1 month ago 33



Etter å ha jobba fem veker i Gaza som sjukepleiar, er Gro Halten tilbake i heimbyen Kristiansund. Intensivsjukepleiaren er sliten, men mest av alt takknemleg for å ha fått lov til å hjelpe.

Kvar dag jobba ho som regel ti timar eller meir på feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah.

Prioriterte dei som kunne overleve

Mykje var likt som i Noreg. Men utstyret var ikkje like moderne, og det var ikkje nok. Spesielt éin ting var fundamentalt annleis.

Når det kjem pasientar som er hardt skadde, er vi vane med å ta dei først. Men der hadde vi ikkje ressursar til å behandle dei, seier Gro.

Så då måtte vi ta dei vi trudde kunne overleve først. Så då må du legge dei hardt skadde til side, la dei få døy og prøve å legge til rette for ei verdig avslutning.

Ikke alt av utstyret på feltsykehuset var moderne.

Mangel på utstyr gjorde at personalet fann kreative løysingar.

Foto: Privat/Røde Kors

50 pasientar på éin time

Ho kunne høyre bombene ikkje langt unna sjukehuset, og så kom sirene.

Så går det nokre minutt, og så begynner dei første pasientane å komme.

Fleire gongar kom det svært mange pasientar på kort tid.

20 pasientar på 15 minutt, det er ganske krevjande. For ikkje å snakke om 50 pasientar på under éin time. Så du må jobbe fort.

Det var ikke langt fra kamphandlingene til sykehusområdet i Rafah.

Det var ikkje langt frå kamphandlingane til sjukehusområdet i Rafah.

Foto: Privat/ Røde Kors

Skadar ho aldri hadde sett før

Pasientane var folk i alle aldrar. Dei hadde skot- og splintskadar. Brot og skadar etter bomber, skadar ho aldri hadde sett før.

Det er fødeavdeling på feltsykehuset i Rafah og flere barn ble født mens Gro Halten jobbet der.

Det er fødeavdeling på feltsjukehuset og fleire born blei fødde medan Gro Halten jobba der. Om ho hadde ein krevjande dag, gjekk ho innom avdelinga for å helse på babyane som eit avbrekk.

Foto: Privat/ Røde Kors

Halten var vitne til mange triste skjebnar, men også fine augneblikk. Som då ho klarte å finne mora til ein toåring som kom åleine og hardt skadd til sjukehuset.

– Så ser eg at ho faktisk har ei mor som er glad i seg. Og jenta rekk fram hendene til mora si og berre klamrar seg rundt henne.

Bekymra for kona

Kontrastane mellom å vere i det krigsherja området og å ha solfylte feriedagar heime i Kristiansund er store. Latteren sit laust når ho og ektemannen Roar Halten tar imot NRK i hagen.

– Eg frykta at du skulle komme heim og ha blitt ein veldig alvorleg person. Eg er glad det ikkje skjedde, seier Roar.

Det var no mange alvorlege hendingar og situasjonar. Men du kan no ikkje ta med pasientane heim, det gjør du ikkje når du er på jobb i Noreg heller, svarer Gro.

Dei to snakka saman nesten kvar einaste dag då Gro var i Gaza.

– Det var ei veldig sær oppleving å sitte heime her og snakke med den personen du er mest glad i heile verda, om kvardagslege ting, samtidig som du høyrer bomber og maskingevær i bakgrunnen.

For ordens skuld: Roar Halten har tidlegare vore tilsett i NRK.

Gro Halten er tilbake hos mannen Roar Halten etter å ha jobbet fem uker som sykepleier i Gaza.

– Eg er no veldig stolt av henne. Eg kjem ikkje til å stille meg i vegen for at ho gjer dette fleire gongar, seier Roar Halten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Aldri redd

Trass i at det var kulehol i teltveggane og sjukehuset fleire gongar måtte evakuere, seier Gro at ho aldri var redd. Det var vakter på sjukehuset og Røde Kors hadde eit omfattande sikkerheitsopplegg.

– Kvar dag er ein farleg situasjon, men så må du stole på at dei som veit kva dei held på med, gjer gode vurderingar.

For Roar var det ei stor lette då kona kom heim.

Sjølv om ein har aldri så mykje tillit til at ho blir tatt godt vare på, er det alltid ei usikkerheit.

De ansatte ved feltsykehuset til Røde Kors i Rafah delte rom og måtte ha arbeidsklærne klare i tilfelle de måtte rykke ut til sykehuset i løpet av natten.

Dei frivillige budde i et hus på sjukehusområdet. Der delte dei rom og måtte ha arbeidskleda klare i tilfelle dei blei hasteinnkalla i løpet av natta.

Foto: Privat/Røde Kors

500 helsearbeidarar drepne

Men det er ein risiko ved å ta på seg slike oppgåver. Ifølgje FNs høgkommissær for menneskerettar er over 500 helsearbeidarar på Gaza drepne sidan denne krigen braut ut i oktober i 2023. Over 300 er fengsla og det er rapportert om tortur av helsearbeidarar.

– Dei medisinske behova på Gaza er enorme, så det er positivt at internasjonale helsearbeidarar bidrar. Dei aller fleste reiser vel vitande om risiko, med mykje erfaring i bagasjen, skriv Catharina Bu, generalsekretær i FN-sambandet, til NRK.

Pasienter blir båret inn på feltsykehuset til Røde Kors i Rafah i Gaza.

Ein pasient kjem til feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah i Gaza.

Foto: Privat / Røde Kors

Underviser sjukepleiarstudentar

Til dagleg underviser Gro Halten sjukepleiarstudentar ved Høgskolen i Molde.

– Arbeidsgivaren min har vore veldig raus. Eg har førebudd meg i tre år og fått anledning til å ta oppdrag i Afrika for å kvalifisere meg til oppdraget.

Elin Mordal, rektor ved Høgskolen i Molde, rosar avdeling for helse – og sosialfag for å finne løysingar som gjorde at Gro kunne reise til Gaza.

– Eg er sikker på at studentane vil ha stort utbytte av å ta del i den erfaringa som Gro får som frivillig for Røde Kors.

Fekk sand i avskjedsgåve

Då Gro skulle reise heim fekk ho ei avskjedsgåve frå ein kollega: ei flaske med sand.

Gro Halten fikk en flaske med sand i avskjedsgave etter at hun hadde jobbet som sykepleier på Gaza.

Sanden i flaska er henta frå området rundt sjukehuset.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han sa at kvar gong du ser på den her, så skal du tenke på oss. Det er ikkje mykje, men det er det eg kan gi deg.

Flaska har fått plass i stua.

– Eg tenker på kollegaene mine kvar dag. Eg reiste heim, medan dei blir igjen og fortset jobben. Viss moglegheita byr seg, og arbeidsgivar tillèt det, så kan det hende at eg reiser tilbake.

Publisert 05.08.2024, kl. 18.00

Read Entire Article