Var på jobbreise: «Ønsker å gjøre det samme. Lovet deg 3000»

16 hours ago 5



Mannen hadde ein leiarstilling i eit av dei største selskapa i Norge. Før jobbturar avtalte han sextreff med 14 år gamal gut.

 Frode Sunde / TV 2
SJETTE MANN: Ein mann i 60-åra er dømd for overgrep mot ein då 14 år gamal gut. Han er den sjette mannen som er dømd for å ha forgripe seg på den same guten. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 13.06.2025 23:32

Det er nesten 50 års aldersforskjell på dei to. 

Men i retten hevda mannen i 60-åra at han trudde den unge mannen han møtte var 18 år. 

Den forklaringa festar Haugaland og Sunnhordland tingrett absolutt inga lit til.

Skjedde på hotell

No er mannen dømd til elleve månadar fengsel for fem tilfelle av seksuell omgang med ein då 14 år gamal gut. 

Alle overgrepa skjedde på eit hotellrom mannen disponerte på reise «i forbindelse med jobb».

– Særleg på bakgrunn av fornærma sin utsjånad, meiner retten at tiltalte er sterkt å klandra for sitt vankunne om at fornærma var under 16 år, slår tingretten fast.

Gut kan ha hatt tolv overgriparar – rasar mot etterforskinga

Pengar, røyk og alkohol

Retten meiner den seksuelle omgangen mellom leiaren i 60-åra og 14-åringen bestod av masturbering. Dei skal ha møttest på appen Grindr.

Retten legg til grunn at oralsex ikkje har skjedd, sjølv om mannen har sendt følgande meldingar til guten:

«Kos felles runk klin og sug», sendt før det første møtet hausten 2022.

 «Ønsker å gjøre det samme, kose, runke kysse og suge deg. Lovet deg 3000», sendt før eitt nytt treff seinare på hausten.

Betalte for overgrep med sprit og pengar

Årsaka til det er at guten i tilrettelagde avhøyr har avvist at oralsex skjedde.

Retten har derimot funne det bevist at mannen gav pengar, røyk og alkohol til guten i forbindelse med treffa på hotellrommet. 

Han er difor dømd for å ha skaffa seg seksuell omgang med nokon under 18 år ved å betale for det.

– Dommen er grundig og i det vesentlege i tråd med min argumentasjon. Det er statsadvokaten som bestemmer om dommen skal ankast, men det vil ikkje bli foreslått på påtalemakta i politiet, seier politiadvokat Else Lokna til TV 2.

Sjette mann

Sakskomplekset har eit mørkt bakteppe. I 2023 gjekk den fornærma til politiet og politimelde i alt 13 menn for å ha forgripe seg på han.

Mannen i 60-åra, som altså hadde ei leiarstilling i eitt av dei største selskapa i Norge, er no den sjette mannen som er dømd i sakskomplekset.

Tidlegare i vår vart fire menn dømde for å overgrep mot guten, i fellesskap to og to. Ein av dei vart frikjend for valdtekt av guten då han var under 14 år. Påtalemakta har ikkje svara TV 2 på om den dommen blir anka. 

Også ein barne- og ungdomsarbeidar er tiltalt. Han må møte i retten over sommaren. 

Dei resterande fem sakene er framleis under etterforsking. Alle mennene har status som sikta.

Skrytte av trekant med 14-åring: «Han som løy på alderen»

Endra forklaring

I rettssaka nekta mannen i 60-åra straffskuld. Han sa at det aldri skjedde noko seksuelt mellom dei to på hotellrommet.

Det står i sterk kontrast til dei første forklaringane han gav til politiet etter å ha blitt pågripen. 

I to avhøyr, med åtte månadar mellomrom, erkjente han seksuelle handlingar og seksuell omgang som kyssing, kosing og masturbering.

– Retten bemerker at det også er lagt fram dokumentasjon som tilseier at tiltalte har tilbode andre pengar for sex. Dette viser tiltaltes modus, og underbygger fornærma sin forklaring, skriv retten i dommen.

Mannen må betale 80.000 kroner i oppreisningserstatning.

Dommen kan ankast og er difor ikkje rettskraftig enno. TV 2 har ikkje fått svar frå mannens forsvarar.

Read Entire Article