– Det kjennest veldig bra å vere ute, men eg kan ikkje seie at kroppen kjennest bra. Det gjer han ikkje, men han skal jo kome seg gradvis. Det håper vi på, seier Eivind Vold.
5. desember fullførte landslagsutøvar Vold sjette og siste cellegiftbehandling ved Radiumhospitalet i Oslo.
Knappe tre dagar etter tok landslagspadlaren skia fatt og kom seg ut i marka.
– Eg har vore kjempegira på å kome i gang igjen. Eg trur det er litt blanding av at eg er så ivrig på at eg er ferdig, og at ein er i mål. Så då kjennest det kanskje litt betre.
No, halvanna veke seinare, sit 31-åringen klar på ein treningsbenk i lokala til kajakklubben ved Bestumkilen i Oslo.
Han vil gjere eit forsøk på å løfte 160 kg i benkpress og tangere sin eigen rekord.
Trass i fire og ein halv månad med cellegift har 31-åringen klart å halde oppe det meste av muskelmassen i kroppen.
– Legane seier jo at det er veldig positivt å vere i aktivitet og kunne trene litt, både under og etter kur. Og det viser at det som klarer å få til det, kjem seg veldig mykje betre gjennom behandlinga og, seier Vold.
Og held fram:
– Det kjenner eg er tilfellet for meg òg.
Svulst i låret
Beskjeden om at landslagspadlaren hadde kreft kom som eit stort sjokk.
I aller høgaste grad fordi veslebroren Amund Vold (26) fekk påvist akutt lymfoblastisk leukemi fem år tidlegare. Kreftdiagnosen til broren blei ein årelang kamp. I dag er han heilt frisk og tilbake som proffpadlar.
For storebror Vold viste ein kul i låret seg å vere blautvevssarkom. I sommar 31-åringen vellykka operert.
– Eg trur da han blei sjuk, så gjekk det veldig, veldig mykje tøffare inn på meg, eigentleg. Fordi det var så sprøtt, då. Og så var det eigentleg ... Eg kjente jo ikkje at eg nesten ikkje tok ting heilt på alvor, seier Vold.
Kvar tredje veke har storebror Vold tatt turen til Radiumhospitalet. I tre–fire dagar over seks periodar har cellegift blitt sprøyta inn i kroppen.
– Kva beskjedar har du fått av legane undervegs?
– Nei altså ... dei handterer jo også med mykje verre tilfelle enn meg, då. Så sjølv om det ikkje er ei hyggeleg behandling eller ein hyggeleg beskjed å få, så ... dei gir jo uttrykk for at eg har tolt behandlinga ekstremt bra, seier Vold.
Gode prognosar
Han understrekar at dei siste månadene ikkje har vore nokon dans på roser.
Analysane etter operasjonen viste at kulen var svært aggressiv – og legane var redde for at kreften kunne ha spreidd seg.
– Det var først då det verkeleg gjekk inn over meg at det her er alvorleg, skildrar Vold.
Men prognosane etter enda behandling har vore gode.
31-åringen skal tilbake til Radiumhospitalet på kontroll dei neste ti åra. Sakte, men sikkert kjem også kroppen tilbake til det normale.
Viktig med meistringskjensle
Det har vore viktig for Vold å halde seg i aktivitet mellom cellegiftkurane. Også mentalt.
– Det er ikkje sånn at eg bevisst har gjort desse tinga for å handtere det mentale, men eg trur det har spelt ei veldig stor rolle. Berre det å få progresjon på eit eller anna felt, «Sjå, det her er bra», eller «det her var gøy».
– Å kjenne at ein får til noko som gir meistringskjensle sjølv i ein sånn prosess har vore alfa og omega.
Det er truleg derfor 31-åringen padla frå Hirtshals til Grimstad og sette ny rekord over Skagerrak før han begynte på cellegift.
Og truleg derfor han no vil prøve å makse 160 kg i benkpress, halvanna veke etter siste cellegiftkur.
Det gjekk rett nok berre nesten denne gongen. Men Vold påpeikar at det ikkje gjer noko – målet er å klare det innan nyttår.
Ligg ikkje på latsida
– Korleis ser du på framtida?
– Eg er veldig spent på å kome i gang med ting igjen. Det er vanskeleg å seie noko akkurat no om det er mogleg å kome i toppform igjen, sånn som eg har vore. Men ein kan jo alltid drøyme litt om det, då.
Han har også sett seg eitt anna mål, noko han ikkje har gjort før: å springe ein maraton i løpet av 2025. Han har likevel ingen planar om å konkurrere med det første.
– Eg kjem til å sjå an korleis forma utviklar seg etter kvart, og ikkje få altfor store forhåpningar for tidleg her. For ein har jo fått mørbanka kroppen skikkeleg, så det er ei sjølvfølge at ting kjem heilt tilbake til normalen.
Men det betyr ikkje at 31-åringen har tenkt å legge seg på latsida.
– Eg kjem i alle fall til å vere i aktivitet. Så kjem eg sikkert til å delta på noko morosamt. Eg har ikkje tenkt til å berre legge meg ned på sofaen. Det har eg absolutt ikkje, seier Vold.
Publisert 22.12.2024, kl. 08.16