Vålerenga køyrte over Bodø/Glimt – Brann-helt Isaksen i tårer etter måldobbel og skade

11 hours ago 3



Vålerengas Olaug Tvedten netta sitt tiande mål for sesongen i 3–0 sigeren over Bodø/Glimt.

Thea Bjelde sende gjestane i leiinga på overtid i den første omgangen. Landslagsbacken blei spilt gjennom av Karina Sævik og tuppa ballen forbi Glimt-keeper Aubrei Corder.

Ikkje lenge etter kvilen la Tvedten på til 2–0. Sævik var på ny involvert med målgivande pasning då skotet frå Tvedten gjekk via eit Glimt-bein og i ein boge over Corder. Tvedten er toppscorar med ti mål denne sesongen.

Monica Isaksen blei avgjerande då Brann slo Hønefoss med same sifre, men måtte byttas ut rett etter at ho hadde scora sitt andre mål.

– Eg var sliten og hadde vondt i kroppen. Det går betre nå, sa Isaksen til TV 2 etter kampen.

Vålerenga er serieleiar med 33 poeng etter 13 kampar. Brann er poenget bak.

(©NTB)

Read Entire Article