Vakna med vatn til leggane: – Kvifor er ikkje flaumfaren skilta?

1 month ago 54



For gjennomreisande på E39 er sandbakkane innbydande for ei god natt søvn til elvesus og fuglekvitter.

Lokalkjende er derimot vel vande med at Votedalselva mellom Sandane i Gloppen og Skei i Sunnfjord kan vekse raskt på kort tid ved nedbør og snøsmelting.

Det bydde på nokre dramatiske timar for ti fortvila turistar, som søndag kveld parkerte og la seg på tørr grunn.

– Vi vakna med vatn opp til leggane. Kvifor kan ikkje flaumfaren vere skilta, spør dei måndag morgon.

Vegen står under vatn

Turistane ynskjer ikkje å stå fram med namn, men er tydeleg fortvila over situasjonen.

Dei måtte handle raskt då nedbørsmengdene søndag kveld og natt til måndag fekk elva til å stige. Då var det berre å flytte telta til høgste punkt.

Turistane fekk flytta telta til ei høgde ved Votedalselva.

Turistane fekk flytta telta til ei høgde ved Votedalselva.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Den korte vegen til E39 står under vatn.

– Utfordringa er at vatnet er så pass høgt at dei ikkje kjem seg opp til vegen og vidare, men dette er venta å betre seg utover dagen, seier operasjonsleiar Tor André Brakstad ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk meldinga via AMK i 03-tida.

– Dei første meldingane gjekk på at fleire personar i telt var i fare for å bli tekne av vatn, fordi elva byrja å stige, seier Brakstad.

Ein patrulje vart sendt til staden. Der talde dei fire bubilar og turistar i tre-fire telt som var stranda i den veksande elva.

– Vurderinga var at det ikkje var umiddelbar fare for at dei ville bli tekne. Telta kom seg opp på ei høgde, så dei står tørt. Bubilane står med litt vatn på dekka, men det er ingen umiddelbar fare, seier Brakstad.

NVE: – Inga plikt å skilte

Det er ikkje første gang at overnattande blir overraska av raskt veksande Votedalselv.

– Men det er ikkje alltid like lett for turistar å ta dei vurderingane, som det er for lokalkjende. Slik vart det denne gang, seier Brakstad.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er dei som forvaltar vassdraga i Noreg. Det er også dei som varslar fare for flaum ved temperaturendringar og store nedbørsmengder.

Aart Verhage, regionsjef NVE region vest

– Det var så pass mykje regn i Votedalen at det ikkje var heilt uventa at elva ville stige, seier Aart Verhage.

Foto: ODDMUND REISÆTER HAUGEN / NRK

– Det er ikkje krav til å skilte fare for flaum. NVE har heller ikkje myndigheit til å pålegge nokon å skilte, seier regiondirektør Aart Verhage.

Ansvar for eigen tryggleik

Verhage seier mange elvar på Vestlandet er utsette for temperaturskilnader. Spesielt elvar som kjem frå breane, slik som Votedalselva.

Han minner om at alle, også turistar, har ansvar for eiga handling og tryggleik.

– Det hadde vore noko anna om området var tilrettelagt for camping. Då burde ein kanskje skilte, men då er det grunneigar og kommune som kan gjere det, seier han.

Sjølv om Votedalen kan sjå innbydande ut for turistar, så er den ikkje tilrettelagt for overnatting.

– Landskapet på Vestlandet er slik at elvar kan stige mykje på få timar, og det bør ein tenkje over når ein camperar ved ei elv, seier han.

Votedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord er eit populært overnattingspunkt for mange turistar på E39.

Publisert 22.07.2024, kl. 10.39

Read Entire Article