Utskjelt europameister dukka opp på OL-tribunen: – Han er gal

1 month ago 23



Det var onsdag føremiddag at dei smått absurde scenen gjekk føre seg.

Istvan Peni, Ungarns store skyttarstjerne, var i aksjon under OL i Paris, og på tribunen rett bak han sat ein mann med telelinse og knipsa bilde i eitt sett.

Kven var mannen bak kamera?

Landsmann Peter Sidi som før OL i Tokyo blei skulda for å ha tukla med Peni sine vitamintablettar, slik at den daverande lagkameraten testa positivt for doping.

Sidi i Paris

Sidi, i svart t-skjorte, satt berre nokre meter bak mens Peni var i aksjon.

sidi på tribunen, blikkontakt

Det var ikkje ofte han ikkje hadde kameraet oppe, men NRK fikk tatt bilde av Sidi uten at ansiktet var skjult.

Sidi med kamera

Sidi knipsa rikeleg med bilde gjennom heile kvaliken.

Betent konflikt

For å forstå denne elleville situasjonen, må du vite dette:

  • Sidi og Peni var på same lag fram til situasjonen i 2021. Eit overvakingskamera fanga opp Sidi på veg ut frå hotellrommet til Peni, og kort tid etter avla Peni ein positiv dopingprøve.
  • Saka etterforskast framleis av Ungarsk politi, ifølge skyttarforbundet deira. Ingen er dømt.
  • Hotellromskandalen førte likevel til at det ungarske forbundet straffe Sidi med ei utestenging på to år.
  • Sidi følte seg lurt inn i ei felle, så han valde å bytte nasjon. Nå representerer han Romania.
  • Når utøvarar byter nasjon, så er det ein karanteneperiode. Difor var ikkje Sidi tilbake i skyttarmanesjen før denne våren, og han rakk ikkje kvalifisere seg til OL.

Men det forhindra han altså ikkje i å dukke opp på skytebana i OL. Berre nokre meter bak motparten i ei pågåande straffesak, sat Sidi og knipsa bilde av rivalen Peni.

– Det er barnehage-åtferd. Eg har ikkje noko å seie om dette. Det er ikkje nivået mitt, så eg bryr meg ikkje, seier Peni til NRK rett etter kvalifiseringa.

– Gjort det i to–tre år

Peni hevdar samtidig at det ikkje er fyrste gongen at Sidi har dukka opp for å ta bilde under konkurransar.

istvan-peni

PENI: Ungarske Istvan Peni snakka med NRK etter at han rauk ut av kvalifiseringa onsdag. Han var ikkje imponert over oppførselen til Peter Sidi.

Foto: Hans Solbakken / NRK

– Eg veit han sit der, det påverkar meg ikkje. Han har gjort det i to–tre år. Det er ikkje noko nytt. Ikkje noko nytt kan overraske meg, seier mannen med eitt VM-gull og fleire verdscupsiger.

NRK opplyser Peni om at Sidi kjem med skuldingar mot han på Facebook, og at Sidi skriv at han er frikjend.

– Det du beskriv, har eg ikkje sett. Kva kan eg seie? Det er barnehage, responderer Peni.

– Det er som gift

Ungarn sin lagleiar Laszlo Sinka er nådelaus i omtala av Sidi:

– Han er gal, seier han til NRK onsdag.

Laszlo Sinka har jobba i det ungarske skyttarforbundet i ni år, og han er ikkje i tvil om at Sidi er skyldig i dopingpåstandane. Han er lite imponert over at Sidi framleis bruker sosiale medium til å hevde at han er uskyldig.

– Er det eigentleg vits å stille fleire spørsmål etter å sett videoen, spør Sinka retorisk, og viser til videoen som viste Sidi på veg ut av Peni sitt hotellrom.

Skjermdump av overvåkningskamera Ungar

BEVISET: Video frå hotellet viste at Peni forlét hotellrommet sitt, deretter tok Sidi seg inn på rommet. Han vart der ei lang stund før han forlèt rommet.

Foto: Skjermdump

På skytebana onsdag var det nærast umogleg for Ungarns lagleiar Sinka å ikkje få med seg at Sidi kom for å følgje konkurransen.

For den ungarske delegasjonen sat berre to radar framfor Sidi som sat saman med kona si og knipsa bilete.

– Det er som gift i vårt forbund. Eg hatar det, seier Sinka.

Varslar erstatningssak

Peter Sidi sjølv er av ei heilt anna oppfatning. Han meiner det er Peni og hans familie saman med det ungarske skyttarforbundet som har hatt ei heksejakt etter han.

Til NRK skriv Sidi følgjande om kvifor han var til stades under onsdagens kvalifisering.

– Peni er ganske innbilsk når han trur at alle er interessert i han. Viss eg var nysgjerrig på han, så hadde eg kanskje sett på luftrifle-konkurransen også. Kanskje det er større stjerner der enn han, og at eg har vener som eg vil sjå i slike store konkurransar i sirkuset – som eg har vunne mykje i tidlegare.

På spørsmål om korleis det var å vere til stades på tribunen og sitte rett bak det ungarske støtteapparatet onsdag, så svarar Sidi:

– Dei ungarske leiarane set opp ei veldig giftig atmosfære. Og du kan sjå kva det fører til. No har eg eit forbund med ein mykje betre atmosfære.

Om politietterforskinga i Ungarn seier Sidi at dette er «fake news» og at etterforskinga berre er eit halmstrå som motparten klamrar seg til for å ta han.

45-åringen skriv på Facebook at han ser seg frikjend i saka, trass i at det ungarske forbundet seier det motsette.

Likevel er ikkje Sidi ferdig med saka.

– Dette er berre starten, for etter kvart kjem eg til å starte fleire erstatningssaker, seier Sidi til NRK.

UTESTENGT

UTESTENGD: Dette skrivet sende det ungarske forbundet ut da Sidi vart utestengd.

Foto: FAMSIMILE: Det ungarske skytterforbundet

NRK har forsøkt å få svar frå både det internasjonale skyttarforbundet og det ungarske skyttarforbundet om denne saka i to månader. Ingen har svart.

Politiet i Ungarn har fått spørsmål om kor saka står no. Dei svarar følgjande:

– Ifølgje loven kan vi ikkje gje informasjon i saka du spør om.

Hei!

Under dei olympiske sommarleikane i Paris jobbar eg hovudsakleg med skyting. Så om du har eit tips til saker eg bør sjå på, så tek eg det gjerne imot. Eg er også veldig open for både ris og ros. Det er berre å kline til i eit elektronisk brev. 

Se stjernen tilbake i turnfinalen 02:22

Publisert 31.07.2024, kl. 20.39

Read Entire Article