Utsett opning av Bybanen – gjekk skeis på testtur

1 day ago 6



Linje 1 på Bybanen i Bergen går framleis ikkje søndag morgon. Årsaka er at ein køyreleidning er øydelagt.

– Vi har sikkert ein fire timars arbeid igjen for å lappe dette saman, seier Arild Sundal, leiar for infrastruktur på Bybanen.

Når vognene ikkje har køyrt på ei stund, blir køyreleidningen over sporet full av is.

Mannskap har vore ute i heile natt for å måke sporet og fjerne isen på leidningen. Men da dei skulle ta ein testtur i dag tidleg, gjekk det skeis.

Snøveret i Bergen skapar trøbbel

Bybanen gjekk ned for teljing da snøkaoset sette inn natt til laurdag.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Vogna brente av kontaktleidningen på grunn av isen som låg på. No må dei må den reparerast.

Linje 2 på Bybanen starta opp at i 14-tida i går.

– Krevjande arbeid

Etter at leidningen er i orden att, må dei nok ein gong fjerne isen og testkøyre.

– Det er eit krevjande arbeid og mykje folk i sving. Vi gjer det vi kan, seier Sundal.

Planen var at vognene skulle gå att frå klokka 8.

Det er buss for bane mellom Festplassen og Bergen lufthavn. Buss for bane køyrer omtrent kvart 30. minutt, melder Skyss.

Framleis farevarsel for snø

Snøvêret laurdag fekk store konsekvensar. Det var det full stans i begge Bybane-linjene. Linje 1, som framleis er nede for teljing, er den viktigaste av dei.

Laurdag er det framleis farevarsel for snø i ytre strøk av Hordaland. Det er venta 5 til 15 centimeter snø, først i sør.

Det har vore satt inn bussar, men også desse har slite i det heftige vintervêret.

Alle helikopteravgangane til Equinor var innstilt, men er no i gang att. På grunn av vêret må ein rekne med forseinkingar.

Publisert 05.01.2025, kl. 09.11 Oppdatert 05.01.2025, kl. 10.11

Read Entire Article