Utrøysteleg etter tragisk beskjed: Faren døydde på flyet på veg til OL

1 month ago 27



Eg hadde aldri vore her utan han. Han har gjort så mykje for meg, seier Aleksi Leppa mens tårene pressar på.

Han står på skytebanen under OL i Paris. Finnen er akkurat ferdig med si fyrste konkurranse.

Men det som skulle vere ein idrettsfest i OL-debuten vart ein uendeleg tragedie.

Aleksi Leppa

SKAUT MED SØRGEBIND: Aleksi Leppa konkurrerte med sørgebind rundt armen for å ære den avdøde far sin.

Foto: Hans Solbakken / NRK

– Han hadde vore stolt av meg

Saman med faren sin har Aleksi Leppa jobba knallhardt for å kome til OL. Han er tidlegare verdsmeister to gonger, men det er OL som alltid har vore målet til duoen Leppa. Sonen som skyttar. Faren som trenar.

Men på fredag, på same dag som opningsseremonien, døydde Marko Leppa på flyet på veg til Paris. Han reiste saman med familien, men vakna aldri igjen etter eit anfall.

Da var 29 år gamle Aleksi allereie på plass i Frankrike. Mora ringde for å formidle nyheita.

Marko Leppa, faren til den olympiske skytteren Aleksi Leppa

DØYDDE: Marko Leppa var ein sentral mann i det finske skyttarmiljøet.

Foto: Lassi Palo / Det finske skytterforbundet

– Det var eit sjokk å få beskjeden, det er ikkje lett ...

– Vel, alle som har mista nokon kan tenke seg at det var ein veldig vanskeleg augeblink. Det var ein veldig stille augeblikk, fortel den finske sportssjefen Ville Hayrinen til NRK.

Berre to dagar seinare stile Aleksi Leppa seg opp på skive 11 i skytehallen i Châteauroux med svart sørgebind rundt armen. Der gjennomførte han alle 60 skota og enda på 22.-plass i OL-debuten.

Blanda kjensler blir ei grov underdriving.

– Det er det vanskelegaste eg har gjort nokon gong. Det er kjempestort for meg å vere her, men pappa er ikkje her for å sjå meg skyte. Eg trur han hadde vore stolt, seier Leppa til NRK.

Tårene trillar nedover kinna hans mens han pratar med NRK. Finnen prøver å sette ord på dei svært vanskelege kjenslene.

Aleksi Leppa

I AKSJON: Her står Aleksi Leppa (i midten) under kvalifiseringa til 10 meter luftrifle søndag.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

– Han gjorde absolutt alt

Aleksis far Marko Leppa var både trenar og manager for sonen.

– Han fiksa alt for meg. Han viet livet sitt for at eg skulle lykkast, fortel Aleksi.

– Marko gjorde alt, absolutt alt. Han var trenar, han organiserte konkurransar og han var internasjonal dommar i skytesporten. Med jobben hans var han ein kjent figur for unge finske utøvarar i mange sportar. Han har trena unge menn og kvinner i militæret i fleire tiår, seier Ville Hayrinen, sportssjef for det finske landslaget.

Ville Hayrinen, Finlands sportssjef

SPORTSSJEF: Ville Hayrinen har ansvaret for Leppa under OL.

Foto: Hans Solbakken

Hayrinen fortel at dei gjer alt dei kan for å hjelpe Aleksi i fortsetjinga av OL. Leppa har også kjærasten og resten av familien rundt seg i den franske OL-byen.

Eg får mykje hjelp der, og sjølvsagt resten av laget. Det har vore bra, dei har hjelpt, seier Leppa.

Det er imponerande at du er her i dag, korleis klarer du å halde fokuset?

– Vel, det er ikkje lett. Eg berre prøver. Det har vore nokre tøffe dagar, og det er ikkje mykje eg får gjort anna enn å ta dag for dag og prøve å fokusere på skytinga.

PS! Leppa skal igjen i aksjon på onsdag. Da skal han ut i kvalifisering på 50 meter rifle.

Hei!

Under dei olympiske sommarleikane i Paris jobbar eg hovudsakleg med skyting. Så om du har eit tips til sakar eg bør sjå på, så tek eg det gjerne imot. Eg er også veldig open for både ris og ros. Det er berre å kline til i eit elektronisk brev. 

Publisert 28.07.2024, kl. 21.23

Read Entire Article