Utlendingsmyndigheitene vil ikkje stoppe utsendingar av asylsøkarar til Iran

2 hours ago 1



– Det er ikkje ein lett situasjon for meg å vere her. Eg vaknar med mykje stress og tankar i hovudet, og eg er redd kvar dag.

På Politiet sitt utlendingsinternat på Trandum ventar iransk-kurdiske Sirwan Aminpour på å bli sendt tilbake til eit stadig meir uroleg Iran.

Han fekk avslag på asylsøknaden sin i 2014, og har sidan oppheldt seg i Noreg. I vedtaket som NRK har sett meiner forvaltninga at det ikkje er tilstrekkeleg sannsynleggjort at han vil bli forfølgt når han kjem til Iran.

Sjølv seier Aminpour han er redd for å bli arrestert og drepen når han blir sendt tilbake. I over to veker har gatene i fleire iranske byar vore fylt av demonstrantar som krev at regimet går av, og fleire tusen er døde.

Brutale bilde frå Irans hovudstad. Videoen er stedverifisert av Reuters. Videoen blei delt 11. januar, men det er ikkje verifisert nøyaktig når den blei filma.

Men trass auka uro i landet, plikter framleis iranske statsborgarar med endeleg avslag å returnere til heimlandet.

Det skriv einingsleiar Terje Østraat hos Utlendingsnemda i ein e-post. Utlendingsnemnda (UNE) er klageinstansen for utlendingssaker.

– Vurderinga er at det for augeblinken ikkje er grunnlag for generell suspensjon av utreiseplikta. Men, UNE set i verk ei individuell vurdering i kvar sak, skriv Østraat i ein e-post.

Han skriv at norske myndigheiter følger med på situasjonen i landet.

Vurderer fortlaupande

I dag er tre iranarar internert på Politiet sitt utlendingsinternat, får NRK opplyst.

Seksjonsleiar for ID-avklaring Håvard Johnsen Bekk i Politiets utlendingseining (PU) vil ikkje kommentere kor mange iranarar som er planlagt å sende ut på grunn av politioperative omsyn.

Bildet viser en sikringsmur med høyt gjerde og piggtråd, som omgir et avlukket område. Foran gjerdet står to biler, delvis begravet i snø, i en gråhvit vinterbakgrunn. Bak gjerdet kan man se bygninger, noe som antyder at dette er et anlegg med sikkerhetstiltak. Himmelens gråfarge indikerer lite lys og kalde forhold.

TVANGSRETUR: På Politiet sitt utlendingsinternat sit det for tida tre iranarar som er planlagd sendt ut til Iran, ifølge Politiets utlendingseining.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

PU har ansvar for å sende tilbake personar som ikkje har lovleg opphald i Noreg og som ikkje vil reise heim sjølv.

Vil de stanse utsendingar i lys av den eskalerande uroa i Iran, der særleg regimekritiske stemmer er utsett?

– Vi forheld oss til vedtaka frå UDI og UNE i enkeltsaker og vurderer fortlaupande kva for nokre returar vi planlegg, skriv Bekk i ein e-post.

– Definitivt farlegare

UNE ønskjer ikkje å la seg intervjue av NRK, men leiar for menneskerettsorganisasjonen Iran Human Rights, Mahmood Amiry-Moghaddam, meiner ingen bør returnerast med tvang til Iran no.

– Det kan absolutt vere farleg, særleg for ein kurdisk person, som tidlegare har drive med politisk aktivitet. Der vil det vere fare for både forfølging, fengsel og anna umenneskeleg behandling.

Støttedemonstrasjon for det iranske folk

– FARLEGARE: Mahmood Amiry-Moghaddam meiner det iranske regimet er meir paranoid enn nokon gong. Norske myndigheiter bør vente med returar, meiner han.

Foto: NTB

Amiry-Moghaddam forklarar dette med at regimet no er meir paranoid enn nokosinne.

– No er det definitivt farlegare, sjølv om situasjonen for menneskerettane i Iran har vore veldig alvorleg i mange år.

– Men kva meiner du burde skje da, med dei iranske asylsøkjarane som har fått avslag?

– Det er jo ikkje alle menneske som har krav på asyl. Men nett no kan kva som helst skje. Fleire tusen menneskje har blitt drepne i løpet av nokre dagar. vi veit ikkje kva som går føre seg i fengsla. Så nett no nå synst eg dei bør vente. Og når dei vurderer sakene til iranske asylsøkjarar, så bør dei hugse at Iran er ingen rettsstat.

Ber norske borgarar forlate landet

UD har i ettermiddag heva reiseåtvaringa for Iran til høgste nivå, og ber no alle norske borgarar om å forlate landet.

Men heller ikkje Justis- og beredskapsdepartementet ønskjer å seie noko om kor farleg det er for dei som skal tvangsreturnerast.

«Det er Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) som behandlar enkeltsaker etter utlendingsloven, og som står nærmast til å vurdere vernebehov og om det er forsvarleg å gjennomføre returar til Iran i den enkelte sak», skriv departementet i ein e-post til NRK.

Bildet viser en mann med briller iført en svart jakke, som sitter i et rom. Han ser ut til å delta i en samtale, med en nøytral uttrykk. Omgivelsene er enkle, med en lys vegg og en dør i bakgrunnen. Det er ingen tydelige dekorasjoner eller elementer som gir mer kontekst til situasjonen.

FRYKTAR FOR FRAMTIDA: Sirwan Aminpour seier han har vore politisk aktiv og at han difor er redd for livet sitt, dersom han blir sendt til Iran.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Sirwan Aminpour seier på Trandum at han fryktar for framtida si. Han har kone og ei dotter på åtte år, som begge er svenske statsborgarar.

– Eg har politisk bakgrunn. Det er mange bevis på sosiale medium. Dei iranske myndigheitene kjem til å henge meg, enten fordi eg samarbeida med det kurdiske partiet, eller fordi dei skuldar meg for spionasje for Israel eller andre europeiske land, hevdar han.

Publisert 14.01.2026, kl. 20.24

Read Entire Article