Uroleg aksjemarknad – no vil fleire kjøpe gull

3 hours ago 5



Det har blitt meir usikkerheit blant folk, seier Kjell William Riibe.

I over 40 år har han drive med kjøp og sal av gull, sølv og myntar i butikken sin i Trondheim.

Han har merka at interessa for dei edle metalla har auka.

Det er tydeleg at det er ein del som har selt unna aksjar for å gå inn i gull og sølv.

Mens tollmurar og handelskrig skapar uro i aksjemarknader over heile verda, har gullprisen dei siste vekene vore rekordhøg.

Tysdag blei ei unse gull for første gong prisa til over 3500 dollar.

Det gir ein pris på om lag 1160 kroner grammet.

Gullpris

Prisen for ei unse gull var tysdag på over 3500 dollar før han sokk litt igjen. Gullprisen har likevel stige over 45 prosent på eit år.

Foto: TradingEconomics.com

– Det er alle slags folk

Normalt ville eg ha sagt at det er menn på 45 år og eldre som kjem for å kjøpe gull, fortel Riibe.

Men slik er det ikkje lenger, fortel han.

– No er det kvinner og ungdommar også.

Dei har kanskje litt pengar til overs som dei ikkje vil sette i banken, for da får dei ingenting tilbake.

Ein av dei som er interessert i å eige gull er Trygve. Når NRK treff han i butikken er han innom for å selje ein gullmynt.

en hånd som holder en liten beholder med et gult stoff i

Gullmynten Trygve ønsker å selje er kinesisk. Når ein kjøper og sel gull i form av myntar treng ein ikkje betale meirverdiavgift.

Foto: Henning Levold / NRK

– Eg har akkurat gifta meg og hadde ein del utgifter på starten av året, så no var det greitt å selje unna.

Men eigentleg hadde han tenkt å eige gullet lenger, fortel Trygve.

For min del er det ei forsikring mot prisstigning og inflasjon.

Med uro i aksjemarknaden er det tryggare å eige gull, tenker han.

– Historisk sett har det vore meir stabilt. Aksjemarknaden går opp og ned, men gull og metall held seg ganske jamt mot inflasjonen.

en gruppe personer i et rom

Etter å ha kjøpslått litt fram og tilbake blir dei einige om ein pris på 31.000 kroner for den 31,1 gram tunge mynten.

Foto: Henning Levold / NRK

– Ei trygg hamn

Are Oust er professor i finansiell økonomi ved NTNU. Han seier gullprisen pleier å stige når det er urolege tider i aksjemarknaden.

– Gull blir gjerne sett på som ei trygg hamn, seier Oust.

– Gullprisen fell ikkje saman med resten av marknaden. Sjølv om aksjar fell, så fell ikkje gull. Det er tanken.

Handelskrig, tollmurar og usikkerheit knytt til rente- og inflasjonsnivå har gjort at investorar dei siste vekene har vore stressa, fortel Oust.

– Når det ikkje er trygt å vere i aksjemarknaden eller i obligasjonsmarknaden så går gjerne pengane til gullet.

At gullprisen er meir stabil enn aksjemarknaden kjem først og fremst av gullet sin historie, seier Oust.

– Det er det at vi menneske har gitt gull den verdien over tusenvis av år.

  • en grønn tavle med hvite perler og en grønn tavle med hvite bokstaver

    Riibe kjøper også smykker i gull og sølv for å selje vidare.

  • en kvinne som sitter ved et bord

    Linnea Johannessen reingjer smykka før dei kan bli seld vidare.

  • en person som tar et bilde av en bil gjennom en dør

    Det edle metallet blir fotografert før det blir lagt ut for sal på butikken sin nettside.

  • en plastpose med en plastpose

    Mange kjem for å selje gull eller sølvsmykke dei har liggjande, fortel Kjell William Riibe.

Vil ikkje anbefale gull til vanlege folk

Sjølv om prisen på gull har stige mykje den siste tida, vil ikkje Oust anbefale vanlege folk å investere i det edle metallet.

– Vi veit ikkje om uroa vil auke og gullprisen kjem til å stige vidare eller om han vil falle framover.

Oust peiker på at vi i Noreg har Bankenes sikringsfond som gjer at bankinnskot opp til 2 millionar kroner er sikra.

– Kvifor ikkje ha pengane i banken om ein ikkje vil ha risiko?

Han peiker også på at når gullprisen har stige mykje den siste tida kan det vere for seint å gjere gode investeringar.

– Når NRK ringer, da veit du at du er for seint ute, seier Oust.

Fleire måtar å kjøpe gull på

Spareøkonom i Nordnet, Else Sundfør, fortel at dei den siste tida har sett ein femdobling av kundar som kjøper gullrelaterte produkt.

To av dei mest kjøpte fonda hos Nordnet så langt i april er gullfond, fortel Sundfør.

Ho fortel at det finst fleire måtar å gjere det på dersom ein ønsker å investere i gull.

– Du kan enten kjøpe fysisk gull i form av myntar, gullbarrar eller den slags.

Dette krev at ein må oppbevare gullet ein trygg stad, men gjer til gjengjeld at ein eig det og veit kor ein har det, seier Sundfør.

en person som sitter ved et bord

Gullmyntar er vanleg for å kjøpe og selje gull.

Foto: Henning Levold / NRK

– Eller du kan kjøpe aksjar, fond eller ETF-er med selskap som utvinn gull.

Slik kjøper ein ikkje gull direkte, men verdien på selskapa vil bevege seg med gullprisen.

– Du kan også kjøpe «trackere» som følgjer gullprisen og som er «backa» av fysiske gullbarrar, seier Sundfør.

Dette er kompliserte produkt, fortel ho, som dei ikkje lar kundar kjøpe utan at dei har bestått ein evnetest som viser at dei veit kva dei gjer.

Publisert 24.04.2025, kl. 05.22

Read Entire Article