Unikt prosjekt: «Isboks» utanfor butikken for å kutte straumforbruket

3 weeks ago 15



Det blir gradvis varmare i landet no, men temperaturen inne i matbutikkane skal uansett vere den same.

Det er dyrt – både for kjedene og klimaet – i sommarmånadene.

No trur norske forskarar dei har funne noko som kan vera med å løyse energikrisa. Prosjektet er unikt, og blir testa i sommar i Mjøndalen – og i Frankrike.

– Energi er ein sårbar og dyrebar ressurs, som me ikkje har nok av. Det har me sett dei siste åra, ved at straumprisane stig. Av all energi me brukar, går om lag halvparten til oppvarming eller kjøling. Denne løysinga kan føre til billigare straum for alle forbrukarar, seier forskingssjef i Sintef, Petter Røkke.

Petter Røkke, forskningssjef i Sintef

Petter Røkke trur løysinga kan redusere presset på straumnettet.

Foto: Sverre Stenvåg Nordset / NRK

Termisk batteri

På utsida av Rema 1000 på Orkidehøgda i Mjøndalen er det plassert ein liten konteinar, som blir inneheld eit termisk batteri. Dette er utvikla av Sintef og NTNU, og blir no sett i drift av den norske teknologibedrifta Cartesian.

– Den skal lagre kjøling for butikken om natta, slik at det på dagtid, når det trengst å halde låg temperaturen inne i butikken, kan hentast kjøling frå boksen i staden for å køyre klimaanlegget, seier prosjektdirektør i Cartesian, Håkon Selvnes.

Håkon Selvnes, prosjektdirektør i Cartesian, viser fram det termiske batteriet.

Håkon Selvnes fortel at boksen blir fylt opp om natta.

Foto: Sverre Stenvåg Nordset / NRK

I boksen blir det danna is, som kjem til nytte inne i butikken når sola steikjer på utsida og brus, pølser og frosenpizza skal haldast i rett temperatur.

– Når kuldeanlegget i butikken har ledig kapasitet, frys me is i denne boksen. Når me treng kjølinga tilbake, smeltar me isen og avlastar kjøleanlegget ved å hente ut kulda att, forklarar Selvnes.

Dersom resultatet i praksis er som i laboratoriet, håpar dei norske forskarane prosjektet kan nå langt utover landegrensene. Det er trass alt ganske mykje varmare sørover i Europa enn her heime.

Gammal idé

Sjølv om forskinga og produktet er nytt, er ideen hundrevis av år gammal.

– Då kutta ein is på sjøen om vinteren, lagra han og brukte han til kjøling om sommaren. No gjer me det litt meir moderne, med ei kjølemaskin som klarer å magasinere isen om natta, og bruke kulda om dagen, seier NTNU-professor Armin Hafner.

Sjølv om «batteriet» først blir testa på næringslivet, trur Hafner privatmarknaden også kan vere aktuell i framtida. Spesielt bustader med stort behov for kjøling om sommaren.

Om dette blir ein suksess, meiner forskarane uansett at det vil komme vanlege folk til gode. Eit lågare forbruk i næringslivet vil minske presset på straumnettet, noko som kan gje lågare straumprisar for alle.

Yunus Bastas, kjøpmann ved Rema 1000 Orkidehøgda

Yunus Bastas håpar prosjektet kjem både butikken og kundane til gode.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Spent butikksjef

– Det er spennande å vere med på eit slikt prosjekt, og eg har stor tru på at dette kan vere kostnadssparande både for oss og miljøet, seier Yunus Bastas, kjøpmann ved Rema 1000 Orkidehøgda.

Han fortel at det som dreg mest straum hjå dei, er kjølediskane og ventilasjonsanlegget som sørger for rett temperatur i butikken.

Teknisk leiar i Rema 1000, Jon Roger Hansen, seier dei kjem til å få ein indikasjon om korleis dette går allereie i august/september, men at dei uansett kjem til å teste vidare fram til neste sommar.

– Straumnettet i Noreg er overbelasta på dagtid. Dette kan bidra til å snu litt på forbruket, ved å redusere trykket om dagen. Det kjem også kvar enkelt forbrukar til gode.

Publisert 23.05.2024, kl. 13.06

Read Entire Article