Unge får sex og vald rett i fleisen: – Det er jo nesten porno

2 hours ago 1



– Det er ganske ekkelt. Og upassande, for eg har ikkje søkt det opp sjølv.

Det er lunsjpause på Sandefjord vidaregåande skule, og Abry Rwamatore (17) sit i kantina med ein mobil i handa.

Ho klikkar seg gjennom storyar på Snapchat. Ein norsk påverkar fortel om dei nyaste innkjøpa til kjøkkenet.

Så dukkar det som liknar ei sexscene opp på skjermen.

Ei ung kvinne set seg ned i badekaret og lener seg over ein naken mann, før dei begynner å kysse og ta på kvarandre.

– Det er alltid sånn. Dei viser det mest intime først, og så kjem handlinga.

Det seier Victoria Rindal (17). Ho sit ved sida av Abry og veit nøyaktig kva som skjer på skjermen til venninna.

Tre videregåendejenter ser på mikrodrama i kantina på skolen.

Dei seksualiserte videoane dukkar ofte opp når 17-åringane skrollar i sosiale medium.

– Det er spesielt ubehageleg om eg får det opp når eg er på bussen eller på skulen, for det er jo nesten porno, seier Victoria.

Nedanfor er nokre eksempel. NRK åtvarar mot drygt innhald.

– Herregud, at dette er lov!

Det som dukkar opp på skjermen til jentene er noko som heiter «mikrodrama». Dei er dramaseriar i mobilformat.

Seriane kan ein sjå ved å laste ned ulike appar, men etter dei første episodane, må ein betale for å sjå vidare.

Og for få fleire til å gjere nettopp det, blir dei reklamerte for i sosiale medium.

Seriane handlar om kjærleik, svik, makt og moral, og dei inneheld ofte seksuelle eller valdelege scener. Det er gjerne desse scenene som er valde ut til reklamane.

– Typisk er at kvinna i historia er svak og underdanig, mens mannen er sterk og dominerande.

Det seier Ask Stenseth Kilstad i Press, Redd Barna sin ungdoms­organisasjon. Dei jobbar for rettane til barn og unge, og deler mellom anna ut Gullbarbie kvart år.

No er Press kritisk til dei dryge reklamane i sosiale medium.

– Det minner om Fifty Shades of Grey. Første gong eg fekk det opp, tenkte eg «Herregud, at dette er lov!», seier Kilstad.

– Dei har ikkje oppsøkt det

Det har blitt meir og meir vanleg blant barn, ungdommar og unge vaksne å få opp videoane, ifølge Kilstad.

Han fortel at deira medlemmar heilt ned i 13 år, får opp videoane når dei er på TikTok eller på Snapchat.

– Dei har ikkje oppsøkt det og heller ikkje samtykt til å sjå det. Det er problematisk.

Portrett av Ask Stenseth Kilstad.

Kilstad meiner det er gale at dei som står bak mikrodramaa, tener store summar på pirre nysgjerrigheita til barn og unge.

Kilstad meiner det er gale at dei som står bak mikrodramaa, tener store summar på pirre nysgjerrigheita til barn og unge.

Innhaldet er skadeleg og kan bidra til å endre haldningane våre til kvinner og til sex, meiner Kilstad.

– Det skal ikkje vere lov å dytte slikt innhald opp i ansiktet på folk, seier han.

No meiner han at staten må ta meir ansvar over kva som dukkar opp i sosiale medium.

– Dei må stille krav til tenester slik som Meta, og det må dei gjere saman med resten av Europa, seier Kilstad.

Forbrukartilsynet reagerer

Ifølge marknadsføringslova skal personar under 18 år bli verna mot reklamar med seksualisert og valdeleg innhald.

Det seier Nina Elise Dietzel i Forbrukartilsynet. NRK møter ho på kontoret deira i Porsgrunn og viser fram reklamane.

– Eg blir overraska. Er dette verkeleg noko som dukkar opp for barn og unge? Eg forstår at dei synest det er ekkelt, seier ho.

  • en person som står i et rom

    Nina Elise Dietzel

    Underdirektør i tilsynsavdelinga, Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet har ikkje blitt kontakta om reklamane, men Dietzel seier ungdommar ikkje er kjende for å varsle dei.

No håper ho at fleire tipsar om innhald i sosiale medium, slik som mikrodrama-reklamane. Først da kan dei gjere ei vurdering.

– Men basert på det vi får sjå her, er det i alle fall noko vi reagerer på, seier ho.

– Vi har vore bakpå

– Sosiale medium har fram til no vore eit lovtomt område, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Ho ser med bekymring på dei mange reklamane barn og unge blir utsette for.

– Det kan føre til kroppspress og auka mobbing. Vi ser også konsentrasjons- og søvnvanskar, seier ho.

en person med krøllete hår

– Vi skal sørge for at barna våre er like trygge digitalt som fysisk, seier digitaliseringsministeren.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Vi skal sørge for at barna våre er like trygge digitalt som fysisk, seier digitaliseringsministeren.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Teknologiutviklinga går veldig fort. Det har gjort at vi har vore bakpå, seier Tung.

Statsråden meiner at løysinga no er ei aldersgrense på 15 år, som regjeringa jobbar for å innføre.

I tillegg har Forordning om digitale tenester (DSA) vore på høyring. Lova skal regulere tek-selskapa, seier Tung.

– Det kjem til å bli enklare å pålegge selskapa å fjerne ulovleg innhald. Lova gir også rett til å klage, og ho skal beskytte barn og unge mot åtferdsbasert reklame.

Fjernar reklamane

NRK har vore i kontakt med ein talsperson frå Snapchat som ikkje vil stille til intervju, men svarar på e-post.

– Desse reklamane skulle aldri ha vore godkjende. Dei høyrer ikkje heime på Snapchat, seier talspersonen som ikkje vil stille med namn.

Plattforma har gjort endringar etter at NRK gjorde dei merksame på reklamane.

– Etter ein gjennomgang, fjerna vi reklamane umiddelbart. Målet vårt er å gi alle brukarar ei trygg oppleving, spesielt tenåringar.

NRK har også vore i kontakt med eit av selskapa som står bak mikrodramaa.

I ein e-post skriv DramaBox at innhaldet ikkje skulle ha vore vist til mindreårige.

Dei meiner at sosiale medium-plattformene speler ei kritisk rolle når det gjeld kven som blir utsett for ulike reklamar.

Selskapet seier dei skal gå gjennom reklamematerialet dei har gåande for eit norsk publikum, i tillegg til å styrke kommunikasjonen med Snapchat og TikTok.

NRK har ikkje lykkast med å få ein kommentar frå nokon av dei andre aktørane som står bak mikrodramaa. Heller ikkje TilTok har svart oss.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du kanskje tips til noko anna eg burde sjekke ut?

Send meg gjerne innspel på e-post!

Publisert 25.11.2025, kl. 23.19

Read Entire Article