Ho er både fortvila og redd, kvinna som i dag er på kontoret til asyladvokat Kristine Aarre Hånes i Bergen.
Søknaden hennar om opphald i Noreg har blitt avslått. Etter to år her i landet må ho tilbake til heimbyen Nikopol.
– Ja, eg er redd, forklarer ho via tolk.
– Det er ikkje trygt der. Seinast i forgårs fekk eg tilsendt bilete av øydeleggingar. Det er hyppige droneåtak der.
Advokaten seier ho får mange førespurnader frå ukrainske flyktningar som må ut av landet no.
– Måten denne gruppa vert behandla på er uverdig. Kriteria for kven som får bli og kven som må heim er ikkje logiske. Og vurderinga av kor trygt det er i ulike område i Ukraina er for dårleg, meiner Hånes.
Familiar blir splitta
Ukrainarar har rett på kollektivt vern i Noreg så lenge krigen held på i heimlandet.
Men dette gjeld berre dei som var i Ukraina 24. februar 2022, dagen då Russland invaderte.
Kvinna på advokatkontoret var då i Polen. Der hadde ho eit kortvarig arbeidsvisum.
To veker etter invasjonen reiste ho heim til dotter si. Saman flykta dei til Noreg.
No får den vaksne dottera bli, medan mora må reise heim.
– Det er ikkje rettferdig at eg vert kasta ut berre fordi eg ikkje var i Ukraina då krigen starta, seier ho.
Med hjelp frå asyladvokat Hånes har ho no klaga på vedtaket.
Ho forklarer at heimbyen er eit mål for russarane på grunn av kraftverket som ligg der. Saman med advokaten meiner ho å kunne bevise at det ikkje er trygt.
Kvinna frå Ukraina viser bilete av øydeleggingane i Nikopol.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK– Ordninga er rettferdig
Utlendingsdirektoratet peiker på at det er politikarane som bestemmer kva kriterer som skal gjelde for kven som får opphald.
Runar Pedersen er fagleiar i UDI Beskyttelse.
Foto: UDI/Nora Lie / NRKNår det gjeld kritikken mot at dei sender ukrainarar tilbake til område som ikkje er trygge svarer UDI at dei gjer særs grundige vurderingar av tryggleikssituasjonen i ulike område av Ukraina.
Runar Pedersen, fagleiar i UDI Beskyttelse, skriv til NRK at dei baserer sine avgjerder på ei rekke kjelder, og at dei vurderer situasjonen fortløpande.
UDI kan ikkje kommentere einskildsaker.
Justis- og beredskapsdepartementet opplyser at det er behov for ei tydeleg og rimeleg treffsikker definisjon av kven som har rett på kollektivt vern.
Norsk praksis før EU si ordning, skriv statssekretær Even Eriksen (Ap) til NRK.
– Etter vårt syn er ordninga med kollektivt vert rettferdig. Ukrainarar som fell utanfor ordninga kan søkje asyl etter dei ordinære reglane, og dei vil få opphaldsløyve om vilkåra er oppfyld, skriv han.
Publisert 16.04.2025, kl. 19.20