Ukraina slår tilbake – angrip langt inne i Russland

1 month ago 27



Det var med tre timars mellomrom det small kraftig i utkanten av Luhansk, den største byen i Luhansk fylke heilt aust i Ukraina seint måndag kveld.

Ifylgje det russiske nyheitsbyrået Tass skal det vere skadde etter angrepa.

Ukrainske kjelder seier det var eit område nær flyplassen sør for sjølve Luhansk som var målet for angrepa. I dette området skal det vere fleire militære basar og installasjonar.

Ukraina har angripe Luhansk

Luhansk by har vore kontrollert av russisk-støtta separatistar sidan 2014, og russiske styrkar har no kontroll over størsteparten av fylket.

Det har vore fleire ukrainske rakettangrep mot Luhansk dei siste vekene.

Målet er truleg å skade forsyningslinjene til dei russiske styrkane som slost mot den ukrainske hæren lengre vest.

Luhansk - angrep

SKADDE. Styresmaktene i Luhansk seier det er skadde etter angrepa.

Foto: Telegram - Supernova

Angrip langt inne i Russland

Samstundes bekreftar også russiske kjelder, blant dei militærbloggaren Roman Saponkov, at Ukraina har klart å angripe eit radaranlegg langt inne i Russland,

Voronezj-M-radaren nær byen Orsk i Orenburg-regionen i Ural ligg meir enn 1500 kilometer frå grensa til Ukraina.

Angrepet skal ha skjedd natt til måndag, og satellittbilete syner at det er skadar på anlegget. Det er bygd for å varsle mogelege angrep med ballistiske rakettar mot Russland.

Orsk ligg meir enn 1500 kilometer frå grensa til Ukraina

Men radaren skal også vere brukt i samband med den russiske militære operasjonen i Ukraina.

Ukraina har ifølge nettstaden Ukrajinska Pravda angripe ein radar av same type i Krasnodar sør i Russland 22. mai.

Stoltenberg: Bør vi oppheve avgrensingane?

Til no har vestlege land og USA sagt nei til at Ukraina får bruke våpen dei har fått frå dei, mellom anna langtrekkande rakettar, til angrep inn i sjølve Russland.

Dei har berre vore brukt til å angripe mål i område av Ukraina som Russland har okkupert.

Men laurdag sa Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til The Economist at «tida er inne for at allierte vurderer om dei skal oppheve nokre av avgrensingane dei har lagt på bruken av våpena dei har donert til Ukraina».

Publisert 28.05.2024, kl. 07.51

Read Entire Article