Med «Black Friday», «Black Week» og førebuingar til jula, er det fleire som bestiller pakkar på nett.
Éin av dei, er Nicoline Kjærnsrød i Ålesund.
Ho seier at pakken vart levert i postkassa hennar klokka 06:06 om morgonen, og då ho skulle hente den halvannan time seinare, var han forsvunnen.
Eska fann ho nokre hundre meter unna, men innhaldet var ikkje å oppdrive.
– Denne eska har nokon tatt eit godt tak i, tatt ut det som er inni, og slengt det frå seg.
Liknande hendingar har også skjedd tidlegare i haust i både Bergen, Tromsø, Askim og Stavanger.
Nicoline Kjærnsrød har funne opprivne esker slengt rundt nabolaget.
Foto: Live Vigestad Valderhaug / NRK– Ei veldig hektisk tid
Fleire av dei forsvunne pakkane er bestilte gjennom postleverandøren Helthjem.
Kommunikasjonssjef i Helthjem, Marius Husebø-Evensen seier at dei generelt har fått fleire meldingar den siste tida.
– Er det mange som melder inn om stolne pakkar?
– Vi har fleire meldingar no enn resten av året. Det er kanskje først og fremst fordi det er ei veldig hektisk tid. Det er den tida på året der vi leverer flest pakkar.
Han meiner det er fleire meldingar fordi det er fleire pakkar i omløp.
Husebø-Evensen i Helthjem seier det er ei hektisk tid.
Foto: Helthjem– Ein fellesnemnar for fleire av dei forsvunne pakkane, er at dei er bestilt via Helthjem. Kva trur du er årsaka til det?
– Det er vanskeleg for meg å spekulere i årsaker i lokalområdet, men vi må følgje med her, det er ikkje sånn det skal vere.
At det er ei hektisk tid for postselskapa, er det ingen tvil om. Under Black Week i 2023 sende Posten rundt 2,5 millionar pakkar til nordmenn berre på ei veke, ein 12 prosent auke frå året før.
Og i 2025 har Posten meldt at dei oppbemannar under «Black Week» for å handtere alle pakkane.
Men ifølgje postselskapa, er ikkje pakketjuveri eit stort problem:
Endre Igland / Helthjem
Helthjem
Vi har nokre fleire meldingar no enn resten av året. Det er først om fremt fordi det er ei hektisk tid. Det er den tida vi leverer flest pakkar.
Omtrent 99,9 prosent av pakkane kjem fram dit dei skal.
Ta kontakt så skal vi saman finne ei løysing. Er du utrygg på levering, så kan vi sjå på ein butikk i nærleiken av der du bur. Vi er open for alternativ.
MADS CLAUS RASMUSSEN / AFP / NTB
PostNord
På generelt grunnlag opplever vi i PostNord svært få tilfelle av tjuveri av pakkar. Omfanget er svært lite, og dette er ikkje eit problem som pregar oss i stor grad.
Kva som gjeld situasjonen i Ålesund er dette heller ikkje noko vi kjenner til, eller har fått rapportert inn.
Av same grunn rår vi tryggare alternativ som pakkeautomat, hentestad eller heimlevering.
Lise Åserud / NTB
Posten
Dette er ikkje noko vi opplever som eit omfattande problem og heldigvis er det ikkje så ofte våre kundar blir råka av dette.
Det er fleire ulike aktørar som leverer pakkar til kundar og det leverast på ulike måtar. Vi leverer pakkar til våre kundar på dagtid.
Dersom ein bur i eit område kor dette er eit problem bør ein få pakken levert til anten ein betjent utleveringsstad eller ein pakkeboks.
Fire meldingar på tre dagar
Ole Ivar Nybø er seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Han seier dei har mottatt fire meldingar om pakketjuveri i nabolaget der Nicoline Kjærnsrød bur.
– Meldingane går ut på at pakkar er tatt frå fire postkasser. Det har skjedd i geografisk og tidsmessig nærleik, derfor ser vi sakene i samanheng, seier han.
Ole Ivar Nybø i politiet oppmodar alle som har opplevd dette til å melde frå.
Foto: Live Vigestad Valderhaug / NRKHan oppfordrar alle som har opplevd liknande om å melde frå til politiet.
– Vi ønsker at dei som har opplysningar tar kontakt med politiet så vi får vite om det. Om nokon har opplevd det same ønsker vi at det blir meldt, så vi får oversikt over omfanget.
Har du opplevd pakketjuveri?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Vil dei skal slutte
Nicoline Kjærnsrød seier ho er éin av dei som har meldt forholdet.
– Vi snakkar jo om det alle saman, og sender meldingar til kvarandre. Det er nokon som går rundt her, dei er på jakt, det er ikkje vanskeleg å forstå, seier ho.
NRK har vore i kontakt med fem andre personar som bur i nabolaget, og som seier dei har opplevd det same som Nicoline Kjærnsrød.
Nicoline Kjærnsrød håpar dette tar slutt.
Foto: Live Vigestad Valderhaug / NRKHo kjem med ei tydeleg oppfordring til dei eventuelle gjerningspersonane.
– Slutt. Det er privat. Det er vi som har bestilt varer, og det er mi postkasse. Det er ingen som har noko der å gjere.
Publisert 26.11.2025, kl. 17.28

















English (US)