Trur mange ikkje veit at dei køyrer utan baklys i mørket

1 month ago 18



Frå trafikkstasjonen på Ånestad i Innlandet har kontrollørane god sikt til den trafikkerte 110-sona som går like utanfor.

Der ser dei mange bilar som kjem susande i høg fart i mørket, og fleire av dei utan baklys.

Det er trafikkfarleg, meiner Geir Thomas Finstad, som er fagleiar for utekontroll Aust i Statens vegvesen.

– Faren er at ein ikkje blir oppfatta av bilar som kjem bak, slik at ein kan bli påkøyrt bakfrå.

Geir Thomas Finstad

Geir Thomas Finstad, fagleiar for utekontroll Aust i Statens vegvesen, meiner mange gløymer å ha på baklys i mørket.

Foto: Frode Meskau / NRK

Bruker feil innstilling

Han meiner at årsaka til at mange køyrer utan baklys, er ein lysfunksjon som ikkje alle veit om.

– Det er nokon som ikkje brukar brytarane riktig.

I mange nyare bilar blir ikkje baklysa automatisk skrudd på når ein skrur på tenninga.

Difor anbefaler kontrolløren at ein som hovudregel bruker autofunksjonen på lysbrytaren, dersom bilen har denne moglegheita.

Då skal nemleg bilen sjølv skru på baklys når det er mørkt ute, eller når ein køyrer i tunnel.

Er du bevisst kva lys du vel å bruke?

Nytt direktiv

Tidlegare var det nemleg slik at baklysa skrudde seg på automatisk når ein vrei om tenninga.

Men i 2011 kom eit EU-direktiv som innebar at baklysa på bilen ikkje lenger skulle bli slått på når bilen starta. Bakgrunnen var miljøomsyn, sidan det er energisparande.

Difor skrur ikkje nødvendigvis baklysa seg på automatisk når ein startar nyare bilar.

Men i mørket skal ein framleis ha baklysa på, og dette meiner både kontrolløren og NAF at mange gløymer. Difor anbefaler dei autofunksjonen.

– Då vil dei vera slokt når dei ikkje trengst, og tennast automatisk når det er mørkt eller liknande, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

I nokre tilfelle kan ein velje funksjonen som lar begge lys vera på uansett, slik at ein er sikker.

– Det kan vera enkelttilfelle der autofunksjonen ikkje slår inn fordi det ikkje er mørkt nok, som ved skumring eller snøvêr, men som tommelfingerregel skal ein ha på auto heile tida, seier Sødal.

elbil-mål

Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF, ber folk ha på autofunksjonen i dei aller fleste tilfelle.

Foto: Snorre Tønset / NRK

Bot på 3900 kroner

Distriktsleiar i UP i Aust og Innlandet politidistrikt, Kai Voldengen, seier at dei iblant ser bilar køyre utan baklys i mørket.

– Det er ikkje veldig ofte. Men i dei tilfella vi ser det stoppar vi bilane og gir rettleiing og eventuelt bot.

Han seier at bøtesatsen for å køyre utan påbudt lys tent er eit forenkla førelegg på 3900 kroner.

UP-leder, distrikt øst Kai Voldengen

UP-sjef Kai Voldengen seier at dei gir rettleiing og eventuelt bot til dei som køyrer utan baklys når desse skal vere på.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

UP har ikkje tal på kor mange dei stoppar som køyrer utan akkurat baklys. Det har heller ikkje NAF, men Sødal i NAF meiner det gjeld relativt mange.

– Det er nok mange som ikkje er klar over det, seier han.

Geir Thomas Finstad

Både NAF og Statens vegvesen oppmodar til å køyre med autofunksjonen på.

Foto: Frode Meskau / NRK

Sødal oppmodar bilistar til å gjera seg kjent med lysa i bilen, særleg no som vi går mot haust og mørkare tider.

Også kontrolløren på Ånestad anbefaler folk å ta ein sjekk på bilen sin, slik at ein kjenner til kva for lys dei ulike funksjonane slår på.

– Når du køyrer i mørket utan baklys kan nokon køyre på deg bakfrå. Då kan du skade både deg sjølv og andre. Så bruk lys.

Publisert 22.08.2024, kl. 12.12

Read Entire Article