Trur eigen syklus kan gi norsk OL-suksess

1 month ago 23



– Eg har eit par dagar inn mot menstruasjon der eg er veldig, veldig seig. Eg får ikkje i gang muskulaturen, har ikkje det ekstra giret og krafta, fortalde Lotte Miller etter å ha brote triatlon-konkurransen for kvinner sist onsdag.

Ho har merka det tidlegare òg, at nokre dagar er ekstra tunge. Før hadde ho inga forklaring på det, og grov seg lett ned på dei dårlege dagane.

Men etter kvart har ho skjønt at ein del av desse svingingane heng saman med hennar eigen menstruasjonssyklus.

Og da OL starta med at kroppen kjentest tung, forstod ho raskt at PMS var grunnen.

  • Sjå blanda stafett i triatlon, måndag kl. 07.50 i NRK TV.

    De norske triatletene

    MEDALJEMÅL: Den norske triatlon-kvartetten beståande av Vetle Bergsvik Thorn (frå venstre), Solveig Løvseth, Kristian Blummenfelt og Lotte Miller trur medalje er mogleg på stafetten i OL.

    Foto: NTB

– Eg har ikkje PMS lenger

Triatletane er nærast besett av å måle og overvake eiga trening. Det siste året har kartlegging av eigen syklus vore ein del av denne overvakinga for Miller.

Det gir meg ein tryggleik i trening når eg har tunge dagar og eg ikkje skjønar kvifor eg berre fell saman. Så får eg menstruasjon eit par dagar etterpå. Så gir eg det ei veke, så er eg liksom «on top of the world». Det er den der tryggleiken i å lære kroppen å kjenne, seier ho.

Måndag morgon er ho ein del av det norske laget som skal konkurrere i blanda lagstafett. Saman med Solveig Løvseth, Vetle Bergsvik Thorn og Kristian Blummenfelt er målet ein medalje.

Og i motsetning til dei førre konkurranse, kjem stafetten på best mogleg tidspunkt for Miller.

No har eg ikkje PMS lenger. Så statistisk sett skal eg vere bra hormonelt. Så eg blei veldig glad då eg greidde å lese kroppen min rett, seier ho.

Lotte Miller

MARERITTDAG: Lotte Miller sleit ikkje berre med kroppen på triatlonen til kvinnene i Paris. Ho fall også to gonger med sykkel på den glatte brusteinen i Paris, og måtte til slutt bryte etter ein marerittkonkurranse.

Foto: AFP

Fleire opne om syklus-trening

Den siste tida har det både vore forska på og snakka om korleis menstruasjonssyklusen påverkar kvinnekroppen. Fleire og fleire kvinnelege idrettsutøvarar har begynt å legge opp treninga etter syklus, blant dei skiskyttarane Tiril Eckhoff og Ingrid Landmark Tandrevold.

Banesyklist Anita Stenberg fortalde til VG i vinter korleis ho opplevde ein stor framgang då ho begynte å tilpasse treninga til kva periodar kroppen var sterk og svak.

NRK har skrive om «Superveka». Det er teorien om at det ikkje berre finst ein dårleg periode i syklusen til kvinnene, men også ein god periode. Då opplever kvinner eit månadleg østrogen-løft som gjer desse dagane ekstra gunstige for trening.

Anita Stenberg

FØLGER SYKLUS: Den meritterte banesyklisten Anita Stenberg opplevde framgang da ho begynte å legge opp treninga etter syklusen sin. Her etter sigeren i EM i 2022.

Foto: Pavel Golovkin / AP

Forskarar ved Universitetet i Tromsø sår tvil om det finst ein slik effekt – i alle fall ein som gjeld for alle kvinner.

– Det er ingenting som indikerer at ei kvinne vil vere i meir, eller mindre form, i ein spesifikk fase av menstruasjonssyklusen. I det minste på ein måte som vil vere lik for alle kvinner, sa doktorgradsstipendiat ved UiT, Madison Taylor, til NRK nyleg.

Viktig for psykologisk tryggleik

For Lotte Miller har det likevel vore nyttig å bli kjent med korleis kroppen hennar fungerer i dei ulike fasane. Og særleg like før ho skal ha menstruasjon.

Ho meiner det dessutan er viktig å snakke om temaet.

Når eg trenar med yngre utøvarar og jenter heime og dei slit og har tunge dagar, så kan vi minne dei på kor dei er i syklus, seier Miller.

For henne har nemleg bevisstheit og oversikt over eigen syklus hatt effekt.

– Det er viktig for den psykologiske tryggleiken. At eg ikkje dømmer meg sjølv for hardt på dårlege dagar. At eg ikkje føler at eg har gjort noko feil i trening, seier ho.

Publisert 04.08.2024, kl. 18.31 Oppdatert 04.08.2024, kl. 18.39

Read Entire Article