Trudde dei knuste Verstappen – diskvalifisert etter skuldingar om norsk juks

11 hours ago 2



– Eg sende ei unnskyldning til konkurrentane og laga med éin gong.

Det seier den norske e-sportsutøvaren Ole Steinbråten til NRK etter at han og laget hans Ferrari blei diskvalifisert frå det prestisjetunge virtuelle bilspelet, Daytona 24. Blant deltakarane var også Formel 1-stjerna Max Verstappen.

For det har vekt oppsikt i e-bilsport miljøet at Ferraris lag blei diskvalifisert frå billøpet.

Midt under løpet heldt bilen til Steinbråten på å køyre ut og plutseleg forsvann bilen frå skjermen. Like etterpå poppa bilen opp midt i køyrebanen igjen.

Nå blir det spekulert at det har blitt utnytta ein feil i programmet.

– Den «kople frå for å hindre skade»-moglegheita var ikkje planlagd på førehand og det var ein feil frå mi side, ikkje laget. Eg forstår avgjerda til arrangøren, skreiv Steinbråten på X kort tid etter løpet.

Max Verstappen

SUPERSTJERNE: Max Verstappen blir rekna som verdas beste Formel 1-førar.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

– Sende ei unnskyldning

Det er berre vel ei veke sidan Steinbråten signerte med Ferrari som har starta ei ny satsing på denne typen løp. Mange av førarane lever av virtuell bilkøyring på heiltid.

Allereie har det altså oppstått kontroversar.

– Etter det skjedde, tok eg ein prat med managementet om kva vi skulle gjere. Eg køyrde ikkje meir av løpet, og lét teamkameratane fullføre, seier Steinbråten til NRK.

– Eg sende ei unnskyldning til konkurrentane og laga med ein gong, forsikrar han.

23-åringen seier han aksepterer diskvalifiseringa, men nektar for at det var eit bevisst val.

– Eg visste med éin gong at det var feil val. Hadde eg hatt meir enn eit splittsekund å tenke, hadde eg sjølvsagt ikkje gjort det, seier den norske e-sportsutøvaren.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

DISKVALIFISERT: Norske Ole Steinbråten hamna i trøbbel i virtuelt løp mot blant anna Max Verstappen.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

Han trur ikkje det ventar ytterlegare sanksjonar for regelbrotet. Han trur også at motstandarane, blant anna Verstappen, har forståing for feilen.

– Dei eg køyrde mot, og dei som kjenner meg godt, veit at feil kan skje. Dei har forståing for det som skjedde, seier Steinbråten.

Han beklaga også i sosiale medium.

– Eg vil gjerne legge inn ei formell unnskyldning for hendinga som oppstod under Daytona 24, skreiv nordmannen på X.

Tastekombinasjon fekk fleire til å stusse

Undervegs i løpet begynte sjåarane å lure på om det var noko som ikkje stemte.

Bilen til Steinbråten forsvann ei lita stund frå skjermen. Truleg blei simulatoren lukka og opna igjen. Slik blei bilen flytta tilbake i banen og gav Steinbråten ein fordel.

For i løpet er tastekombinasjonen «+ Alt + F4» open. Manøveren gjer at bilen fell ut av bildet og hamnar i depotstoppet, altså der bilen stoppar for å skifte delar.

Leiar av Norsk Motorklubbs e-sportskomité Kenneth Pålsrud fortel at det ikkje er uvanleg at denne kombinasjonen blir brukt blant proffane.

– Det er nokre gonger at sjåførar i eit løp gjer dette for å ikkje øydelegge løpet for andre. For eksempel om ein har krasja midt i køyrebanen, fortel Pålsrud.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

POPULÆRT: Den virtuelle versjonen av motorsport har fengt mange over heile verda.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

Dermed blir tastekombinasjonen gjort for å hjelpe andre spelarar.

Men det var ikkje situasjonen der Steinbråten brukte han. Bilen var nemleg på veg ut av vegbanen.

– Hadde bilen gått rett i muren, ville tida i depotstoppet vore mykje lengre, seier Pålsrud.

Tidleg mistanke

Likevel trur ikkje Pålsrud at dette nødvendigvis blei gjort med vilje.

– Med kjennskapen min til Ole, så var dette ikkje eit forsøk på juks. Men noko som meir blei gjort av rein reaksjon frå han si side.

Ifølge nettstaden Overtake.gg skal spekulasjonane ha skjedd allereie under løpet og at dette skjedde fleire gonger for å unngå langvarige reparasjonar i depotstoppet.

Simracer Ole Steinbråten i simulator

VIRTUELLE LØP: Ole Steinbråten har gjort seg merka i e-sport-verda.

Foto: Jørgen Terland Gundersen / NRK

Ein av dei som følger Formel 1-sirkuset tett er Viaplay-kommentator Atle Gulbrandsen. Han hadde ikkje fått med seg hendinga i helga, men har observert at Verstappen ofte stiller i virtuelle billøp.

– Han har gjort det i mange år og det er hobbyen hans. Vi ser at nokre av dei andre gjer det innimellom. Lewis Hamilton gjer for eksempel ikkje det, seier Gulbrandsen.

Det er ikkje første gong dei to har møttest i virtuelle løp. Den nederlandske superstjerna har tidlegare vore ute og fullrosa den norske konkurrenten sin.

– Køyringa hans er allereie på eit veldig høgt nivå, elles ville han ikkje vore der han er nå. Men det vakre er at potensialet er uavgrensa, men også ukjent, sa Verstappen om Steinbråten våren 2023.

Publisert 23.01.2025, kl. 14.19

Read Entire Article