I vinter oppdaga Statens naturoppsyn tilfeldigvis mange bilspor på isen på dette vatnet.
Dei rykte ut til staden nokre dagar seinare, sikra seg bilde og video av situasjonen, før dei kontakta førarane.
21 personar blei melde til politiet for ulovleg køyring på Sævellavatnet mellom Tysse og Eikelandsosen aust for Bergen.
No har kvar enkelt fått 12.000 kroner i bot for brot på motorferdselslova om ferdsel i utmark og vassdrag.
– Eg synest det er synd. Det var ikkje alle som visste at det ikkje var lov, seier ein av dei til NRK.
Torsdag har førebels seks godtatt bota, medan seks har nekta å vedta ho.
Her køyrer bilane lovleg på isen.
Synest straffa er for streng
Han vart «tatt på senga» då han køyrde opp frå det islagde vatnet.
– Dei kom mannsterke. Fem stykke. Og gjekk rett på utspørjing.
Han seier bilførarane hadde høyrd at grunneigaren meinte det var greitt at dei køyrde på isen.
– Difor trudde vi det skulle gå greitt. Eg slit litt med å sjå kva som er så gale med dette.
Han reagerer på at bilistane ikkje fekk ei åtvaring før dei vart melde til politiet.
Eit ukjent forbod?
Politiet sende i februar ut ei pressemelding om at slik aktivitet er ulovleg.
– Vår erfaring er at mange ikkje kjenner til dette forbodet, sa politiadvokat Sigrid Sulland då.
Ho presiserer at grunneigarar ikkje kan gje fritak frå lova.
Få dagar etter at naturoppsynet tok dei 21 bilistane på fersken, gav Bjørnafjorden og Samnanger kommunar likevel midlertidig løyve til å køyre på isen på dette og eitt anna vatn.
Men kort etter trekte Statsforvaltaren løyvet tilbake.
Styremaktene kan tillate motorferdsel i utmark i enkelte tilfelle, som til dømes næringsverksemd.
– Men det skal avgrensast til det heilt nødvendige. Slik type leik og moro blir litt feil, meinte Statsforvalteren Vestland.
– Rotete
Den bøtlagde bilisten synest det har vore ein rotete situasjon.
– Det er rart at det vart lovleg nokre dagar etter vi vart melde til politiet. Og så blir det ulovleg igjen nokre dagar seinare.
Han vart difor overraska då han fekk førelegget førre onsdag.
– Etter at det blei lovleg, venta eg jo ikkje at det skulle kome ei bot.
Han har godtatt bota, men med ein bismak.
– 12.000 kroner er standard
At folk ikkje kjende til forbodet, er ikkje eit argument for å sleppe straff, ifølge politiet.
– Ein blir ikkje fritatt for straff fordi ein ikkje veit om lova, seier politiadvokat Sulland.
– Størrelsen på førelegget er gitt med utgangspunkt i det lågaste nivået for brot på motorferdselslova, legg ho til.
Statens naturoppsyn viser til at bøtedirektivet er fastsett av påtalemakta.
– Reine brot på motorferdselslova skal meldast til politiet. Ved motorferdsel på snødekt, islagt føre er eit førelegg på 12.000 kroner standard, forklarer seksjonsleiar Ole Morten Sand.
Han seier dette er likt i heile Noreg, for alle som blir tatt for anten snøskuter eller køyring med ATV eller bil på islagt vatn.
Ole Morten Sand i Statens naturoppsyn.
Foto: PrivatPublisert 26.03.2026, kl. 22.08 Oppdatert 26.03.2026, kl. 22.19









English (US)