Ein av tre tyskarar seier at innvandring skadar landet.
Publisert: 27.11.2024 20:00
Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.
Regjeringskoalisjonen til sosialdemokraten Olaf Scholz er inne i sine siste dagar. 16. desember skal han stille kabinettspørsmål i den tyske forbundsdagen. Det ligg an til nyval i februar neste år. Slik det ser ut på meiningsmålingane no, vil Tyskland då oppleve eit kraftig rykk til høgre.
I haust stemte om lag 30 prosent av veljarane i dei austtyske delstatane Brandenburg, Sachsen og Thüringen på det delvis høgreekstreme partiet Alternativ for Tyskland (AfD) i lokalval. Partiet er svært omstridd, og i tysk offentlegheit blir det ofte omtalt primært som eit austtysk fenomen.
Ein ny studie frå Universitetet i Leipzig tyder på at partiet òg har stort potensial i vest.
Få ekstremistar
Det som er kjent som autoritarisme-studien, vart første gong gjennomført i 2002. Sidan er han blitt gjentatt annakvart år. I den ferske utgåva er eit representativt utval på 2504 personar intervjua om kva dei tenkjer om demokrati, nasjonalitet, innvandring, jødar, konspirasjonstenking og kvinner.
Føremålet med studien er å kartleggje i kva grad ytre høgres tankegods har oppslutnad blant folk i Tyskland. Det har det i liten grad.
Leipzig-forskarane er komne fram til at om lag 4,5 prosent har det dei kallar eit høgreekstremt verdsbilete. Det vil seie at dei både er antidemokratar, nasjonalsjåvinistar, antisemittar, er vidopne for konspirasjonstenking og i tillegg er kvinnefiendtlege. Men oppslutnaden om nokre av ytre høgres kampsaker aukar. Dette gjeld særleg for synet på innvandring.
Ein av tre
Ein av tre tyskarar er einige i påstanden «den einaste grunnen til at utlendingane kjem hit, er at dei vil utnytte velferdsstaten vår». Like mange er einige i påstanden om at mange utlendingar gjer at Tyskland blir überfremdet. Ordet überfremdet blir, direkte omsett til norsk, over-framand. Det er ikkje eit ord som er del av daglegtalen, men eit kampomgrep for ytre høgre.
Forskarane har òg stilt fleire andre spørsmål om innvandring, og dei er komne fram til at 19,3 prosent av vest-tyskarane har det dei omtalar som eit fasttømra framandfiendtleg verdsbilete. Det er ein kraftig auke sidan 2022, som var sist gong autoritarisme-studien vart publisert. Den gongen var talet 12,6 prosent blant vest-tyskarane. I aust står dei framandfiendtlege haldningane langt sterkare. Her har 31,5 prosent eit framandfiendtleg verdsbilete, ifølgje autoritarisme-studien.
I eit intervju med radiokanalen Deutschlandfunk sa Oliver Decker, som er direktør for Senter for studium av høgreekstremisme og demokrati ved Universitetet i Leipzig, at motstanden mot innvandring ser ut til å mobilisere sterkare politisk enn før. Han seier òg at tala i studien tyder på at ytre høgrepartiet AfD kan gjere langt betre val i vest enn ekspertar hittil har trudd.
Tyskland har hatt høg innvandring det siste tiåret. Meir enn éin million menneske kom til Tyskland i samband med flyktningkrisa i 2015. Sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022 er meir enn éin million flyktningar komne til landet. Også i eit land med 83 millionar innbyggjarar er innvandringa merkbar. Men det store fleirtalet, to av tre tyskarar, har ikkje framandfiendtlege haldningar.
Ei tid med uro
Forskarane bak autoritarisme-studien arbeider med utgangspunkt i Frankfurterskulen sin kritiske teori og byggjer på filosofen Theodor Adornos arbeid om den autoritære karakter. Framveksten av fascismen i Europa på 1930-talet blei forklart sosialpsykologisk. Fascismen og høgreekstremismen opererer med strenge hierarki.
Den som sluttar seg til, er gjerne underdanig mot autoritetar og aggressiv mot dei som står utanfor fellesskapen, eller dei ein reknar som lenger nede i hierarkiet. Forskarane frå Leipzig skriv om ein autoritær impuls som blir utløyst i urolege tider.
Og nettopp no er Tyskland inne i ei svært uroleg tid. Då koronapandemien var over, vart landet kasta inn i ei energipolitisk krise. Sidan har økonomien gått trått.
Den viktigaste eksportnæringa, bilindustrien, er i vanskar. Det er venta at ein av sju arbeidsplassar i bransjen vil forsvinne dei neste åra. Krigen i Ukraina gjer at landet rustar opp, samtidig som mange er redde for at Tyskland skal bli drege endå djupare inn i krigen. Valet av Donald Trump til USAs president skapar endå større uvisse.
Dermed er det all grunn til å tru at dei autoritære impulsane også vil bli trigga i tida som kjem.
Dei alle snakkar om
Den tyske valkampen er alt i gang. På meiningsmålingane er kristendemokratane CDU/CSU største parti, med rundt 33 prosent. Partiet har valt ein langt meir konservativ kurs enn i den sentrumsorienterte Angela Merkels dagar. Då han vart vald, sa partileiar Friedrich Merz at han skulle vinne tilbake dei veljarane partiet hadde mista til AfD.
Den kampen har han mellom anna ført gjennom utfall mot ukultur blant muslimske menn og ukrainske «sosialturistar». Merz' kristendemokratar har styrkt seg, men det har òg AfD gjort. For tida har partiet ein oppslutnad på rundt 20 prosent på nasjonale målingar.
Det er likevel svært usannsynleg at AfD vil bli invitert inn i regjeringssamtalar. Alle dei andre partia har vedtak om ikkje å samarbeide med AfD. Det blir omtalt som ein brannmur, og han gjeld både for nasjonal- og lokalpolitikk.
AfD vil halde fram med å vere partiet alle snakkar om, og som ingen snakkar med. Den nye tyske kanslaren vil finne sin koalisjonspartnar i eitt eller fleire av partia i den sitjande regjeringa.