Påska er knapt over, men Harpefossen skisenter ved Nordfjordeid i Vestland har allereie starta kronerulling.
Denne vinteren var anlegget berre ope 40 skidagar. I ein «normal» skisesong er det køyring dobbelt så mange dagar.
Sidan slutten av vinterferien har det ikkje vore mogleg å halde anlegget ope. Til tider har området sett meir ut som ei fotballbane enn ein skibakke.
– Det er heilt grønt i bakken, seier dagleg leiar, Vidar Haugland.
Det var slutt på skiaktiviteten tidleg i år ved Harpefossen skisenter.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKDen elendige vinteren gjer at skianlegget no er på «tiggerunde» blant lokale verksemder.
Så langt har anlegget fått inn rundt 500.000 kroner, men det er ikkje nok.
– Vi treng ein million til. Utan frisk kapital så klarer ikkje vi å starte opp igjen til neste år, seier Haugland.
70 dagar mindre enn «normalt»
Denne vinteren har dagleg leiar i Ørsta skisenter, Gunnar Knutsen, kunne sagt «mot normalt» nærmast dagleg.
– Det har vore sørgeleg, rett og slett.
Dei 7–8 dagane anlegget heldt ope var for fleire månader sidan, i januar.
– Kva skjedde etterpå?
– Då har det vore fredeleg. Vi har hatt litt vedlikehald, men ikkje noko skiaktivitet.
Gunnar Knutsen i Ørsta Skisenter.
Foto: Arne Flatin / NRKI påska kunne ein høyre lyden av vårfuglane som er tilbake igjen. Lyden av slalåmsvingar og barnelatter i skibakken var fråverande.
– Har du opplevd noko liknande?
Han tenker seg om.
– Det har blitt sagt at det var ein slik vinter på 90-talet. 1992 kanskje.
Ørsta skisenter har opplevd ein fredeleg sesong med lite aktivitet.
Foto: PrivatMåtte stenge før påske
NRK har vore i kontakt med fleire skisenter som har avslutta sesongen tidleg på grunn av mildvêr.
Det hjelpte heller ikkje at påska kom seint.
Dagleg leiar ved Furedalen skisenter på Kvamskogen, Jan Guttorm Skeie, seier at påska – som i år vart «avlyst» – normalt kan utgjere 25 prosent av omsetninga.
– Påska er høgtid. Det er då vi trekker mest folk og har mest besøkande.
Men også anlegg som klarte å halde ope i påska har tapt omsetning.
Jølster skisenter i Sunnfjord kommune er ein av fleire anlegg som har hatt for lite snø i vinter. Dette biletet er frå mars i år.
Foto: PrivatStore utfordringar med lite snø
Generalsekretær i Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, Camilla Sylling Clausen, fortel at mange anlegg starta opp ny snøproduksjon i mars.
– Det er så vidt eg veit første gongen det har skjedd. Det er svært kostnadskrevjande, så med auka utgifter og sviktande inntektsgrunnlag seier det seg sjølv at det er ein krevjande sesong vi nå legg bak oss.
Ho etterlyser ordningar for driftsstøtte til kommersielle og ideelle anlegg, på linje med dei kommunale støtteordningane for svømmehallar og fritidsklubbar.
Ho legg til at fleire av skianlegga «gir enorme ringverknader i form av arbeidsplassar og lokal aktivitet».
– Alpinanlegga er viktige arenaer for folkehelse, leik og meistring i lokalsamfunna. Vi håpar ordførarane i alpin-kommunane engasjerer seg og ser viktigheita av å halde liv i dei mange anlegga, også i krevjande tider.
Tredje beste sesong
Biletet er likevel ikkje eintydig.
Oddvar Bratteteig ved Røldal skisenter i Ullensvang i Hardanger seier besøket har vore 40 prosent lågare enn normalt. Men bra besøk tidlegare i vinter gjer at anlegget alt i alt er nøgd med sesongen.
Anna Bryn er leiar for heisar og løyper i Voss Resort. Der har dei hatt ein av sine beste sesongar nokosinne.
– Januar og februar sette omsetnings- og gjesterekord, så det var gode månadar.
– Mars var litt mildare, men heldigvis fekk vi sol i påska, så vi er totalt sett nøgde.
Anna Bryn ved Voss Resort er ein av få som kan smile etter ein uvanleg skisesong.
Foto: PrivatPublisert 23.04.2025, kl. 18.26