DEBATT: Som ung trafikant ser eg ofte kor lett det er å gløyme alvoret med trafikken. Dei siste månadene har media skrive mykje om ulukker der mobilbruk og høg fart har vore ein del av årsaka. Det viser at problemet ikkje berre handlar om teknikk, men om haldningar.
Malin Sunde Nilberg
St. Olav vidaregåande skole
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Det har blitt normalisert å ikkje ta trafikken like seriøst, spesielt etter at ein har bestått førarprøva. Ansvarskjensla som ein lærte i opplæringa forsvinn ofte når kvardagen kjem. Noko som gjer småfeil og slappe vanar ein del av køyringa, og dei kan fort føre til alvorlege konsekvensar.
Ikkje alle er uaktsame med vilje. For mange handlar det om uvanar som har sett seg. Eit klassisk døme er bruken av blinklys. Nye trafikantar brukar blinklys aktivt fordi det framleis kjem naturleg etter opplæringa. Men for eldre sjåførar kan det å blinke seg ut av ei rundkøyring, eller varsle eit feltskifte gå rett i gløymeboka.
I det augeblikket haldningane blir slappe, blir også tryggleiken det. Med slappe handlingar meiner eg blant anna at ein tolererer litt for høy fart, utset blinklys til siste sekund, eller tenkjer «det går sikkert bra denne gongen». Når slike tankar blir vanlege, flyttar ein gradvis grensa for kva som kjennest trygt og akseptabelt i trafikken.
Tenk om piloten skrolla …?
Samtidig finst det også sjåførar som er uaktsame med vilje. Dei veit at det dei gjer er farleg, men tar likevel sjansar. Det kan vere å køyre litt for fort fordi dei «skal berre nå noko», eller å sjekke mobilen sjølv om dei er klar over risikoen. Når folk bevisst set eigne behov over tryggleiken til andre, viser det kor djupe haldningsproblemet eigentleg stikk.
Mobilbruk er kanskje det mest alvorlege dømet på dette. På eitt sekund kan ein bil køyre mange meter, og mykje kan skje på den strekninga. Likevel vel mange å sjekke ei melding, sende ein Snap, eller berre ta eit kjapt blikk ned på skjermen. Dei fleste har ein negativ reaksjon når dei ser ein sjåfør bruke mobilen, men reaksjonen stoppar ofte der. I praksis har mobilbruk blitt så vanleg at det sjeldan får reelle konsekvensar sosialt, sjølv om vi veit kor farleg det er. Det burde skremme oss.
Vi ville aldri godtatt at ein bussjåfør eller pilot sat og skrolla mens dei jobba. Kvifor senkar vi krava når det gjeld vanlege sjåførar? Verst av alt er at desse haldningane ikkje berre utset sjåføren sjølv for risiko, dei set også livet til andre i fare. Fotgjengarar, syklistar og passasjerar har ingen sjanse dersom ein bilførar mister kontrollen i nokre sekund. Haldningar er derfor ikkje eit lite personleg problem, men eit samfunnsproblem.
Mange ulukker kunne vore unngått
Til trass for strenge reglar og klare konsekvensar, skjer det framleis mange trafikkulykker som kunne vore unngått. I dag er det forbod mot å bruke mobil bak rattet, og brot på trafikkreglane kan føre til bøter, prikkar på førarkortet og i alvorlege tilfelle tap av førerett. Likevel viser ulykkesstatistikken at reglane åleine ikkje er nok dersom haldningane ikkje endrar seg. Nokre vil seie at vi allereie har nok reglar, og at folk må få ta ansvar sjølv. Men om haldningane faktisk hadde vore gode nok, ville vi ikkje hatt så mange ulykker som kunne vore unngått. Eit samfunn som aksepterer vanar og bevisst risikotaking bak rattet, aksepterer også konsekvensane. Vi må slutte å late som om dette ikkje er eit problem.
Trafikken treng ikkje fleire reglar, han treng betre haldningar. Det startar med å innsjå at eit blikk mot mobilen, ein gløymd blink eller eit lite fartsbrot faktisk kan vere nok til å endre liv. Kjærleik til fart og skjermbruk må aldri bli viktigare enn tryggleiken til menneska rundt oss.
Publisert:
Publisert: 5. februar 2026 16:34

1 hour ago
2




English (US)