Fylkesveg 51 over Valdresflye var tidvis heilt uframkommeleg den første dagen i påskeveka.
Finvêret og skiføret i på 1300-meters høgde fekk skulda for den store utfarten. Litt mindre knallvêr-utsikter for tysdagen, gjer at Vegtrafikksentralen håpar det blir mindre trøbbel i dag.
– Vi har ikkje meldt så fint vêr i dag som det var i går. Så vi får håpe at kanskje folk finn på noko anna, eller vel ein annan skitur, da.
Det seier Trude Lindstad, som er trafikkoperatør i Vegvesenet.
Slik såg det ut på Valdresflye måndag.
Foto: Gunnild Viken / NRK- Palmelaurdag starta problema, då påsketuristane parkerte langs vegen for å gå på ski.
Bilar over natta
Bileta frå Vegtrafikksentralen sitt webkamera på Fylkesvegen over Valdresflye viser at trafikken alt er i gang i morgontimane tysdag.
Då vegen opna etter nattestenging var skituristane på plass. Og fleire bilar har stått der over natta, fortel Lindstad.
– Nokon få biler står parkert, men dei ser ut til å stå i dei lommene som er tilgjengelege, seier ho.
Bileta frå Vegvesenet sitt webkamera viser skituristar på veg ut.
Foto: Statens VegvesenMåndag måtte politiet kallast til fylkesvegen for å få orden på situasjonen. Det kan bli aktuelt igjen dersom det blir kaos på nytt. Vegvesenet er i løpande kontakt med dei.
– No får vi berre håpe at det blir ein rolegare dag, og at alle kjem seg dit dei ønsker. Og har litt omsyn til kvarandre og trafikken og ikkje minst trafikksikkerheit, seier Trude Lindstad.
Også på Vestlandet blir det meldt om trøbbel på fjellovergangane, og dei ber om at folk brukar oppmerkte parkeringsplassar.
Slik såg det ut på Valdresflye rundt klokka 15.30 måndag. Då hadde korken begynt å losne.
Foto: Even Lusæter / NRK- Rett før påske vart det meldt om at folk ville til fjells, trass i sein påske.
Publisert 15.04.2025, kl. 09.54 Oppdatert 15.04.2025, kl. 10.26