Etter tiår med regn og solskin fell ein heil skog langs Jølstravatnet i Vestland.
– Det er mange oppdrag, seier Tarje Kusslid idet han velter ei ny gran.
Nye tal frå SSB viser at det vart hogge heile 15,5 millionar kubikkmeter tømmer i 2025. Dette er den høgaste hogsten som nokon gong er registrert i Noreg.
Samstundes har prisane skote i vêret. Ikkje sidan 1990 har norske skogeigarar fått betre betalt for tømmeret sitt.
Men medaljen har ei bakside.
Medan råvarene blir selde dyrt til utlandet, blør den andre enden av verdikjeda: For treforedlingsindustrien er dei høge prisane ein direkte trussel mot konkurranseevna.
– Det er lite lokal industri og i og med at det er globalt underskot på tømmer, så er det gode moglegheiter i denne næringa, seier Ingunn Tjeldstad frå Fjordtømmer.
Foto: Nils Ole Refvik / NRK– Bekymringsfullt at vi blir ein råvareleverandør
Dei siste to åra har store delar av byggindustrien vore gjennom rundar med permitteringar og konkursar.
Sagbruk over heile landet har i periodar stansa produksjonen grunna høge råvarekostnader og sviktande bustadmarknad.
– For treforedlingsindustrien utgjer tømmer ein stor del av kostnadsbiletet. At vi har hatt rekordhøge prisar gjennom 2025, er inga ønskt situasjon, seier Marit Holtermann Foss, fagsjef i Norsk Industri.
Ho gler seg over teikn til at prisane er på veg ned, men misliker tendensen til at Noreg «høgg for eksport»:
– Det er bekymringsfullt at vi blir ein råvareleverandør, framfor å vidareforedle tømmeret sjølv i Noreg.
Lav kronekurs dreg opp prisen
Øyvind Wang er administrerande direktør i Norges Skogeierforbund. Han lener seg på globale faktorar når han skal forklare ubalansen i marknaden.
– Rekordhogst og gode tømmerprisar er positivt for skogeigarane. Samstundes deler vi bekymringa for at det blir bygd for lite, og at treforedlings- og byggevareindustrien har hatt eit krevjande år.
Norske tømmerbedrifter har hatt tre gode år som toppa seg i 2025.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKHan viser til at høg rente og generell prisvekst har råka heile verdikjeda – ikkje berre trevirke.
– Vi ser også sterk internasjonal etterspørsel etter fiber, som gjer at meir tømmer blir eksportert.
– Det viser at norsk skog er attraktiv, men på sikt ønskjer vi meir foredling her heime. Det gir fleire arbeidsplassar, meir verdiskaping og betre beredskap.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Tor André Johnsen (Frp), medlem i næringskomiteen på Stortinget
«Høgare tømmerprisar er isolert sett veldig hyggeleg for norske skogeigarar. Men det er krevjande for dei som lever av å foredle tømmeret, symbolisert ved fleire konkursar og permitteringar det siste året. Det er også bekymringsfullt at vi eksporterer meir og meir tømmer. Det er eit teikn på at det er for få som driv med foredling her heime.»
John Trygve Tollefsen
Hege Espe, forbundssekretær i Fellesforbundet
Ein allereie pressa byggjeindustri har over lengre tid hatt ei ekstra utfordring i høge råvareprisar på tømmer. Dette gjeld òg treforedlingsindustrien. Noreg er i altfor stor grad ein råvareleverandør av skogressursar til resten av Europa, og då særleg Sverige. Det verkar òg som det er lite politisk vilje til å endre på dette.
Magnus Skatvedt Iversen / NRK
Erlend Larsen (H), medlem i næringskomiteen på Stortinget
«Vi må kunne glede oss over at skogeigarane har hatt god inntening og rekordstor hogst i 2025. Samstundes som vi også anerkjenner at høge prisar over tid vil vere ei utfordring for treindustrien og byggebransjen.»
Norges Skogeierforbund
Øyvind Wang, administrerande direktør i Norges Skogeierforbund
«Utfordringa framover er å kombinere aktivt skogbruk med rammevilkår som gjer det lønsamt å investere i norsk treindustri, slik at vi både kan hogge, foredle og byggje meir med tre i Noreg.»
Zero
Carsten Dybevig, direktør i Norske Skog
«Høge virkesprisar påverkar konkurranseevna til treforedlingsindustrien direkte. Vi opererer i ei svært internasjonalt konkurranseutsett bransje med periodevis låge marginar, der lønsemda er heilt avhengig av effektiv utnytting av råvarene og lågast mogleg kostnad på innsatsfaktorar som tømmer, energi og transport.»
Positivt for dei som skal bygge bustad
Direktør i Norske Skog, Carsten Dybevig, seier til NRK at han «deler vurderinga om at det som isolert sett er positivt for skogeigarane, kan vere krevjande for den vidare verdikjeda».
– Ei berekraftig og robust skognæring føreset balanse i heile verdikjeda, der både skogeigarar og industri har økonomisk grunnlag for å investere og utvikle seg vidare.
Han legg til:
– Økt eksport av tømmer er eit tydeleg signal om at det dei siste åra har vore meir lønsamt å selje tømmeret ut av landet enn å foredle det vidare i Noreg.
Medlem i næringskomiteen på Stortinget, Erlend Larsen (H), viser til at ubalansen skuldast ei rekkje forhold – «blant anna låg kronekurs og sanksjonane mot Russland».
– No ser det ut til at prisane er på veg nedover og at vi vil få noko meir balanse i verdikjeda.
– Det vil vere positivt for alle aktørane, og ikkje minst vanlege folk som skal byggje bustad.
Publisert 28.01.2026, kl. 13.00









English (US)